Elegant sentralisering i Statkraft?

Tolv ordførarar frå Telemark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland sendte den 14. november eit brev til næringsminister Vestre med eit krav om at sentraliseringa av personell i Statkraft må stoppe. Prosessen har skjedd ekstremt raskt og har blitt ferdigstilt på omlag 14 dagar. Statkraft har vedteke formelt å flytte 30-40 personar som arbeider med større investeringsprosjekt og innkjøp frå regionkontora til hovudkontoret i Oslo. Oppmøtestad for dei tilsette vil ikkje bli endra.

Denne omorganiseringa medfører at nye stillingar innanfor både prosjekt og innkjøp i framtida vil kunne bli lyst ut med alternative oppmøtestader som til dømes Oslo, Sauda og Dalen. Arbeidsmarknaden i Oslo er mykje større enn Vest-Telemark og Ryfylke, og det er difor sannsynleg at mange av dei nytilsette i Statkraft dei neste åra vil bu i Oslo-området, fordi tilgangen til søkarar rett og slett vil vere større der. Når ein i tillegg får ansvar for å følgje opp prosjekt over heile landet, vil det sjølvsagt vere praktisk å bu i Oslo-området, fordi kommunikasjonane ut frå Oslo er særs gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ei slik organisering vil ei og ei stilling bli borte, utan at det merkast. Det er ein elegant måte å sentralisere på, sidan det skjer i det stille og utan støy.

Truleg kan ein oppnå omtrent det same gjennom ein matriseorganisasjon. Det inneber at folk er tilsett lokalt, men i større eller mindre grad rapporterer til ein sentral person i tillegg til noko kontakt med sin lokale leiar. Då sikrar ein lokal forankring og godt samarbeid.

Både konserndirektør for Norden Birgitte Ringstad Vartdal og direktør for region Sør Anneli Finsrud Nesteng har uttalt i Vest-Telemark Blad at Statkraft tvert imot styrker regionkontora med denne omorganiseringa. Dei hevdar at den legg til rette for å flytte oppgåver frå Oslo og ut i regionene, og at folk på regionkontora i større grad skal kunne søke stillingar ved hovudkontoret og samstundes halde på sin regionale oppmøtestad. Det blir også vist til at det skal investerast meir fram mot 2030, og at det difor trengst meir personell også lokalt.

Les også
Ordførarane fryktar omorganiseringa er fyrste steg mot nedlegging. – Snarare tvert imot, svarar regionssjefen

Kva skjer over tid?

Statkraft har dei siste 10-15 åra i stor grad auka talet på tilsette ved hovudkontoret i Oslo, medan regionkontora ikkje har hatt nokon slik vekst.

Vi ordførarar har eit langsiktig perspektiv på Statkraft sine arbeidsplassar i våre område. Vi vonar difor at forsikringane til direktørane i Statkraft er til å stole på, slik at det til dømes vil bu fleire tilsette i Statkraft i Vest-Telemark i 2040 enn i dag. Men vi fryktar at det motsette kjem til å skje.

Eit rettferdig grønt skifte

Vi skal dei neste tiåra gjennomføre ein overgang frå fossile til fornybare energikjelder. Dei fornybare energikjeldene til Statkraft vil også i framtida i stor grad ligge i distrikts-Noreg. Då bør selskapet legge til rette for at mykje av verdiskapinga i form av arbeidsplassar skjer i desse områda. Folk rundt i landet bør ikkje få det inntrykket at det grøne skiftet innan kraftbransjen inneber fleire arbeidsplassar i Oslo, medan distrikta berre sit igjen med driftspersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statkraft har ei satsing på nye forretningsområde, blant anna hydrogensatsing som er lagt til Oslo. Kunne den blitt lagt til industristaden Sauda? Kan den døgnbemanna Kraftsentralen i Oslo til dømes leggast til Dalen? I dag er Statkraft med og utvikle tre industriområde for stort kraftforbruk i kommunar nær kystlinja til Vestfold og Telemark. Kan Statkraft i større grad legge slike industriområde nær sin kraftproduksjon?

Slike spørsmål handlar om vilje i styret og konsernleiinga til lokal satsing.

Bør Statkraft delast?

Er Statkraft blitt så store at dei er i ferd med å gløyme kvar dei kjem i frå? Det er framleis kraftverka i Noreg som er viktige for overskotet til Statkraft.

Vil ei deling av selskapet i eit selskap for Norden/Nord-Europa og eit selskap for resten av verda, kunne føre til meir satsing på regionane?

Vi håpar at Statkraft tek sitt samfunnsansvar og legg til rette for utvikling av nye permanente arbeidsplassar nær der kraftverdiane blir skapt.

Jarand Felland

Ordførar (Sp) Tokke kommune

Artikkelen held fram under annonsen.