Fint å vere fleire: Dei fire venninnene frå Seljord trur det er avgjerande at fleire ein kjenner deltek på UKM. – Då blir det ikkje så skummelt å delta den fyrste gongen, seier Eirill. Frå venstre: Eirill Laukelid (13), Tyril Kleiva (13), Susann Skinndalen Pedersen (14) og Bettina Granberg (14).

Ynskjer fleire med på UKM. Inviterte til verkstad

– Eg byrjar jo å vurdere det, sidan venene mine skal, seier Eirill Laukelid (13) som aldri har deltatt på UKM før.

Førre fredag møttest ungdommar frå Seljord og Kviteseid til felles Øpen hall og UKM-verkstad. Det var Eli Taugbøl som fyrst kom på ideen. Ho er kulturskulerektor i Kviteseid og saman med kollegaen sin i Seljord har ho eit ynske om å få til ein oppsving i deltakinga på UKM.

Nedgang etter korona

UKM står for Ung Kultur Møtes og er ein kulturarena for ungdom mellom 13 og 20 år. Dei ynskjer å gi unge menneske moglegheita til å vise fram sine kreative talent og interesser innanfor ei rekke ulike kategoriar, som musikk, dans, teater, film, litteratur og visuell kunst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir også arrangert kvart år på Granvin kulturhus som eit felles arrangement for Kviteseid og Seljord, og skal bli arrangert i februar neste år.

– Dei siste åra har det vore alt frå 10 til 20 deltakarar, fortel Taugbøl.

– Men det var fleire før korona, seier ho som no har tatt initiativ til ein oppsving.

Dei fire venninnene Eirill Laukelid (13), Tyril Kleiva (13), Susann Skinndalen Pedersen (14), Bettina Granberg (14) frå Seljord var på samlinga fredag kveld og er positive til å delta på UKM.

– Fellesskapet er bra

– Eg deltok med song i fjor, og i år skal eg vere med å arrangere det, seier Tyril.

Ho synest noko av det beste ved å delta på UKM var samhaldet og kor lett det var å berre stoppe å prate med folk.

– Eg anbefaler alle vennene mine å vere med i år, seier ho.

Det er også mogleg å delta med andre. Det gjorde Bettina Granberg som dansa saman med ei venninne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var morosamt å gjere det saman med nokon, seier Bettina som også trekkjer fram fellesskapet på UKM som noko positivt.

Dei to andre er ikkje sikre på om dei skal vere med.

– Eg byrjar jo å vurdere det når eg høyrer kva dei andre seier, seier Eirill.

Hadde konsert

Taugbøl har tru på at tidlegare deltakarar er god reklame for å få nye til å delta. Difor ville ho ha med seg Sonja Bakken Braun og Symre Taugbøl Bang. Dei har båe deltatt i UKM fleire gonger. Med både konsert og verkstadar, håpar dei å inspirere fleire av ungdommane til å delta.

– Eg håper at fleire unge vil bli med på UKM og at dei skjønner at ein ikkje treng å vere så flink for å delta, seier Sonja.

Engasjement for kunst: Sonja Bakken Braun har deltatt på UKM i kunstkategorien, alle åra frå ho var 10 til 20 år. No studerer ho visuell kunst og formidling ved UiA.

Taugbøl Bang heldt ein konsert på arrangementet og har sjølv deltatt på UKM alle åra ho var i målgruppa. Ho hugsar at når ein byrja på ungdomsskulen var det mange som slutta med hobbyar og ting dei dreiv med, og ho håper at UKM kan hindre det.

Vil nå dei som ikkje er ein del av kulturskulen

– For meg, som alltid har vore ein del av kulturskulen, var det naturleg å delta, og UKM vart ein årleg arena der eg kunne delta på noko litt meir spennande enn ein kulturskulekonsert.

Eli Taugbøl, som òg er mor til Symre, håpar arrangementet i Kviteseidhallen fredag kan vere med å inspirere dei som ikkje går på kulturskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjennom kulturskulen når me mange av dei som driv med kunst og musikk, men me vil treffe endå fleire, for eksempel dei som driv med skriving og redesign også, seier ho.

Både Symre og Sonja opplevde å kome vidare til fylkesfinale og landsfinale.

– Då får ein overnatte saman med dei andre deltakarane og blir kjend med dei og får vere med på teambygging, konsertar og rett og slett bli kjent med mange trivelege menneske, seier Symre.

Samarbeid: Regine Heimdal frå frivilligsentralen i Kviteseid synest det var fint å invitere Kaktus ungdomsklubb i Seljord til denne samlinga. Ungdomsklubben som møtest annankvar fredag i Seljord reiste med ein gjeng på ca. 30 ungdommar, seier Sara Smith frå Kaktus ungdomsklubb. Frå venstre: Eli Taugbøl, Sonja Bakken Braun, Symre Taugbøl Bang, Regine Heimdal og Sara Smith.