N/A: Hege Torunn Kovajord på tur til Flekstveit i Lårdal

Hege Torunn Kovajord – ei viktig eldsjel for bygda vår

Det er ikkje slik at ei såkalla «eldsjel» veks på tre i dagens samfunn. Heldigvis er det god tradisjon for å arbeide for fellesskapet i Lårdal, og me har difor fleire døme på dette fantastiske fenomenet i bygda vår.

Ei eldsjel vert definera som ei drivande kraft for og i ei sak. Det er ein person som yter det lille ekstra og som gjev tilbake til lokalsamfunnet sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne definisjonen er treffande for Hege Torunn Kovajord og hennar langvarige og gode innsats for «Dametrimmen» i Lårdal. Ho har vore primus motor for den vekentlege dametreninga i bygda heilt sidan ca. 2015, og har bidrege til at me har spreke damer i bygda og ikkje minst eit godt samhald.

Med jamne mellomrom har me fått ny dansekoreografi og nye styrkeprogram, der du skal halde tunga rett i munnen for å halde følgje. Her ligg det mykje planleggingsarbeid bak, og me veit frå sikre kjelder at opplegga er nøye planlagt og testa ut på førehand.

Kvar veke er det nærmast kamp om plassane, og påmelding skjer gjennom facebook-gruppa «Dametrening i Lårdal» (meld deg inn visst du har lyst!). Naturlegvis forheld me oss til prinsippet om «fyrstemann til mølla», men med heile 99 medlem frå Lårdal og bygdane rundt, er det ikkje rart at plassane ryk fort. Ryktet om ei god trening har altså spreidd seg.

Hege Torunn er vår alles personlege trenar, samstundes som ho gjev alt på trening sjølv. Ho motiverar, pushar, rettleiar og heiar oss fram. Me meiner difor det er viktig å trekkje fram det flotte og viktige arbeidet ho legg ned. Ho er verkeleg vår drivande kraft.

Samstundes vil me koma med ei oppmoding til alle som har eldsjeler rundt seg: ta godt vare på dei og gje dei ros. Alle som legg ned den lille ekstra innsatsen, fortener å høyre at dei gjer ein god jobb. Det er oppskrifta på eit godt miljø, og ikkje minst slik ein kan klare å motivere eldsjelene vidare og forhåpentlegvis skape nye.

Til slutt vil me rette ein stor takk til deg, Hege Torunn! Me er så takksame for at du stiller opp kvar veke og vil trene oss. Utan deg hadde me mangla eit treningstilbod for damene her i Lårdal, og det hadde vore lite aktivitet på Grendehuset. Me håpar du finn motivasjon og glede i å arrangere trening i åra framover, for me kan verkeleg ikkje miste deg og ditt gode humør.

På vegne av alle dei flotte damene på dametrimmen i Lårdal

– Stolt Lårdøl