Jon Aabø til minne – ord i minnekransen!
Minneord
Så hev livsferdi til Jon også kome til endes. Som veslebror var det vondt å få den bodskapen, og så mange tankar kjem fram i hugen. Han og Ingebjørg vitja oss i påska. Visst var han noko skranten, men at det skulle vera siste gongen eg såg han, var ikkje i mine tankar. Nott til 27. juni sovna han stille inn på Bygdeheimen i Valle, og 7. juli vart han lagd til kvile på kyrkjegarden ved Hylestad kyrkje etter eit langt og verksamt liv.
Jon og eg skilde berre to år i alder, og i uppveksten rekna me oss om lag som jamaldringar, og me heldt saman seint og tidleg. Me var båe fødde på Nigard Askje i Lårdal, han i 1942, eg i 1944. Frå før hadde foreldri våre, Hæge og Torbjørn, tri større born, gutar alle. Me var såleis sju i talet då me flutte frå Askje til Midtveit i 1950. Det var ein gamal, attlagd gard me kom til øvst uppe i Støylsdalen i Lårdal. Garden låg avsides til og var veglaus slik mange gardar i Telemark var den gongen.
Her var det mykje å taka fatt i. Nye hus laut byggjast, jord skulle dyrkast og dyr skulle trivast i stall og fjos. Her fekk me ei rik og gild barne- og ungdomstid. Eg og Jon var saman støtt. I fem år gjekk me saman på den vesle u-delte skulen i Smørklepp. Om vinteren tok me oss fram på ski. Stundom hadde det kome mykje nysnø, og då var det godt å hava ein storebror til å brøyte låmi. Elles vart skisporten ein av våre største interesser. Me stelte i stand hoppbakkar og gjekk upp langrennslåmir, og saman med bestekompisen til Jon, Birger, laga me til tevlingar. Og me mangla ikkje på namn. Kombinertløyparar som Kjetil Mårdalen, Sverre Stenersen og Simon Slåttvik gjekk att. Om vintrane var kvar kvadratmeter på jordet heime dekt av skispor. Me var saman om alt, og eg kan ikkje hugse at me krangla nokon gong.
Jon heldt fram med skisporten også i vaksen alder, og han hevda seg godt i krinsrenni rundt om i bygdene, og i 1962 tok Vest-Telemark skikrins han ut til å deltaka i NM for juniorar i Hønefoss. Han hoppa på ski også, men det var nok i langrennslåmi han var best. Gjennom heile livet heldt han seg i form. Etter at han og familien slo seg ned på Rysstad, trena han mykje og var støtt millom dei beste i skimiljøet i Setesdal.
Om sumrane hadde me fisketurar saman langt bak i Lårdalsheiane. I dei mange fiskevatni der var det mengdevis av fisk, både aure og tryte. Og fisken beit som oftast velviljug. Ein gong minnest eg at me låg på låven om notti på Strånd, ein attlagd, gamal heigard. Då kunne me prøve fiskelukka tidleg om morgonen.
Etter folke- og framhaldsskulen gjekk Jon to år på yrkesskulen i Lunde i Telemark og tok utdanning som tømrar. Dette vart yrket hans gjennom livet, og han sa alltid at om han skulle valt yrke på nytt, så hadde han valt det same. Han sparde seg aldri i arbeidet, og dagane kunne bli lange.
Det var tungt å fylgje Jon til gravi. Ein stod så fatig attende. No er eg den einaste attlivande av dei sju som flutte til Midtveit våren 1950. Ein etter ein hev falle frå slik livsens lov er. Ein fagnadmann hev gjenge til kvila. No gjeng tankane til Ingebjørg, Arild og Ingvill og alle dei næraste som er i sorgi og saknaden. Takk for alt, Jon!
Arne