Substantivbøyinga i talemålet: Ein dyrsku, den dyrsku'n, fleire dyrskuar, dei dyrskuan'. Dyrsku'n 2022: Yvonne Minde Pereira og Gunnar Haugo mønstrar telemarksku.

Ei grammatikalsk dyrskureise

I Seljord reiser me på dyrsku’n. Me seljordingar treng ikkje å fara så langt av stad før me nyttar ordet reise. I skuletimane rette me opp handa for å be om å reise på do. Dét gjorde me fram til innflytte lærarar lo av oss og meinte det rette var å spørje om å få på do.

Men altså – å reise på dyrsku’n fekk me lov. Korleis det var den tida då fesjået blei halde to dagar midt i veka veit me ikkje, men sidan folkefesten blei lagt til andre helga i september, var det skulefri fredagen. Skulle forresten berre mangle; ein slik høgtidsdag burde nesten vera raud på kalenderen, meiner somme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fesjået, ja. Denne framande ordbruken blei me fyrst kjende med på skulen. Fram til då hadde me berre høyrt om dyrsku’n. Målmedvetne lærarar snakka og skreiv om fesjå – utan at nemninga på nokon måte blei ein del av daglegtalen vår. Dei hadde sikkert eit poeng, for dyrsku, eller dyrskue, er ikkje å finne i nynorskordboka. Me får heller ikkje tilslag i «Norsk ordbog» (1873) av Ivar Aasen. Her må det leggjast til at salig Ivar heller ikkje hadde med substantivet fesjaa i verket sitt. Ikkje før i «Norsk ordbok» ved S. Schjøtt, utgjeven på Det norske samlaget i 1914, støyter me på ordet. Der er fesjaa forklart som dyrskue.

I boka «På godt norsk» av Magne Rommetveit, utgjeven på NKS-forlaget i 1981, er dyrskue omsett frå bokmål til det nynorske fesjå, utan at det har påverka den lokale språkbruken. Nei, då held me oss heller til «Det norske akademis ordbok» (NAOB). Der blir andre lekken i ordet, altså skue, forklart som mønstring, besiktigelse (jamfør likskue). Sitatet som NAOB nyttar er frå Eilert Sundt (1817–1875) som bruka ordet i «Blade til Fattigkommisionerne» i 1867.

Sjølv om dyrsku i bygdemålet heilt klart er hankjønnsform, er ikkje bokmålsordboka samd. Ho påstår at substantivet er inkjekjønn; altså «et dyrskue, det dyrskuet, flere dyrskuer, de dyrskuene». Men me tviheld på hankjønnet; altså ein dyrsku. Truleg har me gjort det heilt sidan svensken Johan Lindequist var statsagronom i Noreg. Stillinga hadde han frå 1855 til 1872, og han blir rekna som grunnleggjaren av statsfesjået i Seljord. At dyrsku’n blir skriven med apostrof tyder at her manglar det ein bokstav, altså e – dyrskuen. Verre er det ikkje.

Eit alternativ til både fesjå og dyrsku er nemninga forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) nytta om den type tilskiping. Han kalla det for nautemøte.

No står me framfor Seljordsdyrskuen. Då Vest-Telemark blad for nokre år sidan skulle samle inn dyrskuminne frå eldre folk i området, svara ei dame på bygdeheimen i Rauland: «Den aller morosamaste dyrsku’n var den i Høydalsmo». Det minner oss om at det tidlegare blei halde dyrsku mange stader, mellom anna på Mogen i Høydalsmo og på Dalen. Tokke historielag fortel på Facebook-sida si at den fyrste dyrskuen i Høydalsmo blei skipa til i 1876. Kring 1960 vart utstillinga med dyr avvikla, men arrangementet heldt fram som handelsmesse til kring 1970.

Heller ikkje i år er fesjået i Seljord det einaste dyrskuet i landet. Dyrskuet i Lyngdal gjekk av stabelen for ei veke sidan; den fyrste helga i september. Dette fesjået har, ifylgje heimesida deira, røter tilbake til 1857, altså året før det fyrste fesjået i Seljord blei halde. Ifylgje nettsida dyrskun.no blei altså det aller fyrste seljordsdyrskuet skipa til i 1858, og blei statsdyrsku frå 1866. Men noko i nærleiken av så stort som den tre dagar lange folkefesten på Dyrskuplassen har aldri noko anna dyrsku vore. Om arrangementsselskapet nyttar den bundne forma dyrsku’n i firmanamnet sitt, seier grammatikken – og vanleg språkbruk – at det heiter ein dyrsku og den dyrskuen.

God dyrsku!