Geirr Lystrup
Minneord
Det var ei vond melding å få at Geirr Lystrup er død.
Me har sett på alle reaksjonar på nasjonalt nivå etter det blei kjend, og også her i Vinje har me kjend på sorga over at ein så stor trubadur og eit så gildt menneske ikkje er blant oss lenger.
Eg har hatt gleda av både å ha samarbeidd med han og etter kvart kunne rekne han som ein god ven.
Vinje Songlag har saman med Geirr ved fleire høve oppført «Stjerna fra øst», ein slag fabel om jomfru Maja og Ongen, lagt til eit vinterleg landskap på Taigaen. Geirr skreiv 18 songar til gamle russiske folkemelodiar, og verket er oppført tallrike gonger over heile landet.
Det var alltid sterkt å oppleve Geirr som arrangør og solist, og gjorde dette til eit varmt og nært alternativt joleevangelium.
I Vinje Viseklubb har me og ved fleire høve hatt gleda av samarbeid med Geirr, og særleg då me feira viseklubben sitt 20 års jubileum i 2022. Geirr hadde eigen solistavdeling, som vanleg med mange gode historiar, og i tillegg ei avdeling då han var solist saman med musikarane i viseklubben.
Me hadde håpa på fleire gode opplevingar saman med Geirr, vondt å tenke på at slik skulle det ikkje bli.
Vegard Omdal