Meiningar
Bestefedrar på mc-turar
Mc-interessa har vore der i snart 30 år, og det har blitt nokre turar. Køyrt R66 San Fransisco/Yellwstone, Italia, Sveits, Tyskland, Danmark, Sverige, Spania, Marokko og mykje her i Noreg.
Men så har eg ein god kamerat som bur i Spania, og han har alltid masa på at det er berre å koma ned, så kan du låna Gold Wingen min, står klar. Og det var vel med maset til Rune (heldigvis) at det å køyra saman starta. Og begge to er heilt einige om at det ikkje er endestasjonen som er viktig, men alt som ligg mellom start og mål. Om det er smalt, høgt, grusveg spelar ingen rolle, berre me kjem fram. Om klokka blir 16 eller 23 er ikkje så nøye. Berre me får ei seng, litt å bita i, så er dagen stort sett heilt perfekt!
Første turen saman var frå Firenze, der me køyrde langs kysten til Cannes, Route Napoleon, Parc naturel de Verdon, Grenoble, Torino og tilbake til Firenze. Dette gav så stor meirsmak at me under turen planla den neste turen. Då var valet Spania, og Rune var den som la opp køyreturen. Fekk køyra Cordoba, Jaen, Granada, Almeria og mange andre flotte plassar.
Det blei også tur tur gjennom Tyskland og mange Alpepass/fjellpass i Austerrike, Italia og Sveits.
Neste turen i utlandet vart stoppa på grunn av koronaviruset, så då vart me einige om at me burde sjå litt av Noreg. Men det var eit lite problem, for Rune hadde mc-en sin i Spania, og å kryssa landegrenser då var ikkje berre enkelt. Men for Rune Kåsa finst det ikkje problem, berre utfordringar, så klart. Og ein køyretur for han på ca. 4000 km er som at andre tek ein tur på butikken.
Dette var i starten av april, og me vart einige om å møtest i Mosjøen for tur vidare. For han jobba i Nord-Noreg og måtte på jobb 14 dagar før me kunne starta på turen. Men april kan ha litt utfordringar med vêret, så Rune fekk både regn, sludd og snø, pluss at overnatting under koronaen ikkje var enkelt. Telt bak bensinstasjonar/rasteplassar vart då eit alternativ.
Me starta turen som planlagt, og me fekk nesten 14 dagar med sol og topp vêr. Fekk med oss Mo i Rana, Sulitjelma, Saltfjellet, Limingen, ferje frå Bodø til Mosknes i soloppgangen, Lofoten, Tromsø (der me var på besøk til Jan Wegar Lie), Lyngseidet, Kystvegen, Åndalsnes der me trefte Renee og Roar på Aukra. Siste delen gjekk over dei finaste fjellovergangane og til Seljord. Rune parkerer mc og på jobb i 14 dagar før ein liten tur ned til Spania att.
Neste år leigde Rune mc, så tok me Telemark, Vestland, Rogaland og Agder-fylka. Pyrineane har alltid vore eit mål for meg, og i juni 2023 starta turen i Barcelona, der eg møtte Rune og Sveinung (han i bil). Me la ruta om Montserrat, Ax Les Thermes, Bangeres de Luchon, Aspin, Bareges, Sort, Andorra og Cardona. Stort sett fint vêr, men eit par dagar med torevêr og regn. Men men, ein blir berre våt!
Til Morokko
Heile tida har Rune masa om at eg må bli med til Marokko, for det er eit fantastisk land og folk, sa han (hadde så klart vore der han òg). Så eg gav etter til slutt og fekk då jobben med å leggja opp alt av køyretur og overnattingar (gamle gubben). No skulle me òg ha med nokre fleire: Nils Magne, Lille Rolf og Laila og gubben. Planen var ut i mai, men fordi Lille Rolf sel så heilt for jækleg mykje mc, så måtte han bli heime når sesongen starta, så då vart avreise 1. mars.
Fin tur ned til Gibraltar før me tok ferje neste dag og inn i eit anna kapittel av tidsrekninga. Dess lenger me kom inn i landet, dess meir var det vanleg med hest, esel, kjerre og plog. Overnatta i Casablanca første dagen før me køyrde til Marrakech neste dag. Og sjølvsagt måtte Rune dra oss gjennom medinaen i Marrakech. Smalt, trongt, mykje folk, boder og ikkje laga for Honda Goldwing akkurat, men me kom ut på andre sida i god behald.
