Ole Dalen har fått kreft med spreiing. Legane har gjeve han nokre månadar. Ole håpar å kunne kjempe seg tilbake til livet.
Ole Dalen har fått kreft med spreiing. Legane har gjeve han nokre månadar. Ole håpar å kunne kjempe seg tilbake til livet.

– Eg føler meg ikkje ferdig med å leve

I fire månadar har Ole Dalen (40) visst at kreften har teke bustad i delar av kroppen hans. Legane har stoppa behandlinga, men Ole er ikkje redd. Han har fred i hjartet sitt.

«Huff, da, Ole. Det var virkelig en trist melding å få. Men, kjenner jeg noen med livsglede og mental styrke til å møte det du må igjennom er det deg!».

Ein post på Ole Dalen si Facebook-side har fått meir enn 200 kommentarar. Dei inneheld lykkeønskje. Tårer. Kjærleik. Varme tankar. Hender til låns. Kyt. Bøner.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg ser ganske vanleg ut, sjølv om eg har fått kreft. Eg lærer meg å ta imot gode dagar med takksemd, og strekker meg mot kvardagen med lengsel. Høyrer gjerne frå deg der ute :)», skreiv Ole 30. april. Det er berre snart tre månadar sidan.

Kreften er eit faktum. Spreiinga er eit faktum. Sjukdomen tek sakte, men sikkert frå han det han elskar mest av alt: livet. Kvardagane. Han har fått den tøffaste beskjeden eit menneske kan få. Det er ikkje meir legane kan gjera for han.

På kjøkenet i huset heime på Nigard Lid i Øyfjell sit Ole og smiler sitt velkjende smil. Det er det ingen og ingenting som kan ta frå han. Han smiler det mykje for sin eigen del, men mest for dei han er glad i.

Ole og Ruth er opne og ærlege med sønene Isac (t.v.)og Mikael om kreftdiagnosen til far.
Ole og Ruth er opne og ærlege med sønene Isac (t.v.)og Mikael om kreftdiagnosen til far.
Det er umogleg å ta frå Ole håpet og trua på ei framtid saman med familien.
Det er umogleg å ta frå Ole håpet og trua på ei framtid saman med familien.
Kunstnar Jonny Andvik overraska Ole Dalen med dette portrettet til 40-årsdagen hans. Månadar seinare blei Ole alvorleg sjuk.
Kunstnar Jonny Andvik overraska Ole Dalen med dette portrettet til 40-årsdagen hans. Månadar seinare blei Ole alvorleg sjuk.

– Det er hyggeleg at folk vil kome på besøk.

– Har det blitt mykje besøk i det siste?

– Ja. Av både vener og familie. Familien har vore heilt fantastiske til å stille opp. Det har jo vore røffe dagar. Likevel tenker eg at me må skilje på kropp og sjel her. Eg har det godt og bra inni meg. Kroppen min er sjuk, men eg har det bra.

Positiviteten mange av venene hans peikar på i kommentarfeltet sit så ekte og djupt i denne mannen. Alle som har hatt gleda av å treffe Ole får ei kjensle av at han verkeleg kan gjera kva som helst. Det er utstrålinga han har. Blikket hans møter alltid blikket ditt, og du føler deg sett og høyrt.

I ti år har han arbeidd for at Vest-Telemark skal bli ein så god stad å bu og leve som mogleg. «Alle» kjenner Ole frå Vest-Telemark-rådet. Han kjenner dei seks kommunane han refererer til som «sine» så godt, at ein lett kan slenge ut det sjeldne omgrepet «uerstatteleg». Ole er «uerstatteleg». For kona Ruth Kvålo Dalen, borna Isac (11) og Mikael (5), familien, vener, kollegaar, kjende og kjære, lokalsamfunnet. For Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valte gode dagar

13. mars fekk han telefonen som snudde alt på hovudet.

– Eg var i full jobb, men eg kjende at kroppen var vond. Eg fekk stikk i hjartet. Tenkte at eg stressa for mykje. Eg sjekka alt mogleg, utan resultat. Eg tenkte eg hadde blitt hypokonder. Syntest eg var flink som sjekka i det heile teke, og ikkje var som mannfolk flest og berre tenkte at det kom til å gå over, fortel han.

