Kommentar:
Kanskje bør me satse meir på 17-åringane
– Det er ikkje så mykje som skjer for ungdommen her i Vest-Telemark, sa 17-åringane eg møtte på Dalen.
Og kanskje har dei rett i det.
Halloween-festen jentene arrangerte samla over 300 ungdom, men vart avslutta av politiet. Sidan dette var eit tilbod for dei under 18 skulle arrangementet vere rusfritt, men då politiet kom til kulturhuset i Kviteseid var det rusa mindreårige både inne i lokalet og utanfor.
Ein kan like det, eller ikkje, men det er forbode å selje, servere og gje alkohol til dei under 18 år i Noreg. Og det er ikkje utan grunn. Tidleg rusdebut gjer ungdom meir utsette for ulykker, seksuelle overgrep og rusmisbruk. Kommunane i Vest-Telemark bør derfor drive med rusførebyggjande arbeid. Og det er fleire måtar å gjere det på.
På Island hadde dei på 90-talet store utfordringar med alkoholbruk blant unge. Så store at dei måtte ta grep. Dei såg på kva som var risikofaktorar og kva for faktorar som gav vern, og oppdaga blant anna at ungdom som var aktivt med på fritidsaktivitetar i mindre grad rusa seg, enn dei som ikkje var det. Denne kunnskapen danna grunnlaget for ei storstilt satsing på fritidstilbod for unge. Gjennom dei siste tiåra har det offentlege i tett samarbeid med frivillige lag satsa tungt på idrett og fritidstilbod på Island. Det har gitt resultat. Talet på 15- og 16-åringar som drikk seg fulle har gått kraftig ned.
I det førebyggjande arbeidet på Island vart også foreldreengasjement vektlagt. For det å ha engasjerte foreldre var også ein vernande faktor. Kanskje ikkje så overraskande det heller.
Eg veit ikkje om denne enkle logikken frå Island kan overførast til Vest– Telemark, men eg trur jentene på Dalen har eit poeng. For det er kanskje ikkje så mykje som skjer for ungdom på 17 i bygdene våre. 17-åringane er liksom litt for store til å vere med på ein del av dei aktivitetane dei var med på før, og litt for unge til å hive seg med på vaksenaktivitetar. Derfor er det synd om resultatet av denne festen skulle bli færre arrangement for dei som er under 18. Dei burde helst hatt fleire tilbod. Så må det sjølvsagt skje innanfor lovlege rammer, og gjerne i samarbeid med politiet.
Tenk om gode krefter nå kan samle seg å finne på noko skikkeleg gøy saman med 17-åringane i Vest-Telemark. For ein ting er sikkert. Skal me nå måla om bygdevekst og rekruttering til offentleg sektor i åra som kjem, så er det akkurat desse unge me bør satse på. Dei som nå skal bestemme seg for kva dei vil bli, og kvar dei vil bu. Gode opplevingar i ungdomsåra er både helsefremmande og rusførebyggjande, og truleg vil det også gjere det meir attraktivt å flytte heim igjen.