Gler seg: Milia Lauvstad og David Pascal likte swingkurset og gler seg til å danse på ballet på kvelden.

Ungdomsskuleelevane fekk lære swing av fersk noregsmeister. På kvelden praktiserte dei det dei hadde lært

Swing, linedance og polonese stod på timeplanen til elevane ved Seljord ungdomsskule denne dagen. Det dei lærte skulle dei praktisere på joleballet seinare på kvelden.

Før fredagens joleball for ungdomsskuleelevane i Seljord, var det fullt trykk i salane på Granvin kulturhus. Der stilte Seljord og Kviteseid swingklubb som instruktørar i både linedance og folkeswing.

Laila Skindalen, leiar i swingklubben, er glad for at ungdomsskulen tar initiativ og ber om kurs for elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er moro at skulen legg så mykje i det. Og me håpar sjølvsagt å rekruttere fleire unge til å danse, seier ho.

Noregsmeister som instruktør

Med som instruktør var Hans Thomas Groven Aspheim, som i oktober vart noregsmeisteren i folkeswing. Han er knytt til klubben i Seljord, og har halde kurs for ungdommar tidlegare.

For mange av elevane er det fyrste gongen dei prøvar å danse swing. Hans Thomas vedgår at det kan vere utfordrande å instruere ungdommar i dans.

– Det er utfordrande å få ungdommane til å høyre etter og fokusere, men det er moro å sjå at fleire til slutt får taket på det, seier den erfarne dansaren.

Han sjølv byrja å danse i 2012, då han bestemte seg for å lære swing ordentleg, etter å ha blitt beden til dans av kona til sjefen.

– Ute på dansegolvet fann eg ut at «dette må eg lære meg», ler han.

For Hans Thomas er dansen ei stor glede.

– Eg likar fridomen ved det, seier han. Det er både utfordrande og avslappande på same tid, og når alt kjem på plass, gløymer du alt anna. Då er det berre musikken, turane (stega/runde i dansen) og partnaren som betyr noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidi Strand, som er Hans Thomas sin dansepartnar på kurset, understrekar at det viktigaste er å skape glede rundt dansen.

– Me håpar å så eit lite frø hos ungdommane, slik at dei kanskje får lyst til å danse meir, seier ho.

Hans Thomas snakkar også varmt om dansetilbodet som finst i fylket.

– Ein kan danse kvar dag om ein vil. Og dans er utruleg moro, seier han entusiastisk. Og til dykk som kjente at dette var litt moro, så er det berre å glede dykk. Det er ei stor verd der ute.

Swing: Elevane øvde seg i kulturhuset før joleballet seinare på kvelden.

Gler seg

Før kursa i swing og linedance hadde elevane gjennomgang av polonese, som er ein tradisjonell dans dei skal framføre på ballet. Dette var det fleire som synest var artig.

– Detta er moro, seier Martin Bjørge.

– Det blir moro å danse med gutane, seier Signe Dyrland, som gledde seg til kvelden.

Gler seg: Signe Dyrland og Martin Bjørge gler seg til joleballet, og synest polonese er morosamt.

David Pascal og Milia Lauvstad likte timen med swing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig moro å lære ein dans som ein ikkje dansar så ofte, og det er gøy å lære det av profesjonelle, seier Milia.

– Det er andre gongen eg har dansa swing, og eg synest det er ganske gøy, seier David.

Dei såg fram til ballet seinare på kvelden.

– Eg gler meg til å ha det moro saman med vener, seier David.

Ha det gøy

Hans Thomas og Heidi synest ungdommane var lærevillige.

– Dei har gjort ein god innsats, og dei trinna dei har lært no er byggeklossar for å kunne lære meir swing i framtida, seier Heidi.

Dei håpa på mykje dans på ballet seinare på kvelden.

Kva vil de seie til dei ungdommane som eigentleg likar å danse, men som kanskje ikkje heilt tør?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fortsett å danse. Ha det gøy. Det er det viktigaste, seier Hans Thomas og understrekar at dans absolutt kan vere kult.

– Og ikkje gje opp, sjølv om det ikkje sit med ein gong, avsluttar Heidi.

Swingkurs: Hans Thomas Groven Aspheim vart noregsmeister i folkeswing i oktober. Denne dagen hadde han kurs for elevar ved Seljord ungdomsskule. Det dei lærer skal dei praktisere på joleballet.