Ingebjørg Molfrid Ranheim.

Ingebjørg Molfrid Ranheim til minne

Minneord

Publisert

Ingebjørg Molfrid Ranheim vart fødd 13.02.1940 og døydde 31.12.2025. Ho opplevde sine barne- og ungdomsår på ein kyst - og øykommune, Hitra, sør for innløpet til Trondheimsfjorden. Der var ho fødd i Kvenvær sokn. I ungdomen gjekk ho på husmorskule og tok så hjelpepleieutdanning. Først fekk ho helseteneste på Frøya, seinare på Hitra. Ho gifta seg i 1966 med Kolbjørn Ranheim, som hadde utdanna seg til snikkar. Han var fødd i 1934, og familien slo seg ned på Hitra. Dei fekk fem barn: Einar, Oline, Bård, Anton og Kåre. Som snikkar søkte Kolbjørn Ranheim vaktmeisterstilling på Kvitsund Gymnas, og dei kom til Kviteseid i 1986.

Ressurs i lokalmiljøet

Ingebjørg Ranheim vart først trekt inn i kjøkkenjobb på gymnaset, men frå 1988 vart ho tilsett som hjelpepleiar på trygdeheimen og seinare på Kviteseid Omsorgssenter KOS. Som den sosiale og venlege personen Ingebjørg var, kom ho til å bety mykje for mange. I nabolaget gav ho ofte ei hjelpande hand. Såleis fekk ho kontakt med unge mødrer på Kvitsund, som hugsar henne med stor glede. 

Ingebjørg var oppteken av den åndeleg dimensjonen i livet. Ho hadde eit nært forhold til bøn og bibel, kvinneforeining og misjon. Dette hadde ho med seg frå heimemiljøet, der Kolbjørn hadde vore aktivt med då dei bygde Strøm bedehus på Hitra. Etter flytting til Kviteseid kom dei med på Kvitsund, Misjonshuset og kyrkja, og ho bidrog ofte med baking og stell til jolemesser og basarar. Ingebjørg var glad i salmar, som t.d.: Det er makt i de foldede hender.

Pensjon og siste leveår i Kviteseid

Ingebjørg og Kolbjørn Ranheim hadde gledd seg til pensjonstida. I fritida lika Kolbjørn å drive med måling på lerret. Som snikkar hadde han bygt det fine huset deira frå 1990 til 96. Han hadde sjølv grave ut tomta, skaffa dei beste materialar, og til slutt lagt inn kjele i kjellaren og ordna vassboren varme med røyr rundt i huset.

Ingebjørg Ranheim pensjonerte seg som 67-åring. Ho bestemte seg for å slutta på KOS då Kolbjørn blei sjuk i 2006. Han fekk behandling, men døydde sommaren 2009. Det blei ein ny situasjon for Ingebjørg. Ho hadde ikkje førarkort. Difor kjøpte ho seg ein firhjuling, som ho brukte i fleire år. Ingen av barna budde i Telemark, men ho klara seg bra i huset sitt med god hjelp frå heimesjukepleien.

Ingebjørg Ranheim hadde ein gong sagt: - Ho ville ikkje bu på KOS. Men så opplevde ho å få lunge-betennelse i september 2024. Då kom Ingebjørg inn på korttidsopphald, som seinare vart fast plass. Ho treivst frå første dag og sa at ho hadde det bra. Og alle barna var ikring henne dei siste dagane og timane.

Meldinga om at ho er ute av tida, fyller oss kjenningar og naboar i Kviteseid med sorg. Me vil sakne Ingebjørg som ein kjær venn; og takke ho for alt ho var, som ein stillfarande, hjelpsam og alltid trufast person. Me lyser fred over Ingebjørg Molfrid Ranheims gode minne. 

Olav Mosdøl

Powered by Labrador CMS