Veit du kva spesiell handling i 1756 som gjorde Giacomo Casanova vidgjeten?

Veit du kanskje også når den øvre delen av Telemarkskanalen stod ferdig bygd? Då er det berre å køyre quiz!

Davids lokale poengskala

0–5 rette: Men mor, å mor, eg lengtar heim te mor …

Artikkelen held fram under annonsen.

6–9 rette: Korkje for låg eller for høg i hatten. Kanskje vert summen tosifra neste veke?

10–14 rette: Applaus! Det vankar Skreppa-brau med Kviteseidsmør i premie.

15–19 rette: Full sats og lekkert telemarksnedslag.

20–25 rette: Sjølvaste Sterke-Nils! Ta kontakt for personleg helsing.

Aktuelt

1. Kven tok i 2021 over som leiar av Framstegspartiet etter Siv Jensen?

2. Den årlege jordbruksavtalen vert inngått mellom staten og to organisasjonar med «lag» i namnet. Kva for to lag med forkortingane NB og NBS?

3. Kor mange personar kan vere på elsparkesykkelen om gongen, ifylgje dei nye reglane?

4. Det norske motorsporttalentet Dennis Hauger vann nyleg si fyrste runde i ikkje Formel 1, men kva lågare klasse?

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Forfattaren Lucinda Riley er aktuell med den sjuande romanen i bestseljarserien «De syv søstre». Denne sjangeren nyttar ofte bokomslag der me ser ei kvinne på kva måte?

A: Bakfrå i vakkert landskap B: Ovanfrå i liggjande stilling C: Sitjande ved skrivebord, sybord eller liknande

Svar «Aktuelt»

1. Sylvi Listhaug.

2. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Me godtek dei nære variantane «Norsk Bondelag» og «Noregs Bonde- og Småbrukarlag».

3. Ein.

4. Formel 3.

5. A: Bakfrå i vakkert landskap.

Allmenn

6. Kva ord kan vise til ein type skip, ei verneinnretning på til dømes ei bru og dessutan noko som løyser opp ei reservert stemning?

7. Kva Petter Dass-salme er nummer 1 i Norsk salmebok 2013?

8. Den øvre delen av Telemarkskanalen heiter Bandak–Norsjø-kanalen. I kva år med 2 som siste siffer vart han bygd ferdig?

9. Ifylgje WorldAtlas.com er verdas fire største ullprodusentar høvesvis _____, Kina, USA og _____. Kva for to land i den same verdsdelen er utelate?

10. Som komikar er Jonas Kinge Bergland òg profilert i det andre yrket sitt. Kva yrke?

Artikkelen held fram under annonsen.

11. I 2020 vart Rabothytta kåra til landets finaste ubetente DNT-hytte. I kva for eit fylke ligg ho?

12. Rabothylla er kalla opp etter franske Charles Rabot, som undersøkte Nordkalotten. I 1883 leia han fyrsteoppgangen på Sveriges høgste fjell. Kva heiter det?

13. Du trillar to vanlege terningar. Kva sum er det størst sjanse for å få?

14. Bilete: Kva spesiell handling den 31. oktober 1756 gjorde Giacomo Casanova vidgjeten?

15. Kva vil mest truleg vere morsmålet til ein innbyggjar på Kreta?

16. Kva er shahada, som utgjer dei fem søylene i islam saman med rituell bøn, rituell avgift, faste og pilegrimsferd til Mekka? Eitt ord held som svar.

17. Vert gryteklutar til med berre hekling, berre strikking eller både hekling og strikking?

18. Dei fanst før, men inngår nå i vanleg bankverksemd. Kva utgått ord tyder bank som gjer lån mot pant i fast eigedom?

Artikkelen held fram under annonsen.

19. Kva for eit førenamn delte dei spanske biletkunstnarane Zurbarán og Goya?

20. Kva låg talet norske studentar på frå 1820-åra til 1860-åra: om lag 100, 1000 eller 10 000?

21. I 1969 debuterte åtte år gamle Anita Hegerland med hiten «Hvis jeg var en fugl». Kven er det eg-personen vil fly til over havet?

22. I olympisk bogeskyting har blinken ti konsentriske sirklar. Sett innanfrå er dei to og to i gul, raud, blå, svart og kva femte farge?

23. Her til lands markerer me fårikålen på den siste av kva vekedag i september?

24. I dagens Russland er FSB den primære etterfylgjaren til kva organisasjon som eksisterte frå 1954 til 1991?

25. Finst det flygedyktige fuglar som hekkar i Antarktis?

Svar «Allmenn»

6. Isbrytar.

7. «Herre Gud, ditt dyre navn og ære».

8. 1892.

9. Australia og New Zealand.

10. Lækjar.

11. Nordland.

12. Kebnekaise.

13. Sju.

14. Å rømme frå fengsel. (Han var skulda for magi, men rømte frå fengselet i Dogepalasset i heimbyen Venezia.)

15. Gresk.

16. Truvedkjenning.

17. Både hekling og strikking.

18. Hypotekbank.

19. Francisco.

20. Om lag 100.

21. Faren sin.

22. Kvit.

23. Torsdag.

24. KGB.

25. Ja. (Pingvinane utgjer berre nokre av dei om lag 45 fugleartane me har registrert at hekkar i Antarktis. Døme på andre artar er sørjo og snøpetrell.)