Fekk pris: Ørjan William Børve, som er 3.-årselev ved Odda vgs, vinn årets stimuleringspris på Dyrsku'n.

Viser husflid og godt handverk

Dommarane ved husflidsutstillinga på Dyrsku'n har vurdert 147 ulike handverksprodukt, og gjev ein kunstsmiar årets stimuleringspris.

Dyrsku'n melder at dei i år har premiert 123 arbeid som blei levert inn til husflidstevlinga. Av desse har 37 fått 1.-premie på tevlinga som er i samarbeid med Noregs husflidslag og Vest-Telemark museum.

– Det er totalt 23 produkt i keramikk som også er ny kategori i år, 48 i kniv, 9 pismiing, 4 i sylv, 30 tekstil og 33 i trekategorien, opplyser Dyrsku'n som viser fram dei premierte gjenstandane i husflidshallen komande helg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjå heile premielista.

I tillegg til 1.-, 2.-, og 3.-premie vurderer dommarane også kandidatar til stimuleringsprisen og diplom for godt handverk.

Ørjan William Børve frå Hovland får årets stimuleringspris, diplom og gåvesjekk på 5000 kroner for ein handsmidd gyngestol. Det blir også delt ut diplom for godt handverk til Bjørn Svensson frå Risør for ein brukskniv, ei handgravert sylvkiste laga av Kjetil Aalandslid frå Høydalsmo, eit kunstobjekt i keramikk laga av Torild F. Jacobsen frå Raudaberg og telemarksbinding laga av Gunhild Isene frå Finstadjordet.

Inne i husflidshallen blir det også ei særutstilling som i år har tittelen «Når ingen lenger kan», eit dagsaktuelt tema for å setje fokus på handverk og teknikkar som om litt kanskje er gått ut av bruk.

– Me håpar at årets særutstilling vil skape interesse blant publikum og rekruttere nye handverkarar. Det blir fokus på handverk som nyttar kløyving av tre som teknikk, og ein vil få sjå både korgmaking og skimaking, melder Dyrsku'n.