Dei såg ikkje ut til å finne noko, før dei plutseleg fann meir enn dei rekna med.

– Dei fann ein svulst. Så var det ikkje berre ein svulst, det var full spreiing. Til galleblæra, gallegangane, levra. Då blei eg veldig fort dårleg. Det gjekk raskt frå dei oppdaga det til eg måtte på sjukehuset for å lindre smertene. Dei kunne ikkje operere. Dei begynte så fort dei kunne på cellegift. Dei sa eg ikkje kunne bli frisk, men at eg kunne forlenge livet.

Cellegifta hjelpte ingenting, og Ole blei fort dårlegare. Då blei han einig med legane sine om at han heller skulle ha så mange gode dagar som råd, enn å gå på cellegift og ha veldig dårlege dagar.

– No er det berre smertelindring. Legane har gitt opp, det fanst ingen alternativ. Det stolar eg på at dei sjekka nøye. Overlegen sa at det finst sikkert noko der ute som kunne fungert, men at me ikkje kjem til å rekke å prøve det ut før det er for seint.

– Korleis har du takla dette?

– Eg brukar å seie at eg har pakka lett. Eg har det godt med meg sjølv, og godt med Gud. Eg lurar ikkje på kva som skjer når kroppen er ferdig med å verke. Eg er klar for å reise heim kvar dag, og det er eg glad for. Me lever her og no og skal leve dei dagane me har, men eg er klar for paradis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så det tok ikkje så lang tid før du fann fred med det du blei fortald?

– Eg måtte summe meg litt, og gruble og tenke på kva me skulle gjera no. Eg vil jo ta imot hjelp og høyre på legar så godt eg kan, men me blei faktisk einige om at det var det beste. Dei trudde heller ikkje at cellegift ville ha så stor effekt. Eg blei tynn og ubrukeleg og kjempesjuk. Det blei verre rett og slett. Den skal jo bryte ned og bygge kroppen opp att, men då det ikkje gjekk så er det jo lite poeng.

Ruth og dei to sønene deira er fanga mellom sterkt håp om betring og stor frykt for å miste sin kjære ektemann og far. Sjølv om Ole seier at dei som familie har funne ein fred rundt alternativa saman, er forståinga for at far kan kome til å døy ei vanskeleg sanning å svelgje for to unge gutar.

– For oss så kjem dette tilbake til kva me trur på her i verda. Trur me at eg skal døy? Me trur på bibelen og lækje. Me trur eg kjem til å bli frisk. Viss me faktisk trur det – og no har eg jo ikkje noko alternativ – så er det faktisk berre Gud som kan hjelpe meg no. Legane har gjeve opp, dei prøvar ikkje lenger. Så me har funne denne freden saman. Me deler denne trua. Ein elleveåring forstår meir enn ein femåring, men dei forstår begge at pappa kan døy. Dei er med på at dette skal me kome gjennom. Særleg elleveåringen må takle dette. Dei må få vera barn, men dette er verkelegheita.

– Det høyrest ut som de har vore veldig opne om det.

– Ja, det har me. Måten me snakkar på er open. Me grev ikkje i det, for me vil ikkje ta det opp så ofte. Men me snakkar om det, og er ærlege. Me deler det alle saman. Ruth midt oppi dette er heilt utruleg. At ho maktar å bera det. Eg har ikkje vore til nokon ting, kan ikkje brukast til noko reint praktisk. At ho oppi det klarar å halde hjula i gang er heilt utruleg. Det er det ikkje alle som hadde klart. Ho er så stø i sinn og kjensler. Me går ikkje rundt og ler og gliser heile tida, men mykje. Og så kjem dei kjempevonde dagane, då, for dette er på ordentleg. {{imageLeft}}

Trur på framtida

Ole og Ruth feira opninga av kunstutstillinga «Vakker» for eit par helger sidan. Draumen om at Ruth skulle vera hovudutstillar i eige galleri hadde vore stor og levande for dei heilt sidan dei to opna Galleri Straume i Øyfjell i 2009. Og for Ruth sjølv sidan barndomen.

