Tahar Haddad, leiar i Tokke pensjonistlag, med årets pensjonist Jacques Booij.

Referat

Jacques er årets pensjonist i Tokke. – Ei drivkraft i friviljug arbeid

6.oktober skipa eldrerådet i Tokke til den årlege eldredagen som FN innførte i 1990. Føremålet med dagen er å skape merksemd rundt dei eldre menneska i verda sine behov, rettar og bidrag til samfunnet.

Arrangementet vart gjennomført på Tokke kulturhus med om lag 40 deltakarar. 

Leiar av eldrerådet, Tahar Haddad, ynskte velkomen, og leia samkoma. Han heldt også ei tale for dagen der bakgrunnen og føremålet med eldredagen vart understreka.

Beredskapskoordinator i Tokke, Finn Arne Askje, gav så ei orientering om eigenberedskap i heimane og delte ut ei brosjyre om temaet.

Nytilsett kommunedirektør i Tokke, Åge Verpe, orienterte frå kommunen si side og understreka det gode tenestetilbodet i kommunen, som han sjølv hadde erfart både i oppvekst, som småbarnsfar og som pårørande til gamle foreldre. Kommunen legg vekt på ein god eldreomsorg, som inkluderar ein meiningsfylt kvardag, der frivillige lag og organisasjonar har ei viktig rolle. 

Årets pensjonist i Tokke er ein pris som eldrerådet delar ut for å heidre personar som har bidrege ekstra for eldre i kommunen. Mottakar av prisen i 2025 vart Jacques Booij frå Skafså – opphaveleg med belgisk bakgrunn. I grunngjevinga for forslaget heitest det mellom anna at Jacques har vore ei drivkraft i friviljug arbeid i Skafså og i andre samanhengar. Han stend bak Tokke seniornett og anna aktivitet knytt til Tokke frivilligsentral.

Dessverre vart den som skulle underhalde med song og musikk sjuk denne dagen, og då vart det betre tid til å prate saman undervegs. Men då musikken svikta tok Gunstein Seltveit frå Skafså i mot utfordringa og underheldt med morosame skrønur frå fjern og nær. 

Maten var ein god gryterett med ris og salat levert av Dalen bistro, medan kakebordet stod kvinnene i eldrerådet bak sjølve. Nokre fekk også med seg blomar heim etter trekning av loddsal, og neste år er ny eldredagen planlagt lagt til 1. okt.

Ref: Olav Bjørn Bakken

Powered by Labrador CMS