«Hopp!» seier utbyggjarane, og så hoppar politikarane

I juni vart det vedteke at utbyggjarane skulle vera med å finansiere skibruer og nytt kryss til Holtardalen. Detaljane skulle vedtakast i kommunestyret torsdag 15.9.22. To dagar føre vart sentrale politikarar kalla inn til møte med utbyggjarane, og dermed var det gjort. Utbyggjarane slepp å bidra, igjen!

Les også
Snur for å redde omdømet – opphevar byggjestoppen i Rukkemo-Torvetjønn

Rundt årtusenskiftet, før dei store planane for hytteutbygging i Vinje vart vedtekne, ynskte politikarane å få til den såkalla «Trysilmodellen». Det er ein fellesgodemodell der tomteseljarar/utbyggjarar betalar inn ein prosentsats av tomtesalet til ei felleskasse. Pengar derifrå går til å betale kompensasjon til grunneigarar som stiller friareal, og til å utvikle reisemålet med aktivitetstilbod. I Trysil har dei blant anna bygd flotte sykkelløyper, for å utvikle tilbodet sommarstid. Flere grunneigarar i Rukkemo - Torvetjønnområdet var positive til dette, men nokre nekta. Dermed ville ingen vera med. I staden for å setje hardt mot hardt, godkjende politikarane utbygging utan Trysilmodellen som vilkår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siden den tid har utbyggjarane tent store pengar, medan kommunen har teke opp gjeld i fleire hundre millionarsklassa for blant anna å byggje kloakkanlegg og gang- og sykkelvegar for å handtere den store trafikken. Til og med nye skilt i skiløypene og løypekøyring må kommunen koste store delar av.

I samband med rulleringa av kommunedelplanen for Rukkemo–Torvetjønn i juni, vart det vedteke at det skulle innførast eit rekkjefylgjekrav for å finansiere fire nye skibruer og nytt kryss inn til Holtardalen. Dette gjaldt alle tomter der det ikkje var gjeve byggjeløyve, også dei 750 tomtene som var ferdig godkjende. Sum per tomt og prioritering av rekkjefylgjekrava skulle vedtakast seinare. I rådmannens framlegg til plan- og miljøutvalet måndag 12.9. og kommunestyret 15.9. var skibru over Farhovdvegen prioritert fyrst. Dette fordi svært mange frå heile planområdet nyttar den såkalla «Gazastripa» fyrst i skisesongen. Rådmannen hadde framlegg om alt frå 20.000 til 70.000 per eining/tomt. I staden for å sløyfe til dømes krysset til Holtardalen og eit par skibruer, skrinla altså politikarane alt. Til og med 20.000 kroner per tomt var for mykje å forlange!

Viss argumentet for å ikkje krevje innbetaling for dei 750 tomtene som skal byggjast ut er at det er «urettferdig», sidan utbyggjarane før ikkje har ytt noko, må ein koma i hug at det er dei same eigedomane som sel tomter no som før. Politikarane treng vel ikkje å fungere som utbyggjaranes forlenga arm til evig tid?

Irja Godal