Åmdals Verk slik det var, og er no.

Arne O. Lie (1913-1998) frå Skafså skreiv i 1985 ned ei «novelle» som vart trykt i eit lite medlemsblad for Tokke Historielag, med tittel som nemnt ovanfor. Har kome til at eg vil sende den over til Vest-Telemark blad, som eit minne om korleis det kunne vere i kalde vintrar, skriv Dagfinn Midtbø.

På Verket var det gruveselskapet som eigde alle brakker som dei vart kalla fram til 1949. Dette året kjøpte Mo kommune 1200 dekar og 16 brakker som det budde familiar i, som alle då fekk kjøpe. Brakkene var lafta og truleg ikkje godt isolera. Eg kan minnast at i min oppvekst på Verket (1950-1960 åra) at det rundt årsskifte kunne vere nede i 30 grader minus. I fyrste del av 1950 åra kom det opp mange nye bustader, då Småbruk- og bustadbanken gav lån.

Her kjem «novella» til Arne O. Lie:

«Åmdals Verk slik det var, og er no.

Ei raud desembersol sig sakte ned mot vest over Åmdalskreunes nutar og skar og gjyller snodekte skoglidar i aust mot Lauvikfjell. Ein kort dag sig sakte over mot kveld og natt. Små blafrande ljos blinkar frå karbidlampur som sig smått om send upp frå synken, ut gruvegangen der støvgrå menn møter kuldeeimen uti gruvegangen og frostrosur blinkar i djup sno utanfor stulen. Det gniskar og skrik frå jarnskodd støvel og steinstøvet drys for kvart steg og fargar snoen ullen og grå. Han ser eit svakt ljos av sin heim, Brakka, blåfrosten smell i gamal tømmervegg, kaldgusten liksom fylgjer med som ein gapande kjeft når han let upp døri rett ut i den svarte vinternatt. Ei grå tunge av kuldeeim sviv inn på golvet for liksom å draga med seg alt som inne er.

Smørbrødstomp med margarin og svart kaffe ventar han på bordet etter eit langt skift i hardt slit i gruva. I sengebrisk og slagbenk ligg ungar rundt om, vel nedpakka for ei kald natt. Den gamle Mustadkomfyren slukar i seg veaskie etter veaskie, prøvar so godt den kan å halde kong vinter på avstand.

Gruva, Arbeidaren, Brakka, -det var samfundet, kvardagen og livet, ein runddans med dagar og år som gleid undan mot livskvelden.

Den same raude desembersola sig sakte ned i vest over Åmdalskreunes nutar og skar, og fullmånen lagar trollske skuggar ove snokledde skoglidar rundt staden. Den same kvite snoen som låg støvgrå utanfor Brårjorestulen hin kalde frostnatt ligg der no og, men meir rein, bare kanskje litt forureina av støv langt burtanfrå. Den same blåkulda grnistrar når me trør, men ikkje av jarnskodd støvel, og heller ingen gamal tømmervegg å mæle sine krefter på.

Den same grå tonga av kuldeeim prøvar å kome inn, utan å nå fram, det er dør etter dør som stengjer, Den gamle Mustaden fær kvile på skraphaugen i byte med tidens uppvarming med kilovatt målestraum, og karbidlampa er for lengst utbytt med det kvite kol som gjev ljos og varme i ruvande bygg med mange rom for store og små. Bugnande bord som ein ikkje eingong fyrr hadde til fest, ventar kvar kveld, og me stig rett inn frå rullande hjul ved ytregangen utan steinstøv i fotspora.

Samfundet seier me. -Samfundet slik som det var og slik som det no er, utviklinga igjennom ein halvsekel av år.»

Den beste driftsperioden i gruva på Verket var truleg rundt 1880, med 278 tilsette. I boka Bratsberg Amt (1891) heiter det at det var om lag 500 personar fordelt på 59 brakker på Verket.

Arne O. Lie var lastebileigar, lokalhistorikar, skreiv dikt og prologar gjennom mange år, var aktiv i Tokke Historielag og med i styret frå 1978 og fram til han døydde i 1998.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagfinn Midtbø