Neste dag var over Tizi n Test-passet på 2039 m, men det me ikkje hadde undersøkt var vegen! Her hadde det vore eit jordskjelv i 2023, og det var eit stort arbeid med oppbygging av nye vegar som var vekke. Køyrde i 4–5 timar i meir eller mindre anleggsområde, men kom fram til Quarzazate, om litt seinare enn berekna.
Neste dag var målet Ait Sedrate Jael El, og her hadde me to val: Følgja N10 som var ein ok veg, eller over Col D Aziwn på 2100 m + Col De Tizi N’Ait Hmed på 3005 m? Ja, kva trur de valet vart? Dess høgare, dess betre. Starta veldig bra, men Nils fekk ei punktering og måtte snu for å ordna dette. Me andre køyrde vidare, og Nils og Rolf tok oss att i Tifni.
No starta oppstigninga, og noko me måtte ordna var bensin. Det fekk me tak i i Ait Bou Oulli på ca. 1800 m. Her vart det fylt bensin frå kanner på baklageret til kolonialen. Prisen starta på nesten 1000 kr, men gjekk fort nedover. Me var no klare for siste etappe denne dagen.
Gjekk ikkje lenge før me møtte snøen, men kom opp på toppen der me tok ein pause. Medan me står der på 3000 m, kjem det plutseleg ein mann ruslande i sandalar, ser på oss og helsar før han forsvinn inn i tåka. Budde han her? Alle lurte på det. Overraska over kor bra vegen eigentleg var, med tanke på at dei andre køyrer tunge Goldwingar (eg har lett Triumph). Men det var før me såg vegen ned på andre sida, for her var det veg midt i teleløysinga, og møtande bilar med firehjulstrekk streva seg sakte oppover. Ein ting trur eg er sikkert, at dette er første og siste gongen det køyrer ein Honda Goldwing over her!
Neste dag gjekk turen gjennom Dades Gorge, som var heilt fantastisk bra med flott natur og fine vegar. Rune og Nils køyrde litt i førevegen, så eg stoppa og venta på Lille Rolf i eit kryss. Då han kom, prøvde eg å signalisera at me skulle til venstre, men han berre helsa og tok vegen til høgre. Ja ja, tenkte eg, får berre stå her og venta til han kjem tilbake, men kom han? Neida. Så eg køyrde etter for å få han til å snu. Køyrde og køyrde, men tok han ikkje att før etter 1,5 time, så det vart tur rundt om Tamtetoucht, Ikadmane og over Tizi n Tirhourhizine på 2431 m, og av og til dårleg veg, snø som la seg på vindskjermen.
Himlen opna seg
Me fann att Rune og Nils i Khenifra, der dei hadde sett seg inn ved peisen på ein kafé, og no var det berre 1,5 time til Azrou. Men det me ikkje tenkte på før planlegginga, var at det var ramadan, så dei store utskeiingane i matvegen vart det lite av.
Neste dag var over Tazarine, Maghraoua og til hotell i Bab Boudir. Flott hotell, men det viste seg at det eigentleg var stengt, og me var einaste gjestene, noko me fekk kjenna på natta, for det var dritkaldt på rommet.
Neste etappe var om Bouchfaa med matpause i Tissa. Men så kom regnet, og det følgde oss heilt til Chechaouen, som er den blå byen. Her var det klesstørk i alle rom, så sikringane gjekk temmeleg ofte, men det ordnar seg for snille gutar.
Neste og siste dag var til ferje i Tanger, der så klart ferja var timar forseinka. Då me endeleg kom i hamn i Algeciras, så opna himmelen seg, og det vart maks 70–80 km på motorveg fram til Calahonda, der snille Amalia tok oss imot som våte kråker. Fekk klesstørk og ein nydeleg spare ribs-middag!
Ser fram til mange fine turar med dette firkløveret her, for maken til folk å reisa på mc-tur med trur eg ikkje finst. Her er alt ok og greitt!
Så dette firkløveret av ein gjeng bestefedrar har vore på tur seinare og trivst godt saman på mc.
Korsika, Amalfikysten , Slovakia og Romania eit framtidig ynskje, men : «Time will show».
P.S. Kom i prat med ei dame aleine på mc i Austerrike ein gong, som hadde køyrt aleine frå Rogaland og hadde eit ordtak som er veldig bra: Eg har aldri køyrt feil, berre litt lengre!
Takk for turen.