Meiningar
Ein kan godkjenne lån på fleire millionar i banken med BankID, men ikkje fornye passet til tenåringen
Politiet har kome med rullande passbussar og ein passkiosk slik at me bygdefolk kan få tilbod om å fornye pass og ID-kort ute i distrikta. Det er fint og flott, men ledige timar for denne tenesta er heller vrine å finne.
Difor bestilte eg for nokre veker sidan time for å fornye passet til tenåringen på Notodden no til fredag. Bare ein times køyretur unna.
At éin av foreldra må ta fri frå jobb for å følgje og køyre barnet, er sjølvsagt. Men at begge foreldra må møte fysisk på passkontoret for å gje samtykke til at barnet skal få pass? Det fattar eg ikkje!
I dag kan me godkjenne lån på fleire millionar i banken med BankID på mobilen, tinglyse ein eigedom, sjå pasientjournalen sin eller godkjenne skattemeldinga. Men ei digital samtykkeløysing for at ein 13-åring skal få fornya passet sitt, det finst ikkje.
Eg forstår at nokre foreldre ikkje er bestevener, og vil unngå å reise saman på passkontoret. Her har politiet ei løysing. Den føresette som ikkje følgjer barnet til passtimen, kan møte på passkontoret og gje samtykke før barnet og den andre forelderen kjem, faktisk inntil tre månader før. Men kunne far møte fysisk på det lokale politikontoret vårt i Seljord for å gje samtykke, spurde eg politiet. Nei, det er ikkje godt nok. Han må møte på eit passkontor.
Me må difor køyre 14 mil tur-retur mellom Kviteseid og Notodden. Begge foreldra må ta fri frå arbeidet.
Er dette god samfunnsøkonomi?
Fram til 1. november 2022 kunne ein ha med skriftleg fullmakt signert av den andre forelderen saman med kopi av passet når barnet skulle få gyldig legitimasjon. Frå denne datoen blei fullmaktsordninga erstatta av eit krav om personleg frammøte, slik at politiet kan kontrollere identiteten til den som gjev samtykke.
Det er på høg tid at Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet vurderer ei ny og meir tidsriktig forskrift for pass og ID-kort. La vaksne folk bruke BankID til digitalt samtykke her òg, og slutt å kaste bort arbeidstida og pengane til folk i distrikta.