Ja til turistskatt

Vestfold og Telemark KrF ynskjer at regjeringa opnar for lokalt fastsett turistskatt, der inntektene gjeng direkte tilbake til investering og drift av lokalt tenestetilbod.

Turisme har blitt ein viktig næring for mange lokalsamfunn. På godt og vondt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turisme kan gje store inntekter for lokalt næringsliv og private aktørar – men og store belastningar på lokal tenesteyting og infrastruktur levert av kommunen. Dei siste åra har ein sett bilete av forsøpla natur og redningsaksjoner fleire stader rundt om i landet som fortell oss at auka tal besøkande har ein synleg kostand. Ein kostnad som lokalsamfunna slit med å handtere.

I svært mange europeiske og amerikanske byer og tettstader vert turistane pålagt å betale ein særskilt turistskatt, oftast knytt til overnatting. Eksemplar på dette er New York, Venezia, Amsterdam, Berlin og i områda knytt til Middelhavet. Turistskatt vert kravd inn frå hotell, campingplassar, air-bnb aktørar og andre som tilbyr overnatting mot betaling. Oftast ligg avgifta på 1-2 Euro pr. person pr. overnatting. Dette er ein god ordning.

I dag kan lokalsamfunn innføre ein frivillig avgift, men det er ikkje høve til å pålegge alle aktørane i same område plikt til å ilegga slik avgift. Det krev ein lovendring.

Lokalsamfunn som er utsett for store belastningar, må og få høve til å teke omsyn til både turistar og eigne innbyggarar sine behov. Det kostar å sikre infrastruktur og fasilitetar, slik at lokalsamfunn kan ta imot gjestar på skikkelig vis. Det er difor ikkje unaturleg at turistar som kjem på besøk betalar sin del av dette.

Turistnæringa vil bli ein stadig viktigare næring for Noreg. Vi må syte for at næringa vert berekraftig, ikkje minst for lokalssamfunna som er vertskap for turistane som kjem hit. Norske kommunar og lokalsamfunn kan ikkje ta ansvaret for desse kostnadane aleine.

Vedteke på Vinje KrF sitt årsmøte 16. januar

Fleire lesarinnlegg finn du her