Ung kunstnar: Sigrid Bjåen (8) frå Edland skule likte diktet «Bjørki og berget» av Aslaug Vaa, fordi det var så mange ting å teikne etterpå.

Vinjesenteret har fått ny fantasifull hage med hjelp av unge lokale kunstnarar

Tysdag opna Vinjesenteret den nye utstillinga «Fantasihagen», med 140 teikningar av elevar frå barneskulane i Vinje. Teikningane høyrer til dikt og forteljingar av nynorskforfattarar, og vil pryde plenen utanfor senteret fram til slutten av august.

Kunstnarane bak utstillinga er elevar frå alle dei fire barneskulane i Vinje: Edland, Åmot, Rauland og Øyfjell.

– Fleire av kunstnarane har komme innom og spurt når utstillinga er ferdig. Nå kan dei endeleg komme og sjå teikninga si henge framme, smiler Petra Helgesen, som byrja som arenaleiar på Vinjesenteret i mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trivst i ny jobb: Petra Helgesen tok over som arenaleiar i mai, og trivst godt i sin nye heimkommune.

Lesestund og teikning

Helgesen fortel at å invitere ungane frå Vinje til å ta eigarskap i senteret er noko dei har tenkt på lenge. Elevane har deltatt på lesestund med ei nynorskforteljing, og så fått tid til å teikne etter det dei har høyrt. Etterpå blir teikninga laminert og hengt opp ute på plenen rundt den forfattaren og forteljinga som var inspirasjonen.

– Me fekk ideen av skulen i Øyfjell, fordi dei hadde teikningar frå elevane utanfor. Det var utruleg fint, og me ville få til noko liknande, seier Helgesen.

Dei lokale heltane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa er naturlegvis å finne blant forfattarane.

Sigrid Bjåen (8) frå barneskulen i Edland har fått teikne til både «Blåmann» av Aasmund O. Vinje og «Bjørki og berget» av Aslaug Vaa. Ho likte best det siste diktet, då det var fleire forskjellige ting å teikne etterpå.

Vinje i mange formar: Den stolte statuen av Aasmund Olavsson Vinje står no saman med teikningar som ungane frå Edland har laga til det kjente diktet hans «Blåmann».

Satsing på barneaktivitetar

I løpet av denne veka og neste skal me utvide utstillinga med tre forfattarar til. Kvar dag klokka 13 blir det lesestund og deretter tid til å teikne. Alle ungar som kjem innom senteret desse dagane kan vere med.

Noko av målet med utstillinga er å gjere det meir tydeleg for forbikøyrande at her er det aktivitetar for dei minste også.

– Senteret kan nok sjå litt «vaksent» ut utanfrå. Me har ein god del barneaktivitetar, og eg håpar utstillinga er med på å få fleire barnefamiliar til å stikke innom, seier Helgesen.

Ho har sjølv jobba mykje med nynorsk barnelitteratur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg viktig at barn får oppleve krafta av forteljingar på eit språk som liknar det dei snakkar. Det er meir tilgjengeleg og styrker identitet og tilhøyre, seier Helgesen.

Kreativt: Fantasien slapp fri då ungane fekk teikne etter å ha høyrt «Det runde problemet» av Vegard Markhus. Resultata vil etter kvart bli hengt opp utanfor senteret.

Mykje å sjå

Det var godt oppmøte til opninga, og nesten alle var med inn for å høyre ei ny forteljing og teikne.

– Veldig kjekt at det kom så mange. Det er mykje forskjellig å sjå på ute og inne så eg håpar dei kjem igjen, seier Helgesen.

Denne dagen var det forteljinga om «Det runde problemet» av forfattaren Vegard Markhus som stod for tur. Ungane viste stolt fram teikningane sine til ein entusiastisk arenaleiar.

– Eg vil ikkje røpe handlinga heilt, så om folk er nysgjerrige må dei kome og sjå på teikningane når dei etter kvart dukkar opp ute, seier ho.

Moro: Ungane hadde det moro med å springe mellom teikningane, her til «Fiske på isen» av Tarjei Vesaas. Jubilanten vil vere sentral i programmet til Litteraturdagane i år.