Instruktørar og nokre av kursdeltakarane var samla på opningskvelden.
Instruktørar og nokre av kursdeltakarane var samla på opningskvelden. Foto: Privat

Unge trykkekunstnarar held utstilling

Onsdag opna ei kreativ utstillinga på biblioteket i Seljord.

I vinter har over 20 barn og ungdommar vore med på kunstkursa «Trykkeverkstad» og «Eventyrleg verkstad» i Seljord.

Onsdag opna dei ei utstilling på biblioteket, der alle kan sjå kva deltakarane har jobba med: Ulike trykketeknikkar, skuggefigurar, dikt og eventyr. Utstillinga står til og med onsdag 10. april, og alle er hjarteleg velkomne innom helsar dei tilsette på biblioteket.

Kursa er gjennomført i regi av Seljord kunstforeining, biblioteket og frivilligsentralen, med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

tone.tveit@vtb.no