Garden Berunuten. Husa vart bygd etter at Guri og Lars kom til garden i 1872.

Mystiske Berunuten

Lyden av ein ryggsekk eller buskar langs veggane ute, kvinna som berre nokon kan sjå eller kva med klokka som slo tolv der inga klokke var å finne ...

Fleire vesttelar fortel om underlege opplevingar knytt til det gamle bustadhuset, eller det ein i dag omtalar som hovudhytta på eigedomen Berunuten på nordsida av Songavatnet i Vinje.

Garden Berunuten og den om lag 100 000 mål store eigedomen Berunuten vest, kom tilbake til lokalt eigarskap hjå Vinje kommune i 1977 etter forhandlingar mellom den tids eigar G.A. Treschow og ordførar i Vinje, Ingvald Godal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2016 starta Vinje kommune ei omfattande oppussing av hovudhytta på Berunuten, og i dag har mange glede av å besøke hytta for ein rast eller overnatting for ei billig penge. Men der finst også fleire vinbyggjar som ikkje let seg freiste av å overnatte på fjellgarden att etter ulike opplevingar som har fått pulsen til å slå raskt opp gjennom åra.

Det er snart 150 år sidan gardshuset på Berunuten vart reist. I Rauland bygdelag si bok om «Songa» frå 1984 står det skrive at Guri og Lars Garden frå Øvre Eidfjord kom over Hardangervidda til det gamle tilgrodde tunet på fjellgarden under Berunuten. På tidlegare reiser hadde Lars sett at staden ville vere eigna for å drive med dyr og gje gode levekår. Guri og Lars hadde ti døtrer og ein son. For å bygge ein heim vart ei tømre frakta til Songa frå Edland og bygd saman med stokkane til stova familien hadde med frå Eidfjord.

Alt den fyrste sommaren stod gardshuset klart då dei to stovene blei sett opp med ein romsleg gang i mellom. Både Guri og Lars var kjende for å vere uvanleg gjestevenlege, og heilt til dei flytte frå garden på starten av 1900-talet, fekk folk aldri kjensla at dei kom i utide. Og kanskje er det Guri og Lars som vil vise at dei på eit vis framleis er på garden.

Guri Berunuten fotografert heime på garden kring 1900.
Lars Garden kom til Vinje i 1972 og reiste bustaden på Berunuten, som også vart hans etternamn.
Vinje kommune har pussa opp den flotte hytta på nordsida av Songavatnet, og leiger vekk hytta for ein rast eller til overnatting.

– Me var reinsjakt, truleg på 1980-talet, og hadde lagt oss. Me hadde sovna, både mannen min og eg, men brått vakna eg av ein merkeleg lyd. Det verka som om nokon drog ein ryggsekk langs veggen. Det var vanskeleg å høyre om det var utanfor der me låg eller om det var i andrehøgda. Eg vekte mannen min, han høyrde det han og, men sa det berre var dei andre reinsjegarane på hytta. Mannen min la seg til å sove att. Det tok lang tid før eg fekk sove, og eg har aldri overnatta på Berunuten etter dette, fortel ei kvinne.

Ho seier at opplevinga vart endå sterkare då ho nokre år seinare las i eit vekeblad at vinbyggjen Astrid Versto hadde hatt ei liknande oppleving på hytta.

– Eg minnest at me overnatta der ei påske, og at det utpå natta høyrdest ut som om nokon drog buskar langs veggen. Då me såg ut glasa, såg me ingenting, men det heldt fram på andre sida av glasa. Det bles ute, så mange trudde det var vinden. Men eg syntest det var litt skummelt, stadfestar Versto.

Andre vinbyggjar fortel at fleire har sett skuggen av ei kvinne, den grå dama, inne på hytta i Berunuten. Ho vil ingen vondt, men some har sett ho stå der i stova og ser på dei.

I boka «Minner og krigsopplevelser frå Stavanger og Songa» skildrar Thoralf Smith Svenssen om litt nifsare hendingar på Berunuten på starten av 1940-talet. Det var kraftig torevêr og Svenssen og ein kamerat søkte ly i det gamle våningshuset. Dei tente et stearinljos, sat seg ved kjøkkenbordet og fann fram litt mat. Med eitt gjekk døra opp med skrikande hengslar, inn kom ein mann. Han tok av ryggsekken og sette seg mellom karane. «Eg stira på mannen, såg omrisset av kroppen og den svarte hatten, men ikkje noko ansikt, det låg liksom skjult bak ein mørk skugge», skriv Svenssen og fortel at mannen forsvann att like raskt som han kom etter han hadde ete ein brødskalk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uvêret gav seg, men karane var trøytte og bestemte at dei ville overnatte. Brått vakna Svenssen på natta av ein merkeleg lyd, han sette seg opp i senga og stirra på kameraten som hadde gjort det same. Dei hadde begge høyrd klokkeklang, men no var det uhyggeleg stille. Så kom lyden att, eit slagur slo høgt og tydeleg, og på slaget tolv vart det stille att. «Så kom det et langtrekt gjennomtrengande skrik – det føltes som om blodet frøs til is i årene mine», skildrar Svenssen og fortel at han og kameraten til slutt sovna i same seng med reinfellen godt over hovudet.

Neste dag våga dei seg opp på loftet, rommet var tomt, ikkje eit møbel å sjå ... Svenssen og kameraten reiste frå fjellgarden og dei uhyggelege opplevingane så raskt som råd.

tone.tveit@vtb.no