Då Ole blei sjuk såg det heile utenkeleg ut, men han visste råd. Han starta ei innsamling for å få kona sin draum ut i livet, og endeleg kunne Ruth vise fram kunsten ho har jobba med i fleire år – med ein staseleg opningskveld. Ole ville gjort mykje for mange, men for Ruth har han ein heilt spesiell stad i hjartet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heilt naturleg for meg å gjera det for ho. Ho har vore så sterk, og jobba så hardt med kunsten. Me trur på framtida, men det er klart at det å lage denne utstillinga og bruke masse tid på det kanskje verkar uklokt for nokon utanforståande midt i ei stor livskrise for familien. For oss blei denne utstillinga eit symbol på trua vår om at eg kan bli frisk. Ei tru utan gjerningar er ikkje verdt nokon ting. Utstillinga var naturleg, for den peiker framover.

Yngstesonen Mikael kjem tassande ned på kjøkenet. Han skal i barnehagen ein tur, men tek seg tid til ein god kvil på fanget til far.

Ole lyftar med dei kreftene han har.

– Ååh, så tung du har blitt, seier han spøkefullt.

Han tek ein pause med nasen i håret hans. Trekkjer godt inn. Klemmer han.

– Kvardagane våre er tru i praksis no.

– Slikt ein får høyre i gravferda

Ole er veldig open rundt trua han lever med. Han tenker mykje på himmel og helvete. Kvar han vil hamne. Kva han trur på. Kor frimodig han kan vera rundt trua si. Kor mykje han kan mase på folk om frelse. Store spørsmål som dukkar opp når livet blir snudd på hovudet.

– Denne sjukdomsperioden har gitt meg mykje bra òg. Når folk spør korleis det går med meg så får eg fortelje kvifor eg ikkje har panikk. Me skreller vekk alt på utsida. Karriere, flinkheit. Me snakkar om det som er på ordentleg. Eg opplever ting eg ikkje elles ville opplevd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til dømes?

– No får eg heilhjarta beskjed om kva eg har betydd for andre. Ei venninne, ein god kollega. Eg får greie på at eg har vore der for nokon. Folk seier «du betyr så mykje for meg. Eg ynskjer deg berre det beste. Eg håpar du kjem tilbake». Kor ofte får du greie på det i det daglege?

– Det skjer vel berre når folk er redde for å miste nokon.

– Nettopp. Ein snakkar ikkje om slikt. Kvardagen går, ikkje sant. Men no får eg vite det i klartekst. Eg får ikkje høyre stygge ting, eg skulle kanskje fått høyre nokon av dei òg, men det er vel litt unaturleg å kome til ein som er sjuk med dei. Det er heilt ubalansert, berre godt. Det er litt slik som ein nær ven av meg sa: «Slike ting som dette får du berre høyre i gravferda, eigentleg. Og då får du ikkje høyre det sjølv.» Det får eg no. Folk som eg tenkte kanskje ikkje kjente meg så godt eller tenkte på meg på noko vis tek kontakt og viser at dei bryr seg. Eg får prate om ting som verkeleg betyr noko for meg. Som er på djupet, tunge ting. Livet. Det har blitt mange slike pratar. Dei er sterke. «Eg trur ikkje på Gud, men eg ser at han verkar i livet ditt», sa ein kollega som ikkje er religiøs til meg.

Ole trur altså på ein himmel, eit paradis. Han trur at viss Gud vil ha det slik, så skal han kanskje reise dit snart.

– For litt sidan hadde eg besøk av ein barndomsven det var femten år sidan eg hadde snakka med sist. Då han kom var det som om me akkurat hadde sett kvarandre. Du har sikkert opplevd å gå inn i eit rom og tenke «her var det godt å vera» – same med eit rom der det ikkje var godt å kome inn. Eg trur paradis er ein slik stad det er godt å vera, og ein stad der du kjenner alle som om du akkurat snakka med dei.

– Dette er veldig vanskeleg, sjølv om døden er naturleg. Alle skal jo døy.

– Det er to ting eg har vore oppteken av i livet. Å vera ærleg mot meg sjølv, og å vera frimodig. Frimodigheita mi har eg kjempa mykje for. Det er lett å tie i frykt for kva folk vil tru og meine. Eg vil vera fri og vera meg sjølv. Eg kjenner i meg at eg ikkje er ferdig med å leve. Eg har mange ugjorte ting eg skal gjera her. Eg har blitt angripen av vonde krefter. Korleis det kunne skje har eg ikkje noko svar på, men det er tilfelle. Eg trur ikkje eg skal døy no. Det er i alle fall ikkje meininga. Når eg døyr så er det berre godt den dagen det skjer. Men eg vil jo leve ferdig her. Eg vil kjenne at livet er gjennomført. Det har eg ei sterk kjensle av. Men det er ein kamp å kjempe no. {{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Kavar ikkje etter å reise jorda rundt

Legane til Ole snakkar om tre–fire månadar. For Ole, som for så mange andre, har religionen halde motet hans oppe.

