Bitcoin i Fyresdal: «Er det rett å forvalte vasskrafta slik at nokon skal få bruke ho til å spekulere i bitcoin? Kva med samfunnsnytte og samfunnsansvar?»

Så nå skal Fyresdal bruke konsesjonskrafta si til produksjon av kryptovaluta. Investorar har kjøpt datamaskinar for 75 millionar og plassert dei på Molandsmoen. Det skal visst både gje pengar i kommunekassa og arbeidsplassar. Folk har kome fleire gonger frå Oslo og skal ha hatt opp til fleire overnattingar i bygda. Det gjev ringverknader. Erfaringar frå andre slike anlegg viser elles at alt blir fjernstyrt. Maskinane har ingen alternativ bruksverdi og må skiftast ut etter 1 – 2 år.

Produksjon av kryptovaluta er ekstremt energikrevjande. Alle transaksjonar skal verifiserast og godkjennast av alle ledd i blokkjeden, noko som involverer fleire millionar datamaskinar. Energiforbruket pr bitcoin aukar derfor for kvar ny bitcoin som blir produsert. Alt i dag har produksjon av bitcoin eit årleg energiforbruk som er høgare enn den samla elektrisitetsproduksjonen i Norge. Bitcoinbruken er anonymisert, og sjølv om bruken skal vera transparent og kontrollerbar blir om lag halvparten av bitcointransaksjonane utført av kriminelle nettverk (Aftenposten Innsikt oktober 2021).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein talar om det grøne skiftet og om «rein energi». Men ingen energiproduksjon er utan negative konsekvensar for naturen. Vindmøller skadar fuglelivet, øydelegg landskap og naturtypar og gjev store avfallsproblem. Solcellepanel har ei levetid på kring 25 år, og gjev også utfordingar med resirkulering og gjenbruk av ressursane. Sterkare utnytting av vasskraftverka våre gjev større og hyppigare variasjonar i magasinfylling og vassføring i regulerte elvar, til skade for fisk og anna dyreliv.

Ein prøvar å «sukre» prosjektet ved å ymte om bruk av spillvarme. Eg har vanskeleg for å sjå for meg at Fyresdal skal kunne gjera seg nokon nytte av spillvarmen frå datamaskinparken på Molandsmoen. Det er slikt ein kanskje kan ha håp om på tettbygde stader, men neppe i grisgrendte område som i Vest-Telemark. Maskinane gjev også mykje støy, noko som heller ikkje talar for å legge slike anlegg der det bur mange folk.

Som resultat av vasskraftkonsesjonane har kommunane høve til å ta ut inntil 10 % av kraftproduksjonen for å dekke det alminnelege straumforbruket. Dei fleste kommunane i Vest--Telemark har for lite folk og næringsliv til å kunne nytte all denne krafta. Det som blir til overs blir derfor selt av fylkeskommunen. For oss vanlege forbrukarar er elavgifta 16,69 øre pr kWh, medan industri og bergverk, datasenter mv har ei avgift på 0,55 øre pr kWh. Utvinning av bitcoin blir rekna som del av slik industri. Både den førre regjeringa og den nye har signalisert at dei vil vurdere elavgifta til slik aktivitet. Her kan eg sitere klima og miljøvernminister Espen Barth Eide: «Å bruke vår rene vasskraft til et utpreget spekulasjonsobjekt som kryptovaluta er ikke det vi skal prioritere» (Forskning.no).

Eg reknar med at Barth Eide og den nye regjeringa vil stå ved dette og vise at produksjon av bitcoin ikkje har noko framtid her i landet. I Vinje har det også vore tale om datasenter ved Vinje kraftverk, men her har politikarane i alle fall hatt ryggrad til å sei at dei ikkje ynskjer å bruke konsesjonskrafta til å produsere bitcoin. For meg er utvinning av bitcoin også eit etisk spørsmål. Er det rett å forvalte vasskrafta slik at nokon skal få bruke ho til å spekulere i bitcoin? Kva med samfunnsnytte og samfunnsansvar? Skal me ikkje heller arbeide for at me får mindre behov for energi og nye naturinngrep? Eg hadde venta at våre folkevalde synte meir ansvar i ei så viktig sak.

Helge Kiland