54 tonn miljøgifter på Eventyrøy?

Seljord idrettslag (SIL) driv nå, med god støtte frå Norges Fotballforbund (NFF), ein kampanje for å få nytte gummigranulat på kunstgrasbanen på Eventyrøy. Og dei ber om kommunal velsigning og støtte.

I 2016 bygde Seljord idrettslag kunstgrasbane til godt over ti millionar kroner, og dei ville sjølvsagt nytte gummigranulat, slik ca. 1700 kunstgrasbanar, og mange fleire ballbingar, gjer rundt omkring i landet, alle saman bygde etter intens lobbyverksemd frå NFF. Den gongen løyvde kommunen, på initiativ frå MDG, 200.000 kroner ekstra for at banen skulle fyllast med kork i staden. Nå gjer dei høgare kostnadene med kork at idrettslaget vil gå over på gummigranulat. Kommunen og ålmenta bør i denne samanhengen vere klare over fylgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

For det fyrste: Seljord idrettslag har sjølv valt det dyraste og minst miljøvenlege alternativet: dei har grave opp ei fyrsteklasses grasmatte og erstatta ho med ei kunstgrasmatte som er særs dyr å legge og som krev omfattande og kostbart vedlikehald, uansett fyllstoff.

For det andre er det freistande å spørje: har idretten, som hevdar å representere positive og byggande verdiar, absolutt ingen tankar om sitt eige miljøansvar? For både SIL og NFF visste svært godt i 2016, og dei veit det langt betre nå, at ei kunstgrasmatte, som varer i ca. ti år, er eit stort avfallsproblem, uavhengig av fyllstoff. Dei visste òg at gummigranulat aldri skulle ha vore nytta korkje på kunstgrasbanar eller i ballbingar nokon stad. Dei visste at det er den største kjelda til mikroplast i naturen, nest etter dekkslitasje frå bilar. Dei burde òg ha visst at det eigentleg er ein skandale at rikspolitikarane våre ikkje har tatt affære for lenge sidan. Men eit forbod nærmar seg nå raskt. Tyskland, Sveits og Austerrike har alt forbode det, og EU diskuterer eit forbod alt frå 2022. Noreg er ei sinke, fyrst og fremst pga. NFF, som har investert så mykje prestisje i dette at ein i staden for forbod har laga eit omfattande og kostnadskrevjande regelverk som skal sørge for at gummigranulat framleis kan nyttast. Og ikkje nok med det.

Sakspapira til denne saka i Seljord kommune har fleire vedlegg i form av brev frå NFF, ved anleggskonsulent Geirfinn Kvalheim, som gjev råd til SIL i arbeidet med å gå over til gummigranulat. Kvalheim viser til høgst tvilsam statistikk som går god for gummigranulat, men ikkje til tallause rapportar som burde få alle raude lamper til å lyse. Mellom anna viser han til at mengda som blir borte frå banane er forsvinnande lita – mellom åtte og femti kilo i året. Han nemner ikkje at ein i Danmark reknar med at 1,5 til 2,5 tonn forsvinn kvart år, og at Miljødirektoratet meiner det heller er snakk om frå tre til fem tonn (onboard.no). Dersom ein gangar dette opp med ca. 1.500 banar med gummigranulat, for ikkje å gløyme dei tallause ballbingane, får ein eit visst perspektiv på det miljøproblemet NFF, og Seljord idrettslag, let att augo for. Kvalheim kjem òg med ein påstand som i beste fall er tufta på høgst tvilsam forsking, og som i verste fall er direkte usann. Han set den til og med i halvfeit skrift og med utropsteikn etter: «Gummigranulatet er ikke skadelig for miljøet så lenge det ligger i banen!» Og veit eigentleg folk kor mykje miljøgiftig materiale det er snakk om å spreie på Eventyrøy? 54 tonn! På landsbasis tilseier det forsiktig estimert 80.000 tonn pluss ballbingar. Og ein god porsjon av dette havnar ut i naturen. Dette har altså korkje NFF eller SIL noko problem med.

Det er trist at idretten ikkje har større medvit når det gjeld miljø, ikkje minst på ein plass der storauren held til i elva ved sida av, det er trist at den går baklengs inn i framtida og gjer dei unge den skal vere til for ei gedigen bjørneteneste, og det er trist at NFF har fått fritt spelerom i høve til styresmakter og regelverk til å stå i bresjen for det som berre kan kallast ein nasjonal miljøskandale. Det er òg trist at ingen kritisk journalist har grave i pengeinteressene som er i sving i dette tilsynelatande så idealistiske prosjektet. Men verst frå ein lokal ståstad er det at føre-var-prinsippet m.o.t. miljøet ingen stad er å sjå hjå dei involverte. Det einaste fokuset er å få utvide fotballsesongen, som nå inkluderer vinteren, noko som ein hevda ikkje var aktuelt i 2016, då ein valde kork. Og for å oppnå dette vil ein bruke 327.000 kroner, mange av dei kommunale skattekroner. Og meir vil det bli.

Peter Fjågesund,

medlem av Seljord kommunestyre for MDG