Reisebrev del 3
Ei hjelpande hand til ungdom, og ein sterk ring kring jenter og kvinner
Frå 3. – 10. oktober har soknerådsmedlem i Øyfjell Åshild Dale vore på mobiliseringsreise for Kirkens Nødhjelp i Etiopia. Ho fortel om inntrykka frå turen i ein serie reisebrev.
Det er travle dagar og mange inntrykk. Me var innom samarbeidspartnaren til Kirkens Nødhjelp, Tamra. Der blei me mottatt med song, musikk, dans og blomar, og dei fortalde om prosjekta sine. Dei har både internett, PC-ar, bøker, dusj og toalett som ungdommane kjem for å bruke.
Me hadde eigentleg ei avtale om eit møte med biskopen, men som alltid var me seint ute. Ting tek lengre tid enn ein reknar med, vegen er ikkje så bra å køyre på, og så er me 13 ivrige deltakarar på mobiliseringsreise, og alle har så mange spørsmål og så lyst til å prate med alle, berre litt til da. Så det blei eit kort møte på eit hotell, så måtte han haste vidare. Men han fortalde at han vaks opp på landet, og med Kirkens Nødhjelp fekk han reint vatn til landsbyen sin.
Dagen eg grua meg mest til
Neste prosjekt var det eg har grua meg mest til på denne reisa. Omskjering av jenter og barneekteskap. Men dagen blei veldig bra, sjølv om det er eit alvorleg og forferdeleg tema.
Eg møtte nokre av dei modigaste jenter, mødrer og bestemødrer som er. I dag er det 65 prosent av jenter/kvinner som blir kjønnslemlesta i Etiopia. I område med konflikt er det meir vanleg med kjønnslemlesting og barneekteskap. Me var i Wosha Soyamawondo Genet, på besøk til Mekane Yesus-kyrkja. Der jobbar dei på tvers med forskjellige religiøse leiarar, leiar for kvinnene i området, hjelpeorganisasjonar og regjeringa. Det kom lov mot kjønnslemlesting i 2005 og lov om barneekteskap i 2000 som gjer det straffbart med fengsel og bøter, og me høyrde imamen, presten frå den ortodokse kyrkja, presten frå Mekane Yesus, leiar for kvinnene i lokalsamfunnet og advokaten seie det same: Det er straffbart med kjønnslemlesting og barneekteskap. Det står ikkje i Bibelen at dette skal gjerast. Dette har ingenting med religion å gjere. Det var sterkt å sjå alle religiøse leiarar og menn som slo ring rundt jentene og kvinnene i lokalsamfunnet sitt. Og ikkje minst at leiarar frå forskjellige religionar jobba saman om dette.
Eit av dei sterkaste møta eg har hatt i livet mitt var her. Me gjekk rundt og helsa på alle saman, og prøvde å ha ei samtale. Ikkje lett når morsmålet er amarisk, og nesten ingen lokale kan engelsk. Men det kom ei gamal lita og skrukkete dame bort til meg og tok begge hendene mine i sine. Og me to hadde ei veldig fin samtale, ho på amarisk og eg på engelsk. Om vi ikkje skjøna orda, så skjøna me alt likevel. Hendene hennar bar preg av eit langt tungt liv, men var likevel så varme. Augo hennar var slitne, men likevel fulle av håp.
For å koma i kontakt med jenter og kvinner, så brukast det mykje tid på å gå og snakke med dei i friminutt på skulen. Ein bruker også sosiale medium og radioprogram. Jenter oppfordrast til å seie nei, og dei får også sanitærutstyr, som såpe og bind. I Etiopia er det vanleg at jentene har over 50 dagar fråvær frå skulen på grunn av manglande sanitærutstyr. Etiopia er delt inn i 13 regionar. Det jobbast med å bekjempe kjønnslemlesting og barneekteskap i 6 av desse. Håpet og målet er at det skal bli jobba med i alle regionar. Det er så flott og ikkje minst godt å sjå at det verkar. Og kor hardt og målbevisst lokalsamfunnet også jobbar for å få dette til. For å beskytte og hjelpe sine eigne jenter og kvinner.
Reise-helsing frå Åshild