Ungdomsklubb i Åmot: Vebjørn Groven (t.v.) og Iver Øyre Aaland testar det splitter nye biljardbordet.

Vinjebue har blitt ungdomsklubb. – Me beheldt teppegolvet, elles hadde me ikkje hatt råd til biljard eller noko

Borte er dei kvite veggane, symaskinene og trehyllene med garn og bunadtøy. Det svartmåla lokalet som før var Vinjebue byr no på biljard, bordtennis og store skjermar.

– Me var med på å måle her, fortel Vebjørn. Han og klassekameratane Ingar og Iver viser VTB rundt i den nye ungdomsklubben i Åmot. I denne enden av lokalet er det eit mindre rom med to gamingstolar, og eit større rom med diger sofa og stor skjerm.

– Her kan me sjå på YouTube og slikt, forklarar gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå skjermavdelinga går me gjennom kiosken, som har ljose flisar på golvet og bardisk langs glasruta. Til vanleg vil det vere diverse snacks og brus å få kjøpt her, men i kveld er det opning, så høge stettglas med velkomstdrinkar står på rekke og rad – og det same gjer kakefata.

På andre sida av kiosken kjem me til eit stort allrom med fleire sitjegrupper, bordtennis- og biljardbord og hyller med brettspel. Vebjørn hentar ein kø frå stativet på veggen og spreier biljardkulene. Iver tek utfordringa, men det viser seg å bli eit kortvarig spel.

– Ups, det var visst 8-aren, ler han då den svarte kula går ned i eitt av hola.

Allrommet: Åttandeklassingane Vebjørn Groven (t.v.), Iver Øyre Aaland og Ingar Kostveit Seltveit er veldig fornøgde med at Åmot no har ein ungdomsklubb. Her viser dei fram allrommet med sittegrupper, bordtennis og biljard. Det einaste sporet etter Vinjebue er dei ljose felta i teppegolvet, som avslører kvar disk og hyller brukte å stå.

Spente på dugnadsånda

Gutane går vidare til favorittspelet sitt, bordtennis. Dei har klubben heilt for seg sjølve enno, for det er ein halvtime til den offisielle opninga. Grunnen til at dei er tidleg ute finn me i sofaen rett ved biljardbordet. Her sit seks spente foreldre som alle er med i styret for ungdomsklubben. Det er snart eitt år sidan klubben vart stifta, og no er dei straks klare til å ta imot ungdommane.

Familiedugnad: Denne gjengen er med i styret for ungdomsklubben og har stått på for å få til klubb i dei gamle Vinjebue-lokala, f.v. Anne Kristin Kostveit Seltveit, Gry Hustveit, Iselin Øyre, Ida Johansen, Halvor Hylland Olsnes og Oddvin Seltveit. Det er også tre ungdommar med i styret, og to av desse har foreldre i sofaen.

– Det vert spanande å sjå på responsen frå foreldra. På dugnadsånda, seier Iselin Øyre, som er mor til Iver.

For det er foreldra som skal syte for drifta av klubben. Planen er at dei skal halde ope kvar onsdags- og fredagskveld, og styret har sett opp alle dei føresette i ungdomsskulen i ei vaktliste.

– Men me har med ein frå styret kvar gong fram til vinterferien, slik at me er her kvar gong til me er ordentleg i gang, seier Øyre.

Dei seks eldsjelene har gjort mykje av oppussingsjobben sjølve, men fekk god hjelp av andre foreldre då det var vaskedugnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det var med nokre foreldre og bra med ungdommar då me hadde måledugnad, legg Øyre til.

Foreldregjengen håpar dei etter kvart også får tak i unge vaksne som kan ha lyst til å vere med og drive klubben.

– Det vil gjere klubben endå meir interessant for ungdommane, meiner Oddvin Seltveit, som er far til Ingar.

Ein gut kjem inn døra og ser seg rundt.

– Er det ingen her?

– Du er litt tidleg ute, men berre gå og sjå deg rundt, seier Øyre. Ho og dei andre foreldra i klubbstyret er også spente på korleis klubben slår an i målgruppa. Det er kring 50 elevar på ungdomsskulen i Åmot, og dei håpar mange av desse vil koma hit.

