Meiningar
Høgre og SV etterlyser konsesjonskrav for datasenter
(NPK-NTB): Høgre og SV vil innføre eit nasjonalt konsesjonssystem for datasenter. Dei meiner etableringane må vurderast opp mot kraftbehov og kva Noreg får igjen.
Det er registrert 113 datasenter i Noreg, og fleire selskap ønskjer å etablere nye anlegg. Datasentera lagrar, handsamar og sender data, og bruker store mengder straum.
– Vi vil ha eit nasjonalt konsesjonssystem. Det kan vere Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statnett eller andre som får dette ansvaret, seier Lars Haltbrekken i SV til Klassekampen.
I juni fremja fleire Høgre-representantar eit forslag om konsesjonskrav. Partiet viser til at datasenter ikkje er pålagde å gjere datakraft tilgjengeleg for norske verksemder.
– Det inneber at Noreg i praksis kan ende opp som leverandør til globale teknologiselskap, utan at norsk næringsliv, norske forskingsmiljø eller offentleg sektor får tilgang til den reknekrafta som blir produsert, åtvarar stortingspolitikarane.
Aleksander Stokkebø i Høgre seier partiet etterlyser meir nasjonal og strategisk tenking.
– Samstundes vil vi stille rimelege krav som sikrar at etableringane gir meir tilbake til lokalsamfunna og landet.
Eit mogleg krav er at utbyggjarane bidreg til å finansiere ny kraftproduksjon tilsvarande heile eller delar av forbruket.
Straumforbruket frå datasenter har auka med rundt 135 prosent dei siste fire åra og var i fjor 1,93 terawattimar, ifølgje NVE. Det svarer til rundt 1,5 prosent av det samla straumforbruket i Noreg.
(©NPK)