Smaksprøve: Åsne Vesaas frå Vinje delar ut smaksprøve på kjendispølsa Vesaaskurv til finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Vedum besøkte Dyrsku'n på laurdag – det gjorde meir enn 40 000 andre også

Det var folksamt på Dyrsku'n på laurdag, og arrangøren melder at 40 100 var innanfor portane i løpet av dagen.

Fredag var det 28 000 som besøkte landbruksmessa i Seljord.

Systrene Sigrid og Åsne Vesaas frå Vinje er på plass i lokalmatteltet på Dyrsku'n, og deler ut smaksprøver av den berømte Vesaaskurven. Også finansminister Trygve Slagsvold Vedum ville smake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er 25 år sidan foreldra mine starta å produsere Vesaaskurv, og mor mi har stått på stand her i 23 år og seld Vesaaskurv, fortel Åsne, som nå har overtatt gard og drift, og då også produksjon av Vesaaskurven.

Laurdag har ho med seg systera Sigrid på stand, men fredag var mor hennar også i sving. Laurdag føremiddag er det framleis romsleg i teltet, men dei har nok å gjere.

– Det går litt i rykk og napp, fortel Åsne.

For folk i Vest-Telemark og resten av Telemark er kurven blitt ganske kjend, og det er ein del som alltid kjøper på Dyrsku'n.

– Særleg vestlendingane kjem nå, så me har ein del faste kundar.

Tradisjon: Det er 25 år sidan foreldra deira byrja å produsere Vesaaskurv. Nå er systrene Sigrid (t.v.) og Åsne Vesaas frå Vinje på stand og sel den populære kurven.
Les også
Budokke fekk både 1.-premie og Dyrskuprisen

Til Seljord med 150 kilo brunost

Gro Hommo frå Lega har også tatt turen til Dyrsku'n med sin populære geitost. Men ho har ikkje like mange produkt som ho brukar å ha.

– Me har litt innkøyringstrøbbel med maskinene i dei nye lokala på Rauland, så eg har berre med meg brunost og knubbost, fortel Hommo.

Ysta på gamlemåten: Gro Hommo i Lega har litt trøbbel med maskinene i det nye lokalet på Rauland. Brunosten ho sel på Dyrsku'n har ho ysta på gamlemåten.

Kvitosten har ho ikkje med seg fordi ho ikkje har igjen av den. Men 150 kilo brunost har ho på stand i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den har eg ysta på gamalt vis i jerngryta.

– Får du selt 150 kilo i løpet av helga, trur du?

– Jada, det gjer eg. Eg har selt godt så langt, smiler ho.

Næraste naboen til Lega i lokalmatteltet er Skreppa frå Morgedal.

Dei har eit nytt produkt på menyen.

– Dette er ei matsvele, den er ikkje søt, og du får den med rjome og så kan du velje mellom skinke og røykt aure, fortel dagleg leiar i Skreppa, Inger Marie Bakås.

Travelt: Det er mange hender i sving når Skreppa skal levere tradisjonsmat til gjestene på Dyrsku'n. Inger Marie Bakås (t.h.) har fått hjelp av Berit Skjærdal frå Sande i Vestfold. Mellom anna.

Fredag ettermiddag på Dyrsku'n blei Kim og Bjørg T. Hopland si verksemd Telemarklam heidra som årets Lokalmatgründer 2022. Laurdag ville finansminister Vedum smake på produkta deira.

Årets lokalmatgründar: Kim og Bjørg T. Hopland si verksemd Telemarklam vart fredag heidra som årets lokalmatgründar.