– Du kjenner kanskje at det er godt å ha di eiga oppfatning av det som skjer?

– Ja, sjølvsagt. Legane stør meg i trua og tek ikkje frå meg den. Dei må snakke ut frå sine erfaringar og kva dei ser. Korleis kroppen min har det. Det som er befriande og kjempespennande er at eg ikkje har noko alternativ. Dei prøvar ikkje å fikse litt. Det er berre lækje eller ingenting. Det er veldig vitalt.

– Viss det då er det andre alternativet, endrar det noko av trua di?

– Nei, då er eg jo død, då. Då legg eg det i Guds hender. Eg lever vidare i paradis. Det går heilt klart an å bli bitter og samanlikne seg med andre, men det er lite produktivt. Ein er ansvarleg for det livet ein får. Ein må forvalte det. Eg må bruke mine timar og dagar no. Seinare skal eg berre ha det bra. Då treng eg ikkje prestere. Dei rundt meg har det kanskje verst no. Eg vil jo ikkje reise frå dei, og synest det er ufatteleg vondt å tenke på at dei skal vera att her viss det skulle vera slik at eg forsvinn snart. Heldigvis veit eg at dei blir tekne godt vare på av alle rundt oss viss det skulle skje. Viss eg døyr i morgon har eg det greitt. Det er ikkje vondt for meg. Det er vondt for dei som står att.

– Gjer du noko for å leve ekstra? Lever du annleis no enn du har gjort tidlegare?

– Eg saknar kvardagen, eg. Den blei teken frå meg. Når kroppen er dårleg så blir det annleis. Eg må sitje heime og kvile, men eg prøvar ikkje å suge til meg alt som finst i livet og brenne av alt overskot og leve mest mogleg. Det er dette som er livet. Å vera til stades i kvardagen med dei ein elskar. Eg vil ikkje kave og rekke å reise jorda rundt, viss du skjønnar. Det synest eg er veldig rart. Det er kvardagen eg er glad i.

Gode kollegaar i Kviteseid

Klokka ti kvar dag kjem heimesjukepleia innom for å hjelpe med medisinar. I dag er ikkje noko unntak. Ole og sjukepleiaren set seg i stova for å gjera det som trengst. Han er takksam og hyggeleg. Set pris på alle som hjelper han.

– Eg får veldig god hjelp. Det er så fint. Eg har smertepumpe som dei kjem hit for å kontrollere kvar dag. Det er luksus. Eg kan ikkje køyre på grunn av smertestillande.

Ole er difor det han kallar «stasjonær» heime i Øyfjell.

– No i det siste har eg vore mykje dårleg, så det har ikkje blitt mykje jobb. Eg har støtta alle litt, då, så godt eg har kunna.

Kollegaane til Ole saknar han tydelegvis veldig, for dei har kome og henta han når han ikkje har orka å køyre sjølv.

– Dei hentar meg og leverer meg att. Kven er det som har slike kollegaar, då? Er eg så viktig? Det gjer dei faktisk. Dei gidd det. Tenk å få oppleve det, då.

Etter at Ole fekk diagnosen i mars, blei det ikkje mykje jobbing. Ikkje på langt nær så mykje som han gjerne skulle gjort.

– Eg prøvde så mykje eg klarte, men eg var ut og inn av sjukehuset heile tida.

Det skal seiast at telemarkstunet han og Ruth endeleg fekk kjøpe i 2008 ikkje er den verste staden å vera «stasjonær». Dei har pussa opp kjellar og fyrste etasje, manglar andre. Nede ved vatnet inst i Lidvegen ligg garden dei forelska seg i og uttrykte interesse for i fleire år før den blei deira.

