Meiningar
Ei utarming av distriktspsykiatrien
Kommentar
Me har sett det før i Vest-Telemark. Dei mørke skyene over eit lokalt tilbod. Slik var det både for skogsleiren i Fyresdal og den vidaregåande skulen i Seljord. Tilbod som stadig var truga av nedlegging og som sakte, men sikkert, blei avmagra og til slutt blei historie.
Tysdag samlar lokalsamfunnet seg i Seljord. Dei skal gå i fakkeltog. Det gjer dei av fleire årsaker, som for å vise solidaritet med menneske som har det som mest vanskeleg psykisk – og fordi dette er den siste faste steinen i psykiatritilbodet i Øvre Telemark. Om det blir tome lokale i i Jacob Naadlandsveg er det vanskeleg å sjå at regjeringas opptrappingsplan for psykisk helse kan bli oppfylt i det som i areal er halve Telemark fylke. Det er nå ein reell frykt for at avstanden mellom sjukehuset og kommune og brukarar blir for lang.
Det er berre om lag eitt år sidan sist Seljord DPS blei «redda». Slike rundar er utmattande – både for brukarane og dei som jobbar der.
Sjukehusleiinga seier at døgnposten ved Seljord DPS må leggjast ned fordi dei ikkje får tak i overlege. Det høyrest i utgangspunktet ut som ei praktisk og nødvendig avgjerd. Men bak argumentet om rekruttering ligg ei utvikling som har gått føre seg lenge: ei utarming av distriktspsykiatrien i Vest-Telemark.
Dette starta ikkje i år. Først blei elleve døgnplassar/senger borte frå Seljord. Deretter blei poliklinikken flytta og Seljord blei eit utekontor under Notodden. Då blei det understreka frå leiinga at sengeavdelinga skal bestå. No er det nettopp desse siste ni døgnplassane som er i spel. Vest-Telemark kan stå igjen utan eit lokalt døgntilbod for dei som treng det mest – eit tilbod til dei sjukaste frå heile Telemark.
Døgnposten i Seljord er ikkje for dei som slit litt psykisk. Den er for menneske med alvorlege psykiske lidingar, personar i akutte kriser og pasientar med samansette sjukdomsbilete som krev tett oppfølging. Personar som både fagfolk og pårørande meiner ikkje berre kan bli plasserte i ei drosje med adresse Skien.
I Seljord får dei over tid ro, tryggleik og stabilitet i landlege omgjevnader når kvardagen ikkje spelar på lag. Til og med pårørande i Grenland er tydelege på at det å kome til Seljord har utgjort ein stor forskjell for pasientar.
Dei er ikkje så mange og dei ropar ikkje høgt. For desse mest sårbare pasientane handlar det ikkje om geografi, men om tryggleik – slik dei får ved avdelinga i Seljord. Det er ingen som set i tvil kvaliteten som er bygd opp over nesten 40 år i Seljord – tvert om.
Blant dei ni sengene i Seljord er det éi såkalla brukarstyrt seng. Denne har vore ei livbøye for menneske som lever med alvorlege psykiske lidingar. Denne senga kan dei med avtale, på ein ubyråkratisk måte tinge, til livet igjen kjennest trygt att. I sjukehusdirektøren si saksutgreiing finst det ikkje noko klart svar på korleis dette tilbodet skal vidareførast utover å «finne løysingar på kvar dette bør vera» og ein framleis dialog med kommunane. Formuleringa burde uroa alle som har ansvar for psykiatrien i Telemark.
Rekrutteringsvanskar er reelle, men ikkje unike. Dei same problema finst i mange delar av helsevesenet – utan at løysinga er å avvikle tilbodet. Me forstår at slike viktige behandlingstilbod over tid ikkje kan bli drifta gjennom vikarbyrå eller mellombelse løysingar internt, men det er likevel noko som skurrar om ein ser det frå utsida. Når ein kvalifisert søkjar som Katarina Dyszy Vik blir avvist, og fagfolk stiller spørsmål ved sjukehusleiinga si framstilling, er det lov å spørje om rekruttering berre er eit vikarierande motiv. Tidlegare overlege Ranghild Aarrestad, med 25 år bak seg i Seljord, meiner at potensielle og interesserte kandidatar har gloppe som fylgje av omstillinga av DPS sidan 2023.
Økonomien og leiarlønningar i helseføretaka har blitt mykje diskutert den siste tida. Det er, ifylgje sjukehusleiinga i Telemark, ikkje relevant i denne saka. VTB har likevel bede om innsyn i kva sjukehustoppane i Telemark tener – altså kva det kostar med kvalifiserte direktørar i 2025. Sjukehusdirektør Tom Helge Rønning tener 2,3 millionar i året, og tolv av tretten i leiargruppa hans har meir enn 1,5 millionar kroner i årsløn. Helseminister Jan Christian Vestre har forøvrig, ifylgje Aftenposten, vel 1,7 millionar kroner.
Me har også bede om ei oversikt over kva dei som sit i styret får i godtgjering: Styreleiar og nestleiar har høvesvis 306 800 kroner og 214 600 kroner i årleg godtgjering. Styremedlemmene har 156 400 kroner per år. Dei som sit i styret er: Anne Biering (leiar), Kine Jordbakke (nestleiar), Frode Myrvold, Per Christian Voss, Kahtan Al-azawy, Trygve Nilssen og Marjan Farahmand. I tillegg er fire vald blant dei tilsette.
Onsdag skal styret avgjera framtida til døgnposten ved Seljord DPS. På bordet ligg ei 15 sider lang utgreiing frå sjukehusdirektøren. Me forventar at styret stiller dei gode spørsmåla – slik at alt er svart ut før det blir tatt ei avgjerd, og slik at alle kan vera trygge på at det faktisk også i framtida er eit «forsvarleg og godt behandlingstilbod ved Sjukehuset Telemark».