Olav Magne Hovden frå Dalen jobbar for Hæhre entreprenør, som for tida er i full gang med å tilbakeføre gruveområda i Svea på Svalbard til naturen. 	Alle
Olav Magne Hovden frå Dalen jobbar for Hæhre entreprenør, som for tida er i full gang med å tilbakeføre gruveområda i Svea på Svalbard til naturen. Alle

Olav Magne har arbeidspåske på Svalbard

Olav Magne Hovden (31) frå Dalen har nett begynt å jobbe skift i Sveagruva på Svalbard. I år skal han feire påske der.

– Det var ikkje så lett å seie nei til dette, fortel Olav Magne Hovden.

I meir enn fem år har han vore tilsett som utemekanikar og –reparatør i Hæhre entreprenør, og i februar begynte han å jobbe med tilbakeføringa av Lunckefjell-gruva i det vesle gruvesamfunnet Svea på Svalbard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sveagruva, ofte berre kalla Svea, er ein gruveby på Spitsbergen. Busetnaden var inntil oktober i 2016 base for hovudproduksjonen til Store Norske Spitsbergen Kullkompani. I 2017 blei det bestemt at gruveverksemda i Svea skulle leggast ned.

Jobben blir omtala som eitt av dei mest ambisiøse miljøprosjekta i Noreg nokon gong.

I desember i fjor blei det klart at det var Hæhre som skulle vera med på oppryddinga etter gruvedrifta på Lunckefjell, gruva dei sjølve var med på å etablere mellom 2011 og 2014.

Naturen på Svalbard er akkurat like spektakulær som ein trur.
Naturen på Svalbard er akkurat like spektakulær som ein trur.
Olav Magne Hovden jobbar som utemekanikar for Hæhre.
Olav Magne Hovden jobbar som utemekanikar for Hæhre.
Ser du isbjørnen midt i bildet? Den fekk Olav Magne Hovden og kollegaene i Hæhre besøk av i Svea.
Ser du isbjørnen midt i bildet? Den fekk Olav Magne Hovden og kollegaene i Hæhre besøk av i Svea.

Dei var ein av sju entreprenørar som søkte om å få gjera jobben. No er dei i gang med gigantprosjektet med å rydde opp og tilbakeføre gruveområdet.

– Ei veldig kul moglegheit

Hovden har jobba fleire forskjellige stader for Hæhre, mellom anna på Filefjell og på Helgeland i nord, men seier at Svalbard er noko heilt spesielt.

– Eg har fått sett mykje, men Svalbard er noko eige. Eg hadde ikkje vore på Svalbard før eg begynte å jobbe der. No i påska blir tredje turen min opp, fortel Hovden.

Han set pris på variasjonen i arbeidsstader jobben hans fører med seg.

– Det har vore veldig godt å ikkje vera på same stad heile tida. At ein har kunna reist og sett noko nytt etter eit år eller to, seier Hovden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Hæhre tok til med arbeidet med gruvene fekk Hovden spørsmål om han ville opp dit. I fyrste omgang skal han vera der ut året.

– Det er ei veldig kul moglegheit. Det har vore ei oppleving så langt, og eg gler meg til framhaldet.

Klar for påske

På torsdag starta påskevakta for Hovden. No skal han vera der til over påske. Kvart skift varer i to veker.

– Korleis blir det å feire påska på Svalbard?

– Det er jo spesielt å vera så langt vekk frå vener, familie og born, men det blir nok bra her òg.

– Blir det noko feiring, trur du?

– Ja, det blir nok ei påskemarkering der oppe. Inni Svea er dei flinke til å finne på ting. Det er ein veldig triveleg gjeng som jobbar der, så det blir sikkert eitt eller anna, seier Hovden.

40 minusgrader og isbjørnbesøk

Kvar arbeidsdag startar klokka seks ute ved Lunckefjell. Så går det i eitt med vedlikehald og reparasjonar av maskiner og alt som går sundt undervegs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dagen er nesten aldri planlagt. Ein tar allting på sparket etter kvart som det skjer.

Den majestetiske naturen på Svalbard har vore akkurat så overveldande som den ser ut til å vera på bilde.

– Eg har prøva å vera flink til å dokumentere litt. Det plar eg eigentleg ikkje å vera, men det blir annleis der oppe.

Den fyrste turen i februar omtalar Hovden som kald. Veldig kald.

– Det var ein periode der me hadde ned mot 40 minusgrader. Me fekk med oss ein skikkeleg kuldeperiode. Det låg ofte på rundt 30 minus.

– Det er kaldt andre plassar òg, det er ikkje det, men det er eit litt anna klima der oppe. Ljoset er så annleis rundt deg. Fyrste perioden eg var der så hadde ikkje sola kome att, berre litt. Då er det så blått der oppe. Flatt, blått ljos og storslåtte brear i den flotte naturen, fortel Hovden.

– Har du sett isbjørn, då?

– Ja, faktisk! Me såg ein førre tur. Det var eit ungdyr, og det var veldig spennande. Den gjekk tett inntil Svea og leita etter mat. Det blir visst meir og meir vanleg ut over våren. Det kjem selungar òg, seier Hovden.