Det opne ordskiftet

Av og til trykker VTB anonyme lesarinnlegg. Men aldri utan at avisa veit kven som er avsendar.

Lite gler ein lokalavis-redaktør meir enn eit engasjert ordskifte. I lang tid nå har det vore mange saker og tema som har gjort at stadig fleire brukar spaltene i VTB til å ytre seg. Og ekstra glad blir me når unge skriv. Det er godt å sjå debattane i 2021 også er i lokalavisa – og ikkje berre i sosiale medium.

Ytringar med sterke og engasjerte meiningar er ein del av samfunnsoppdraget til lokalavisa. Men me må gjera prioriteringar. Derfor kjem sjeldan stortingsrepresentantar utan tilknyting til regionen på trykk. Ein sjeldan gong opnar me for betente globale konfliktar lokale folk engasjerer seg i – sjølv om teamet er langt unna Vest-Telemark. Men aller øvst på prioriteringslista er vesttelar som skriv om lokale tema dei er opptatte av, positive til eller rasande ueinige i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalavisa skal leggje til rette for at flest mogleg stemmer kjem til orde i samfunnsdebatten. Alle har rett til å seie kva dei meiner.

Regelen er at alle lesarinnlegg som blir trykt i Vest-Telemark blad skal vera signerte med fullt namn. Om ein er kritisk til administrasjon, politikarar, lokalavisa eller andre som ein skuldar for noko, skal ein stå for meiningane sine.

Det finst unntak. Av og til kan det vera heilt nødvendig for den som skriv å gjera det anonymt. Men det ligg eit absolutt krav til å få eit innlegg på trykk anonymt: Avisa må vete kven som har sendt innlegget og årsakene til at ein sjølv meiner ytringa ikkje skal vera signert. Det er ingen god grunn at det er ukomfortabelt å kritisere nokon under fullt namn. Om me ikkje veit kven som har sendt innlegget, blir det ikkje trykt – same kor godt det er skrive.

Me trykker naturleg nok heller ikkje personangrep, eller innlegg som bryt med norsk lov på eit aller anna vis.

VTB er glade for at fleire brukar lesarspaltane i lokalavisa til å ytre seg – og at dei gjer det med fullt namn under innlegget. Det er ein styrke for lokaldemokratiet.