– Det kan vel kanskje ta litt tid å få dei til å bruke klubben, trur styremedlem nummer tre, Ida Johansen.

– Men dei yngste kjem nok raskt i gang, for dei er vande med å ha juniorklubben frå mellomtrinnet, meiner Øyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idékasse: Ungdomsklubben skal vere mest mogleg som ungdommen sjølve ønskjer han, og derfor står det ei idékasse lett tilgjengeleg i lokalet.

Gjenbruk og nabohjelp

Klubben har fått støtte til å koma i gang frå sparebankstiftingane til DNB og lokalbanken, og frå Sanitetslaget og kommunen.

– Til saman har me fått inn kring 280 000 kroner, seier Halvor Hylland Olsnes, som er rekneskapsansvarleg i styret.

Det er ingen kjempesum, men med mykje god gjenbruk har dei kome i hamn med eit flott lokale.

– Me beheldt teppegolvet frå Vinjebue, ellers hadde me ikkje hatt råd til biljard eller noko, seier Seltveit, som også bekreftar at dei har støvsugar lett tilgjengeleg.

Fleire bord og kunstige planter kjem frå Rauland omsorgssenter, og kioskdisken er den gamle Vinjebue-disken.

Ballgut: Oddvin Seltveit har vore ein av handymennene i dugnadsgjengen som har pussa opp lokalet, og han fekk tak i bord frå bygdeheimen. – Det er heiltre, så dei toler ein trøkk, smiler Seltveit, som her er i gang med å redde ein bortkomen bordtennisball.

Takka vere ein snill nabo har dei Wifi også.

– Me får bruke nettet til Revisorteam som er i andre høgda her, for dei er jo ikkje her på kveldstid, smiler Hylland Olsnes.

I den vidare drifta får klubben husleige og straum dekt av kommunen, og 20 000 kroner i årleg støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei lita mørk sky

Klubblokalet som var Vinjebue er ikkje til å kjenne att, men fortida som forretning er likevel ei lita mørk sky på horisonten. For lokalet er framleis regulert til næring, og klubben har berre fått løyve til mellombels bruksendring som gjeld til juni i år.

– Det er jo litt demotiverande at det berre er for eitt år om gongen, innrømmer Øyre. Ho kjenner seg likevel trygg på at jobben dei har lagt ned vil bere frukter i lang tid.

Og når me snakkar om frukt, vert det fart i gjengen. For no er klokka nesten 18, og styremedlem nummer fem, Gry Hustveit, sprett opp. Ho finn fram frosne druer og set i gang med å sleppe eit par ned i kvar velkomstdrink. Den sjette styreforelderen, Ann Kristin Seltveit, går for å hente meir kake medan ho ropar over skuldra:

– Tenner de faklane, gutar?

Straks klart: Det har endra seg litt, det ein ser når ein kikkar inn rutene på gamle Vinjebue. Her puttar Gry Hustveit frosne druer i velkomstdrinkane, Ida Johansen er i farta, og Iselin Øyre legg kake på fat.
Hjelpsame: Ungdommane har vore med og måla ungdomsklubblokalet. På opninga spring dei på bui for å kjøpe lighter, og tenner så faklane ved inngangen.

Dei får fyr på fakkelrekkene akkurat i tide, for ute begynner ungdommane å dukke opp. Snart har ein jentegjeng på seks samla seg og kjem gåande mellom faklane og inn døra. Med kvar sin druedrink i handa kaprar dei ein hjørnesofa.

– Det er veldig bra med ein ungdomsklubb. Bra å ha ein stad å møtast, seier Sunniva, og alle seks tek ein fnisete skål for klubben.

Når kvelden er omme har heile 40 ungdommar funne vegen inn for å henge på den nye ungdomsklubben i Åmot, og styret er kjempefornøgde.

– Dette var veldig moro!

Artikkelen held fram under annonsen.

Skål for klubben: Denne jentegjengen frå 8. og 9. klasse var blant dei fyrste som kom for å teste den nye ungdomsklubben i Åmot, f.v. Sunniva Tveito, Solveig Kleiv, Mari Hovden Høgset, Aslaug Ringhus og Astrid Tjønn.