«Ja, men eg køyrer ikkje så fort eg»

Trafikktryggleik – nullvisjonsplan: Null skadde og drepne ved motorisert ferdsel i Vest-Telemark.

Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Vest-Telemarkrådet, kommunane og politiet har arbeidd fram planen, som legg opp til tre fellestiltak:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Bruke og utvikle haldningskampanjar retta mot ungdom og unge vaksne

2. Regional skyssordning på kveld og helg – «Trygt heim»

3. Innføre ordninga «nullvisjon Vest-Telemark», etter modell frå Agder

Planen blei presentert i Seljord kommunestyre 15.09. Alle gode tiltak er hjarteleg velkommen. Me har ingen å miste. Og me må ikkje gløyme ansvaret me «gamle» vaksne har for korleis haldningane hos barn, ungdom og unge vaksne blir forma. For dersom dei unge ser/høyrer at vaksne ikkje bryr seg om reglane, korleis skal me då forventa at dei yngre skal følge dei?

Eksempelvis, ein far refsa sonen sin for å køyre i ruspåverka tilstand. «Det gjer no du og», svara sonen. «Ja, men eg køyrer ikkje så fort eg», var far sitt svar. Me vaksne må også vere gode eksempel, ikkje bruke telefon mens ein køyrer, ikkje køyre når ein har drukke - til og med ta nøklene frå kompisen som vil køyre men ikkje kan gå rett. Ikkje minst, bruke bilbeltet.

Elisabeth Nordgarden