Kvardagen – om i ei anna form – er i største grad til stades. Ruth hjelper Mikael med å skifte frå den kjære joggebuksa til ein shorts. Det er jo så varmt ute. Han får frukost. Ole er tilbake i kvardagen så fort heimesjukepleia reiser att. Det er den han elskar så høgt. Den er litt endra, men håpet lever framleis om at den skal kunne kome tilbake i ei litt anna form.

Ei fin jente frå Høydalsmo

– Eg er kjærleiksflyktning frå Vegårshei. Det er slik eg presenterer meg sjølv her oppe. Du må ha ein grunn til å hamne her. Eg kjem frå bygdelivet eg òg, altså, Vegårshei er ikkje nokon metropol. Der fylte me dagane våre med ting me kom på sjølve. Me drøymde om asfalt slik at me kanskje kunne få stå på skateboard. Den kom aldri. Men det gjekk bra det òg.

Ole og Ruth treftest i trettiårslaget til ein felles kamerat i Seljord i 2004. På den tida var Ole nesten ferdig studert i Sarpsborg. Han fortel ei søt historie om den fine jenta han trefte den kvelden. Om korleis ein gjeng blei med ho heim til Høydalsmo, der ho sette på filmenEt kongerike for en lama før ho sovna sittande på golvet.

– Dette treng me vel ikkje fortelje, ler Ruth.

– Ho sovna. Då var det natta og ha det bra. Heldigvis så heldt me kontakten. Me ringte kvarandre og sendte meldingar. Eg køyrte motorsykkel den gongen. Så ein dag eg skulle frå Vegårshei til Sarpsborg så spurte eg Ruth om ho hadde tid til at eg stoppa innom på vegen. Ho beit på den, fortel Ole.

– Eg visste ikkje heilt kvar kjappaste veg mellom Vegårshei og Sarpsborg gjekk, skyt Ruth inn.

– Det var ein liten omveg, men veldig verdt det. Me blei kjent. Etter kvart blei det litt meir alvor, og då sa Ruth at viss det skulle bli oss to, så må eg flytte til Øyfjell. Der hadde ho kjøpt ein gamal snikkarverkstad, og der skulle ho lage galleri. Det var bestemt. Klar tale. Skulle eg ha ho måtte eg hit. Eg hadde akkurat teke utdanning og tenkte «okei, eg flyttar til jenta. Same det, det går fint.»

I starten budde Ole i ei leilegheit i Øyfjell utan jobb i nærleiken, og pendla difor til Vegårshei. Etter kvart fekk han fleire jobbtilbod, og enda opp med å vera vikar på IT-avdelinga i Vinje i 2005.

– Eg var vikar til litt uti 2006. Då ville dei gjerne ha meg med vidare, men det var ikkje heilt jobb for meg. Då eg lurte på kvifor dei ville ha meg der, så svarte dei at eg hadde gått på høgskule og var ganske ung. Det var kriteria, ler han.

Utdanninga Ole tok i Sarpsborg var industri og design. Han måtte omskolere seg etter at han fekk tarmsjukdomen ulcerøs kolitt. Han lever i dag med utlagt tarm.

– Eg er sagbruksson, og jobba der for far min. Då dette blei vanskeleg med sjukdomen gjekk eg ein anna veg. Teknisk design kallast det, det er ei blanding av arkitektur og ingeniør.

Hadde ikkje kalkulator

Ole og Ruth gifta seg nyttårseftan 2005. Så fekk dei Isac i desember 2006. Dei hoppa rett ut i familielivet. Det var ikkje så mykje som var planlagt, men det er slik dei likar å leve.

– I alt me har gjort så har me følgt hjartet. Då me kjøpte dette tunet til dømes, så gjekk det ikkje an å bu her. Det voks bringebær i golvet. Nokon andre hadde fått tilbod før oss om å kjøpe det, men som eg plar seie så hadde dei kalkulator. Dei angra og bad om å få kansellert kjøpet. Då kom eigarane og spurde om me ville ha det. Me hadde ikkje kalkulator. Eg hadde ingen oppsparte midlar. Eg var blakk, Ruth var blakk, men me berre køyrde på.

