Effektkøyring og konsekvensar

Som me alle veit, og får oppleva, så har effektkøyringa på vassmagasina vorte ein del av kvardagen.

Statkraft skal sjølvsagt tene pengar, og tilpassar seg marknad og etterspørsel så effektivt som råd. Det er godt forståeleg, Statkraft driv butikk!

Artikkelen held fram under annonsen.

I konsesjonen og avtalene frå 1960-64 så står det at vatna, i alle fall Totak og Våmarvatn skal vera fulle til 1. juli. Dette var viktig så Vinje såg fint ut med fulle vassmagasin til fellesferien starta, så turistane kunne få sjå Vinje i all sin prakt. Intensjonen var god og krava til grunneigarar og kommunale styre var gode for dei som bur her.

Når Statkraft skulle tene meir pengar og starte med meir effektiv køyring, så såg dei på nytt, med lupe, gjennom dei gamle avtalene. Det sto ingenting om når dei kunne tappe ned att vatna, sjølv om intensjonen var nettopp det at vassmagasina skulle vera fulle frå 1. juli og ut året.

2. juli tappar Statkraft ned att vatna – dei har fyllt krava!

Så startar ei veldig effektregulering, tappar ned kvar dag frå måndag til fredag, i helga er det mindre etterspørsel og forbruk, og vatna aukar att.

Så kjem variasjonane med nedbør og fylleevne på toppen av det.

Våmarvatn lir mest.

Så til poenget, min frustrasjon og fortviling, mitt håp om at Statkraft må byggje om anlegga sine slik at dei toler effektkøyringa.

Våmarvatn er oppdemt 8 meter. Sugerøret i sudenden, ei rørgate på 3 kilometer med eit fall på 295 meter, ned til Vinje kraftstasjon (Tokke 2). Sugerøret er større enn friløpstunellen som kjem i frå Totak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totak og Våmarvatn skal i prinsippet fyllast på vasstand, sidan det er friløpstunell mellom vatna. Det skjer ikkje. Tunellen frå Totak er for liten og klarer ikkje å fylle Våmarvatn like fort som dei tappar ned til Vinje kraftstasjon.

Når de ser på oversiktsbildet under, så ser de kor mykje vatn som skal renne gjennom Våmarvatn.

Alt vatn frå Ståvatn, Kjelavatn, Bordaslsvatn, Langesæ, Førsvatn, Venemo, Langeidvatn, Vatjønn, Songa, Bitdalsvatn og Totak – skal gjennom Våmarvatn! Altså enorme mengder vatn som skal gjennom vesle Våmarvatn.

Konsekvensane er store.

Alle grunneigarar og brukarar av Våmarvatn, har ekstra arbeid og omsut som fylgjer av effektreguleringa. Båtane ligg enten langt på land eller ligg å flyt, og vert skada.

Fisken mistar næringsgrunnlaget sitt, når oppdemt areal vert liggande brakk og tjurt over lengre tid så forsvinn næriningsgrunnlaget for fisken, dei har ikkje lengre dei gode beitetilhøva på grunnane, slik som dei hadde før.

Kva kan og bør gjerast:

Slik eg ser det er det einaste rette å lage ny tunell, mellom Totak og Våmarvatn. Og då meiner eg å lage ny tunell med stort nok tverrsnitt, ved sida av eksisterande tunell, då kan produksjonen gå som normalt utan påverkningar, samtidig som ny tunell vert laga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vonar Vinje kommune og Statkraft ser verdien i dette og tek tak i dette problemet.

Takk.

Knut Erik Jordstøyl