Målpris: Leiar i Telemark mållag, Einar Søreide (t.v.), overrekte laurdag målprisen for 2024 til VTB-redaktør Øystein Øygarden.

VTB fekk målpris

Vest-Telemark blad fekk laurdag tildelt Telemark mållags målpris for 2024.

– Me skal laga ei lokalavis på nynorsk. Det er oppdraget vårt, og det er stor stas å bli heidra med mållagsprisen. Den heng høgt. Det er mange som skal ha æra for at VTB får denne. Prisen er ei anerkjenning for arbeidet som er lagt ned i lokalavisa i snart 51 år, seier redaktør i VTB, Øystein Øygarden.

Han fekk laurdag overrekt målprisen av leiaren i Telemark mållag, Einar Søreide.

Artikkelen held fram under annonsen.

I si grunngjeving skriv juryen fylgjande:

«Lokalavisa Vest-Telemark Blad har sidan avisa vart skipa i 1973, vore eit viktig bindeledd for folk i alle dei seks kommunane i Vest-Telemark, og ho har utan tvil vore med på å binde saman kommunane til ein region. Ikkje minst har avisa vore svært viktig for å styrke lokal kultur og nynorsk målbruk.

Avisa vart skipa i kjølvatnet av EF-striden i 1972, og i åra som fylgde, målbar avisa alltid klare meiningar om distriktsutbygging, satsing på lokalt næringsliv, lokal kultur og desentralisering.

Det var eit stort lyft å få i gang ei ny avis for seks kommunar. Heldigvis var det mange eldsjeler i dei ulike bygdene som hadde stor tru og pågangsmot slik at prosjektet kunne realiserast. Mange kunne nemnast. Her tek me med den fyrste styreleiaren Halvor Øygarden og ikkje minst den fyrste redaktøren Tore Skaug. Han la eit svært godt grunnlag for den vidare drifta både økonomisk og med ei stor breidde i innhaldet. Her fekk han uvurderleg hjelp frå den allsidige bladfyken John Straume.

I åra etterpå og fram til i dag har Vest-Telemark Blad halde fram i dei gode spora og vore eit uvurderleg bindeledd for dei seks kommunane. Avisa har vore svært viktig med å syne fram at nynorsk er fullt på høgde med bokmål som eit levande bruksmål på alle område. Slik har både dei som har lange røter i Vest-Telemark, og dei som er innflyttarar, kunna glede seg over ei lokal kvalitetsavis på levande nynorsk.»