Paret hadde falle for staden, og skulle stelle opp draumeheimen saman. Byggeprosjekt har stort sett alltid vore ein stor del av kvardagen deira. Etter opninga i 2009 dreiv paret Galleri Straume i fem år. Så tenkte dei seg om, for fyrste gong på lenge. Dei fann ut at det kom til å bli for mykje. Det blei ikkje som Ruth hadde drøymt om. Ho ville skape kunst. Det gjekk ikkje samstundes som dei heldt ope. «Det er ikkje farleg å starte. Det gjer ingenting. Men det er farleg viss ein ikkje klarar å stoppe. Så lenge me klarar å stoppe før konkursen kjem så er det ikkje farleg å starte. Det må ein aldri vera redd for», sa Ole til Ruth.

– Me klarte å stoppe draumen vår, og prøvde å selje bygget. Det var tøft. Så fort me reduserte kreftene våre på Straume begynte me å byggje her på Nigard Lid. Me har brukt så mykje tid på ting, og det har aldri strekke heilt til. No i ettertid skulle eg ønskje me hadde brukt meir tid på menneske, men no er det fortid.

Det er ikkje smart å kjøpe seg slike prosjekt. Men dei har teke kvart steg med heile hjartet, og ville aldri ha bytta det bort.

– Me bur der folk vil vera når dei har fri. Det er tungvint å bu i Vest-Telemark av og til, det er lange vegar til forskjellig. Men kjære vene, når ein ser torsdagar og fredagar alle som strevar for å forte seg hit og kose seg litt. Då må det då vera betre å bu her? ler Ole.{{imageLeft}}

IT-konsulenten frå Vegårshei

Tilbake i 2006 er Ole på jakt etter meir relevant arbeid.

– Eg ville bruke utdanninga mi, seier han. 

Gjennom trivelege lunsj-samtalar i Vinje kommune fekk Ole tilbod om ny jobb – som IT-konsulent hjå Nemek. Han ler når han fortel om det.

– Eg sa sjølvsagt ja, sjølv om det ikkje var det som var målet med å bytte arbeidsgjevar. Eg i alle fall nærmare oppgåver og miljø som var spennande for meg. Samstundes fekk eg tilbod om å vera prosjektleiar for «Øyfjell city». Så då jobba eg halvt om halvt med dei to. I tillegg til eit lite barn, eit byggeprosjekt på Straume og ei frustrert kone som ville få til mykje.

– «Øyfjell city» gjekk bra, men eg var der ikkje kjempelenge. Å jobbe 50 prosent er berre å jobbe 100 prosent og få 50 prosent betalt. Eg ville jo heller ikkje vera IT-konsulent på Nemek. Så etter nokre månadar gjekk eg til sjefen min for å seie at dei måtte leite etter nokon andre. «Eg er utdanna industridesignar og vil jobbe som det», sa eg. «Å, er du det?», sa sjefen.

Ole blei plutseleg prosjektleiar på Nemek på fulltid. Han jobba som sjølvstendig næringsdrivande, og dei leigde han inn fram til firmaet gjekk konkurs i 2007. Han valte å vera ærleg med kundane om statusen i bedrifta, trass i at sjefen helst såg det motsette, noko som sikra han vidare jobb hjå ein av kundane etter at konkursen var eit faktum. Han dreiv framleis for seg sjølv, og jobba hardt og mykje.

– Helsa mi har ikkje vore den sterkaste på grunn av magen, og Ruth ønskte at eg skulle ha noko meir fast og trygt. Eg tente mykje, men det kosta alt. I 2008 sa ho ordentleg frå, og eg tenkte eg ville vera snill.

Det året reiste Ole på Vest-Telemark-konferansen etter å ha sett ein annonse i avisa. Han visste at han måtte byggje nettverk. Han trefte mange, og var som vanleg god til å vise at han ville noko.

Same år lyste Vest-Telemark næringsutvikling ut stillingar. Ole søkte, men fekk ikkje jobben. Heldigvis så viste det seg at den som fekk jobben hadde for høge krav, så dei gjekk til nummer to. Ole blei prosjektleiar for profilering av Vest-Telemark.

– Eg syntest det var rart at eg ikkje skulle få den jobben, ler Ole.

Ole starta i Kviteseid. Der jobbar han hardt for regionen sin. Han jobbar med ordførarane. Næringssjefane. Rådmennene. Han ønskjer interkommunalt samarbeid og godheit for kvarandre.

