VTB er ei av fire aviser i fylket med vekst i opplaget
Vest-Telemark blad har nå eit godkjent opplag på 5829. Det er 158 fleire enn på same tid i fjor.
Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la tysdag fram ferske opplagstal. Opplagstala for avisene blir presentert to gonger i året. Om våren er det 2. halvår året før som blir offentleggjort og om hausten er det tala for 1. halvår. Tala blir samanlikna med tilsvarande halvår året før.
Blant dei ti avisene i Telemark er det fire aviser som hadde eit høgare opplag i 1. halvår 2024 samanlikna med 1. halvår 2023: VTB, Bø blad, Telen og Kanalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er til for lesarane og me er glade for at vesttelane og elles alle som er glade i eller har eit forhold til Vest-Telemark vel VTB som kjelde til å halde seg oppdaterte. Det er heilt avgjerande for at me framleis skal kunne lage ei solid lokalavis for kommunane Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal, seier redaktør Øystein Øygarden til eiga avis.
Han legg til at delen som les VTB berre digitalt stadig aukar, men at papiravisa framleis er den dei fleste føretrekkjer. Eit nytt anbod frå i sommar sikrar at papiravisa også dei komande åra vil kome i postkassa til vesttelane på utgjevingsdagen.
Stabile tal
Telemarksavisa styrkar sin posisjon som den klart største avisa i fylket med eit opplag på 22 882 (minus 4 frå i fjor). Varden går ein del tilbake frå 16 622 til 15 501 (minus 1121).
Samanliknbare tal for dei nesten 120 avisene som er tilknytt Landslaget for lokalaviser, viser at netto opplagstal for 1. halvår 2024 er heilt likt samanlikna med første halvår i fjor. Landslaget for lokalaviser sin generalsekretær Tomas Bruvik seier dette om opplagstala:
– Stabile opplagstal vitnar om at lokalavisene står sterkt landet rundt. Vi gler oss over at folk set pris på avisene våre og den redaktørstyrte, truverdige journalistikken. Det inspirerer oss også til å utvikle vidare den nye samarbeidsdesken i Bergen som LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) er godt i gang med, seier Tomas Bruvik i ei pressemelding frå LLA.