Ja til fleirmannsbustader i Rauland

I VTB 29.06.22 kunne ein lese at Vinje plan- og miljøutval har vedteke eit framlegg om å vera positive til søknaden om å etablere fleirmannsbustader i Rauland, og at ein ønskjer å legge til rette for dette bla. i Krontveitfeltet på bestemte tomtenummer.

Ifølgje VTB stiller rådmannen spørsmål om det er ynskjeleg med utstrekt oppføring av fleirmannsbustader til utleige og sal i eit kommunalt bustadfelt. Vidare: Viss kommunen gjev lov til at privatpersonar/firma kan bygge fleirmannsbustader for utleige i eit kommunalt subsidiert bustadfelt, vil kommunen miste styringa over bruken av desse. Kommunen har mål om 200 nye innbyggjarar. Vil det vera positivt i høve dette målet når det byggjast for utleige for arbeidsfolk, som i kanskje vekslande grad melder flytting til kommunen, i staden for privatpersonar som vil busetje seg permanent? Er det ynskjeleg å selje subsidierte kommunale tomter til utleigefirma i bustadfelt? Utleigeeiningar vil vanlegvis generere meir gjennomtrekk av folk og meir trafikk enn det reguleringsplanen legg til grunn. Vil dette i så måte vera uvesentleg?

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannens spørsmål er svært viktige. Vi er sterkt i mot at det vert etablert fleirmannsbustader i Krontveitfeltet (eller i andre kommunale bustadfelt). Det er allereie ein fleirmannsbustad og utleigehus i feltet. (I tillegg eit industribygg under oppføring i nedre del av nabofeltet Setali).

Bustadfeltet med kommunale (subsidierte) tomter var i utgangspunktet tiltenkt folk som vil byggje og bu i Rauland. Praksisen som har vore i Krontveitfeltet frå 2014 til i dag, har etter vårt skjønn vore stikk i strid med kommunestyrevedtak frå 2010.

Er det ynskjeleg med utstrekt oppføring av fleirmannsbustader til utleige og sal i eit kommunalt bustadfelt?

Vil det vera positivt i høve til målet om 200 nye innbyggjarar når det byggjast for utleige for arbeidsfolk, som kanskje i vekslande grad melder flytting til kommunen, i staden for privatpersonar som vil busetje seg permanent?

Er det ynskjeleg å selje subsidierte kommunale tomter til utleigefirma i bustadfelt?

Vi meiner svaret er nei på alle tre spørsmåla. Vi rår politikarane til å gå tilbake til retningslinjene for tildeling av kommunale tomter i tråd med kommunestyrevedtaket frå 2010, og å seie nei til bygging av fleirmannsbustader og utleigehus i Krontveitfeltet.

Rauland, 03.07.2022

Nelly Landsverk

Artikkelen held fram under annonsen.

Anton Lindgren

Åse Dyrvik

Lars Gardsteig

Magnhild Midtbøen