– Eg likar å drive prosjekt, eg likar å organisere, eg likar å ta ansvar. Så det har ikkje vore noko problem for meg å få til ting. Eg tek initiativ og spør. Det har stort sett alltid blitt tatt godt imot.

Stolt av den felles identiteten

I 2012 hadde Ole plutseleg vore i VTNU i fire år.

– Me hadde jobba mykje med omorganisering. Kommunane var ikkje heilt fornøgde, for det var noko som ikkje stemte heilt. Samspelet mellom næringsselskap og kommunar kan vera vanskeleg, og det var det i Vest-Telemark den gongen. Etter ei stor endring i både VTNU og Vest-Telemark-rådet, fekk eg tilbod om å bli med på laget i rådet.

– Eg føler at Vest-Telemark-kommunane er mine kommunar. Eg føler at eg er vesttele, sjølv om eg eigentleg er vegårsheiing. Hjartet mitt er her. Dette er min stad, seier Ole med eit smil.

Han fortel kor stolt han er av miljøet og fellesskapen dei har klart å skape i regionen gjennom åra.

– Eg blir så glad av å sjå det samhaldet me har skapt mellom kommunane. Me har rådmannskollegiet, næringskollegiet og fleire andre sterke faglege samarbeidsorgan på infrastruktur og skule som styrker kommunane. Vi klarer å stå samla i møte med resten av Telemark, og eg meiner vi nyt respekt for arbeidet vi legg ned for å halde saman som region. Det er eg ordentleg stolt av.

Det stemmer godt overeins med korleis Ole ønskjer å leve livet på privaten òg, det. Ei omsorg for og ei oppriktig glede på andre sine vegne.

– Me ser regionen saman. Særleg næringssamarbeidet har me sett stor endring i sidan me starta. Næringssjefane stussa i starten, men no føler dei seg som ordentlege kollegaar. Dei kan vera kjempeueinige, men dei jobbar saman og skaper. Det er vanskeleg for ein næringssjef å få forståing i heimkommunen sin for å sjå utover kommunegrensa, men det er det som trengst.

– Ordførar Halvor Homme (Ap) i Nissedal seier: «Me har ingen regionale samarbeid i vår kommune, og me veks mest». Det er fordi dei får vera med på så mange samarbeid. Det har han forstått. Det er ikkje dumt viss det skjer noko bra i Seljord. Det er bra for næringslivet i Vinje, det. Det å forstå at Vest-Telemark heng saman og at me vil kvarandre ordentleg vel, det er eg så stolt av. Me forstår at det er betre at noko hamnar i Vest-Telemark, uavhengig av kommune, enn at ein ikkje klarar å bli einige her og at det til dømes går til Grenland.

Identiteten vesttelane kjenner på blir stadig halde ved like, sjølv om ting endrar seg og nye politikarar kjem til. Ole seier at me i Vest-Telemark har ein sterk standing i fylket. Folk ser at me jobbar hardt saman.

– Det er ikkje alt me føreslår som blir tatt godt imot av alle, men det har me lært oss å leve med. Det er stort sett positivt, altså, men viss det ikkje er det må me berre jobbe vidare. Eg har ei yrkesstoltheit. Eg er oppteken av meir enn å få løn. Eg er ein ordentleg patriot som er oppriktig glad i Vest-Telemark og vil det beste for alle. Viss nokon snakkar stygt om Vest-Telemark synest eg det er problematisk. Men det er neimen ikkje ofte det skjer, seier han.

Eit framtidsretta Vest-Telemark

– Kva er det viktigaste for Vest-Telemark framover?

– I det seinare har me jobba mykje med å selje inn Næringshage-miljøa til kommunane. Me har nok fått dei til å sjå at det er ein måte å få folk til å flytte hit på. Dei må sjå at det finst jobbmoglegheiter, kanskje til og med til å starte opp noko eige. På den fronten er Vest-Telemark eit førebilete for resten av Telemark. Og det er bra, for me treng å vera best. Me er langt ifrå ferdige, men det er moro å sjå at me har gått frå «er dette vits i, da?» til å bli noko alle ser er lurt. Det held ikkje å ha hus her, me må ha moglegheiter for dei unge me vil ha heimatt til bygdene.

Vesttelen er kvalitetsbevisst, kulturbevisst, og kan stole på han, seier Ole. Han kallar oss heil ved. Det er viktig å kome med nokre kompliment før ein kjem med ei tungrodd oppmoding.

