Hornisten si oppleving av Sundsbarmkonserten 2022

Korleis kan ein eigentleg skildre noko som er heilt vanleg, men også spesielt på same tid?

I går (sundag red. merk) var eg med som innleigd musikar på den tradisjonsrike advents-konserten med Seljord Songlag, koret til mamma – i heimbygda. Konserten er sponsa av Sundsbarm kraftverk, og er derfor vanlegvis inne i turbinhallen i kraftverket, der det er steinveggar i alle retningar, og ordentleg «katedral-etterklang».

Men av sikkerheitsgrunnar vert konserten i år flytta til Granvin kulturhus. Litt «nedtur» å ikkje få spele i steinhallen, men at songlaget vel å satse lokalt og leige inn sju musikarar som med unntak av meg sjølv held til i eller nært Seljord, trur eg sette ein unik spiss på nettopp denne tradisjonsrike konserten i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vert sjølv særleg imponert over Øivind, han var læraren min i naturfag og musikk då eg gjekk på ungdomsskulen. Ikkje berre stilte han sporty opp for å akkompagnere eit solostykke eg tok med, men han spela òg med på alt med ensemblet OG var solist på 3. sats av Mozart sin klaverkonsert nr. 14. Sistnemnde akkompagnert av ein særs lokal og velklingande strykekvartett, med Vidar, Rønnaug, Ragnhild og Helene. Inspirerande var det også å ha Jon i ensemblet, like godt på både kontrabass, fløyte og song.

Les også
«Finnes det et kor i Seljord?» stod det på mobilskjermen som Katya viste Kjell

Å spele ein slik konsert er ein heilt «vanleg» dag på jobb for meg som frilansmusikar. Eg får tilsendt noter, førebur desse og stiller opp til avtalt tid, men det gjorde inntrykk på meg, å vere tilbake for å spele på scena i same salen som på min aller fyrste konsert med Seljord skulemusikk i 1995(?), der eg var aspirant på kornett. Gunn (dirigenten), lur og oppdatert på relevant musikk som ho er, hadde arrangert melodien frå Japp-sjokoladereklama som gjekk på TV stadig vekk den gongen. Eit brasiliansk, samba-aktig og lettlært tema, tilpassa nivået til dei ulike aspirantane. Var det kanskje slik alt starta, for min del?

Oddbjørn, som dirigerer songlaget året gjennom, spela eg truleg sist med som dirigent på fellesseminar med Seljord og Flatdal skulemusikk i 1998, der han let meg som få månader tidlegare hadde bytta frå althorn til waldhorn, få sleppe til med «elefant-aktige» glissandoeffektar som slett ikkje stod i notane, men som fekk bli med inn i låta som elles hadde jungel-tematikk. Ein artig vri som sikkert gav meg underbevisst motivasjon til å fortsette å spele på instrumentet eg hadde bytta til.

Til konserten på Granvin hadde Oddbjørn arrangert stort sett alt som strykekvintetten+piano+horn skulle framføre i lag med koret, men sanneleg så kjende eg også her på mykje av den same kreative samarbeidsviljen i løpet av den korte innøvingsperioden me hadde (rettnok med hakket meir avanserte forslag til arrangering frå mi side enn elefant-lydeffektar denne gongen).

Korleis klarer ein å halde koken og ståpå-viljen, sjølv etter så mange år, enten ein er kormedlem, instrumentalist eller dirigent? Eg trur svaret ligg i gleda av å arbeide hardt mot eit felles mål, i vårt tilfelle å framføre resultatet til glede for andre. Og at ingen konsertar, sjølv med identisk repertoar, er like.

Konserten i går var ein «vanleg dag på jobb» for meg som musikar, i det eg sjølv gjorde. Men konserten gjorde inntrykk på meg som menneske, i å sjå og høyre kor mykje musikk og følelsar som kjem fram på scena og i salen, enten ein er korsongar, profesjonell musikar eller publikum.

Slike samlande tiltak har eg gjennom åra som frilansmusikar så langt fått oppleve i alle fylka i landet (pluss Svalbard), og eg blir berre meir og meir sikker på at alt heng saman. Ein treng eldsjeler som gjeng langt utover det som no enn måtte stå i arbeidsskildringa til ein musikar eller pedagog. Ein treng eit levande amatørkulturliv, spelestader og samlingsplassar.

Det som spring ut av slike kulturelle (og til dels økonomiske) investeringar, kan faktisk ikkje målast i kroner og øre. Det kjem samfunnet til gode på så mange måtar likevel, i form av samhald, inkludering, generell folkehelse. Ein må jamleg kjempe for at statsbudsjettet skal støtte kulturlivet tilstrekkeleg, men eg sikker på at alle som har opplevd eit arrangement som verkeleg har gjort inntrykk på dei vil vere einige i at det er det verd. (Sundsbarm kraftverk har iallfall skjønna det?). Takk for konserten, og takk for at eg fekk vere med!

Artikkelen held fram under annonsen.

Asgeir Søfteland

innleigd solist på walthorn til denne konserten

(Teksten blei fyrst publisert på Søfteland si Facebook-side og på Seljord songlag si heimeside)