Meiningar

DPS Seljord – ein læringsarena og ei livline vi ikkje har råd til å miste

Lesarinnlegg

Publisert Sist oppdatert

Som sjukepleiarstudent kjenner eg på ei uro når DPS Seljord, distriktspsykiatrisk senter, står i fare for å bli lagt ned. Det handlar ikkje berre om struktur og økonomi, men om menneske, relasjonar og læring. Det gjev behandling nært der folk bur og fungerer som eit viktig bindeledd mellom kommunehelsetenesta og sjukehus. Eit DPS gjer at folk kan få profesjonell hjelp utan å måtte reise langt.

Pasientane som kjem til DPS Seljord, er sårbare og ofte dei som treng hjelpa mest. Mange har levd lenge med psykiske lidingar og har etablert trygge relasjonar til personalet. Dei kjende andleta og dei varme smila gjev omsorg, tryggleik og tillit – noko som for mange kan vere avgjerande for å takle kvardagen. Når livet vert utrygt, betyr det mykje å møte nokon som forstår deg og kjenner deg frå før.

For mange pasientar kan tilgang til ei seng vere det som hindrar ei krise. Særleg gjer dei brukarstyrte plassane ein stor forskjell. Dei gjev moglegheit til å søkje hjelp tidleg, finne ro og kome seg vidare før livet blir vanskeleg å handtere. Slike tilbod kan redde liv og gje menneske håp.

Eit DPS i nærleiken gjev òg tryggleik for dei pårørande. Når behandling skjer lokalt, kan familie og vener vere tettare på og delta aktivt i oppfylgjinga. Det gjer at fleire pårørande kjenner seg inkluderte i behandlingsprosessen, og reduserer belastninga for alle partar. I distrikta er DPS Seljord ei trygg hamn i vanskelege tider.

Men denne institusjonen er ikkje berre viktig for pasientane og dei pårørande – det er òg ein heilt avgjerande samarbeidspartnar for kommunane. Dei gjev råd, rettleiing og støtte til helsepersonell som står midt i krevjande situasjonar. DPS er ein fagleg sparringspartnar som gjev tryggleik for sjukepleiarar og andre i kommunehelsetenest. Dersom senteret blir lagt ned, vil det føre til endå større press på psykisk helsearbeid i kommunane. Det blir færre å spele på lag med, og meir ansvar vil falle på kommunane åleine. For mange sjukepleiarar kan det bli både fagleg og emosjonelt tungt å stå i, utan den støtta og rettleiinga. Med å leggje meir ansvar og tyngre oppgåver på kommunane, utan at ressursane følgjer med, er neppe eit lokkemiddel for å rekruttere fleire sjukepleiarar til Vest-Telemark og distrikta generelt. Tvert imot kan det skremme nye frå å søkje seg hit, og føre til at endå fleire vurderer å slutte.

Som student har eg lært utruleg mykje ved avdelinga i Seljord. Eg har fått sjå korleis ulike faggrupper samarbeider, korleis samtalar, miljøterapi og medisinsk behandling verkar saman, og kor viktig det er å møte menneske med respekt og tolmod – å sjå mennesket bak diagnosa.

Eit av måla med praksisen er å få auka forståing for samhandlingsreforma – det daglege samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. På DPS ser eg kor viktig relasjonar, kommunikasjon og koordinering er for å gje pasienten eit trygt og samanhengande tilbod. Men for at samhandling skal fungere, treng vi eit tilbod i nærleiken. Når avstanden blir for stor, blir samarbeidet svakare, og pasienten risikerer å hamne mellom to stolar.

Eg har dessutan fått ei djupare forståing av forsvarlegheitsmodellen, som seier at helsehjelp skal vere fagleg forsvarleg, tilgjengeleg og utført av personale med rett kompetanse. Som student lærer eg at dette ikkje berre handlar om kvar enkelt sjukepleiar sine handlingar, men òg om korleis helsetenestene er organiserte. For at vi skal kunne gje forsvarleg helsehjelp, må pasientar ha eit tilbod innan rimeleg avstand, og vi må få opplæring i korleis slik hjelp faktisk skal gjevast i praksis. Difor er det særs ironisk at eit senter som DPS Seljord, som oppfyller kjerneverdiane i forsvarlegheitsmodellen – nærleik, kompetanse og tryggleik – no står i fare for å bli lagt ned.

null

Dette paradokset blir endå tydelegare når ein tenkjer på satsinga på fleksisjukepleiarutdanninga på Notodden, som nettopp skal utdanne distriktssjukepleiarar – sjukepleiarar med kompetanse til å møte utfordringane i distriktsnoreg. Korleis skal vi kunne utdanne sjukepleiarar med forståing for samhandling og psykisk helse i distrikt, dersom praksisarenaene våre blir borte?

Mange studentar oppdagar i løpet av praksis ved eit DPS at psykisk helse er det feltet dei ønskjer å arbeide innan. Dersom denne arenaen forsvinn, mistar ein ikkje berre eit behandlingstilbod, ein mistar også rekruttering, inspirasjon og kunnskap for framtida.

Som framtidig sjukepleiar ynskjer eg å vere ein del av eit helsevesen som er nært, menneskeleg og forsvarleg. DPS Seljord viser meg kva dette faktisk betyr.Eg håpar verkeleg at denne læringsarenaen, den faglege tyngda og dei relasjonane som er bygd opp der, får bestå.

Merethe Jørgensdottir Reinskås,

4.års student fleksisjukepleie USN

Powered by Labrador CMS