– Vår største skavank i Vest-Telemark er at me har litt vanskeleg for å henge med på endringar. Me byter ikkje ut ting så fort. Det har mykje med den sjølvberginga me er så vane med å gjera. Det kjem nokre fancy ting utanfrå, og så tenker me «ja, me får no sjå». Me seier stopp når det går for fort. Det er mykje som skjer framover no som me berre må hoppe på. Det er så viktig. Men, det er ikkje så lett å endre eit heilt folk – for det er berre slik me er. Me må prøve å skape ein kultur der endring ikkje er så fælt.

– Korleis kan ein få til det, trur du?

– Det er berre ein måte å gjera det på. Ein må oppleve at det er sant. Me må ha konkrete døme å vise til. Gladdøme på endringar som gjekk fort, men som gjekk veldig bra. Vest-Telemark har nokre så store kvalitetar som me alltid vil ha uansett. Det som er det verdifulle her er menneska. Det er dei me må ta vare på. Me må bygge oss. Vest-Telemark utan vesttelen er hestebeite.

– Har du noko bilde av regionen om ti år?

– Om ti år håpar eg at me framleis ser kven me er. At me held saman. At me vernar om dei små kommunane som får det trongt i høve budsjett. Me har ikkje råd til å miste éin einaste kommune, me treng framleis kvarandre. Viss regjeringa held fram med å stramme til så er det nokre av dei minste kommunane som kvelast.

Denne mannen har store visjonar. Planar med vingar. Håp og draumar. Eit framtidsretta blikk ein kvar region kunne trengt ein del av. Han snakkar om framtidas Vest-Telemark.

– Me har ein vanvitig fordel geografisk, med å ligge midt mellom aust og vest. Me burde ha som visjon å bli eit stort handelssenter. Kanskje kan dei som har logistikk mellom aust og vest etablere seg her. Då endrar heile samfunnsstrukturen seg. Attraktivt areal er relativt rimeleg her. Viss me klarar å forvalte det samstundes som me opprettheld eit samfunn som er godt for folk å bu i, så kan det bli veldig bra her, seier han engasjert.

Han tenker mykje på folkevekst. Unge tilflyttarar. Dei som vil heim att. Korleis me skal gjera det attraktivt nok.

– Me må lage samfunn som passar til dei nye menneska som vil bu her. Folk bygger ikkje sine eigne hus lenger. Alle har ikkje gravmaskin meir. Nokon vil sleppe å måke snø. Me må byggje fleire leilegheiter. Me må gjera det greitt for alle. Me må skape gode bygder. Gjera dei sterke. Bevare det varme og vesle. Gjera det godt for dei eldre. Integrere innvandrarar på dei små stadene òg. Dei unge kjem og etablerer seg, men eg håpar at me kan få til eit bygdeliv som er godt for alle. Dei som kjem heim att må bli vesttelar, men den type vesttele som passar deira liv. Vestteleidentiteten må halde fram, men på ein ny måte.

Han kyter fælt av heimbygda si. I Øyfjell har dei fått til mykje, både av tilflytting og aktivitetar. Han meiner det er fordi det bur folk der som vil noko, og så gjer dei det berre. Gjennom dugnad og initiativ.

– Det er sjarmen, det. Men no må me snart gjera det på nytt. For det endrar seg heile tida. Me skal ikkje pakke puter under armane på bygdene, men me skal hjelpe dei med å leve. For det er dei som gjer Vest-Telemark til Vest-Telemark.

Klokka nærmar seg to. Timane flyg når ein har ein god samtalepartnar. Sola står høgt på himmelen. Den blenkjer i vatnet nedanfor tunet. Ole er klar for meir. Svolten på livet.

Anten Ole blir med vidare eller ikkje kjem framtida til Vest-Telemark. Han har alt gjort det beste han kunne gjort for oss alle saman: lagt eit solid grunnlag for vidare utvikling av regionen.

– Når ein blir spent bein på så veldig som eg blei, tek det litt tid før ein får summa seg. Men no er eg klar. Sommaren blir ein tåkelagt veg. Eg må ta steg for steg. Om halvannan månad er kommuneverda i høggir att. Då håpar eg å vera tilbake att.