VTB har auka opplaget med 600 i løpet av dei fire siste åra

Vest-Telemark blad har eit godkjent opplag på 5649. Det er hundre fleire enn på same tid i fjor – og 600 høgare enn det var for fire år sidan.

Opplagstala blei presentert tysdag og viser opplaget for fyrste halvår 2022.

Vest-Telemark blad er framleis den tredje største avisa i det som var, og snart igjen blir, Telemark fylke. Eit opplag på 5649 er det høgaste i avisa sidan 2010. Då hadde VTB eit opplag på 5675.

I 2018 var talet 5043. Dermed har opplaget auka med 606 i denne fireårsperioden.

– Opplagstala er hyggeleg lesing og eit bevis på at lokalavisa står støtt i alle dei seks kommunane i regionen, seier redaktør Øystein Øygarden.

Avisa har nå tilsett to nye journalistar og to nye medarbeidar på marknad. Det blir også satsa på VTB-TV, som eit supplement til papiravisa og vtb.no.

– Det viktigaste er å lage god og relevant journalistikk for dei som har tilhøyre til Vest-Telemark, men me må også vera tilgjengeleg på dei plattformene folk er, seier Øygarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje fyrst og fremst fylkesavisene som er konkurrentane våre. I dag konkurrerer me mot Netflix og HBO, Facebook, YouTube og Snapchat. Me må heile tida vera relevante nok til at folk skal velje å bruke tida si på oss, seier redaktøren.

Tor Arve Vartdal, dagleg leiar i VTB, trekkjer fram den digitale veksten som ekstra gledeleg.

– Me har hatt meir enn ei firedobling i nettrafikken dei siste tre åra, seier han.

– Interessa er dessutan framleis stor for annonsar på både papir og nett. Me ser ei fin utvikling i å kombinere dei to i ei pakke, legg han til.

Opplagstal, telemarksavisene

Telemarksavisa 23 600 (+217)

Varden 16 975 (-187)

Vest-Telemark blad 5649 (+100)

Porsgrunns Dagblad 5518 (+250)

Kragerø Blad Vestmar 5217 (-54)

Telen 4348 (-38)

Bø Blad 2746 (+21)

Rjukan Arbeiderblad 2506 (-6)

Kanalen 2104 (+168)

Drangedalsposten 1714 (-95)