Jubileumsfest: Dagleg leiar i Vest-Telemark blad Tor Arve Vartdal (t.v.) takka Sigrid Straand og Bjørn Bø for engasjementet dei hadde for å starte opp lokalavisa.

VTB 50 år — Sjå bilete og video frå jubileumsfesten

Laurdag vart lokalavisa feira på Straand hotell i Vrådal.

– Dette er ein utopi som har blitt til sanning, sa Halvor Øygarden frå Vinje.

Han var den fyrste styreleiaren i Vest-Telemark Blad og fortalde om korleis ein bitter EU kamp i 1972, der neisida ikkje kom til orde i fylkesavisene, førte til eit opprør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentral i oppstarten: Halvor Øygarden frå Vinje var den fyrste styreleiaren i VTB.

Sigrid Straand og Bjørn Bø fortalde også om korleis ideen om ei eige avis for Vest-Telemark voks fram. Dei var på denne tida studentar.

Jubileumsfest: Sigrid Straand og Bjørn Bø fortalde om oppstarten av avisa.

Regionsordførar Tarjei Draugedal helsa frå ordførarane i Vest-Telemark. Og journalist Geir Ufs fortalde korleis han starta opp med å skrive referat frå fotballkampar og enda opp som fast journalist i lokalavisa.

Tale frå ordførarane: Regionsordførar Tarjei Draugedal helsa frå ordførarane i Vest-Telemark.

Jubileumslåt

Symre Taugbøl Bang har i fleire år vore ferievikar i VTB, men studerer til dagleg på musikkhøgskulen i Oslo. Det var under årets sommarjobb at ideen om ei jubileumslåt vart klekt ut. I låten har alle kommunane fått kvart sitt vers.

I Vrådal hadde ho tromma saman eit band med andre unge vesttelar: Auver Gaaren, Tov Espelid og Jon Espelid.

– Mi favorittlåt, sa ein fornøgd redaktør Øygarden etter framføringa.

Lokalt band: Auver Gaaren frå Fyresdal (t.v.), Symre Taugbøl Bang frå Morgedal, Tov og Jon Espelid frå Treungen.

Med på festen var også E-76, som spelte gamle slagerar.

Konsert: E76 avslutta kvelden med konsert.
Jubileumsfest: VTB feira 50 år på straand hotell
Blei sett pris på: Tone Straume (t.v.) og Kari Skogheim fekk takk for mange års innsats i lokalavisa.
Quiz-forfattar: David Asprusten har laga VTB-quiz i ti år, og var ein av gjestene på jubileumsfesten.
Konsert: Symre Taugbøl Bang hadde med seg eit eige Vest-Telemarksband. Dei framførte fleire låtar, og avslutta med jubileumslåten til VTB.
Skapte liv: Dei frammøtte fekk svinga seg til både Sauekjøt og Raulandsongen av E76.