Underhaldning for familien med Davids quiz

Aktuelt

1. Det nye koronaviruset og den tilhøyrande sjukdommen har kvart sitt namn. Kva namn på fem bokstavar og to siffer har sjukdommen?

2. I kva politisk parti er Trine Skei Grande avtroppande som leiar, etter å ha sete sidan 2010?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Og med avgangen hennar har me fått ny kunnskapsminister, samtidig som det òg er ny fiskeriminister. Kven kler desse to postane?

4. Det er over ti år sidan sist ein nordmann gjekk sigrande ut. I kva sport vann Aleksander Aamodt Kilde verdscupen samanlagt sesongen 2019/2020?

A: Alpint B: Langrenn C: Skiskyting

Svar: «Aktuelt»

1. Covid-19. Viruset heiter derimot sars-CoV-2.

2. Venstre.

3. Guri Melby og Odd Emil Ingebrigtsen.

4. A: Alpint.

Islam på A

1. Kva er det arabiske ordet for gud, og såleis det me på norsk kallar gud i islam?

2. Av europeiske land med stor del muslimar har me Bosnia-Hercegovina, Kosovo, Tyrkia og kva for eit land på A? For ordens skuld reknar eg då Kasakhstan og Aserbajdsjan til Asia.

3. Kva sjiittisk ærestittel for ein høgare, autoritativ rettslærd eller teolog tyder «Guds teikn»? Eit kjent døme på innehavar er han som var Irans statsleiar frå 1979 til 1989.

4. Muharram er den første månaden i den islamske kalenderen. Kva heiter den tiande dagen her, som er især viktig for sjiamuslimane? Dei minnast martyrdøden til imam Hussein – Muhammeds barnebarn – ved Karbala i 680.

Artikkelen held fram under annonsen.

A: Ahmadiyya B: Amin C: Ashura

Svar: «Islam på A»

1. Allah.

2. Albania.

3. Ayatollah.

4. C: Ashura.

På Mars

1. Kor mange menneske har vore på planeten Mars?

2. Viking 1 og Viking 2 vart dei første romfartøya med vellukka landing og verksemd på Mars. Kva for eit land skaut i 1975 opp desse to romsondane?

3. Kva engelsk ord på fem bokstavar nyttar vi om eit fjernstyrt, motorisert køyretøy? Så langt har me hatt fire velfungerande slike på Mars: Sojourner, Opportunity, Spirit og Curiosity.

4. Over kva omtrentleg intervall varierer temperaturen på Mars, målt i grader celsius?

A: Minus 250 til minus 50 B: Minus 140 til pluss 30 C: Pluss 10 til pluss 180

Svar: «På Mars»

1. Ingen.

2. USA.

3. Rover.

4. B: Minus 140 til pluss 30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møbelkommunen Sykkylven

1. Kva heiter den regulerbare lenestolen som kom i 1970-åra, og som må vere Ekornes sitt mest kjente varemerke? I norsk språk har merket blitt appellativisert; altså nyttar me ofte namnet om kva som helst regulerbar lenestol.

2. I kva distrikt, der Ålesund er den største byen, ligg kommunen Sykkylven?

3. Kven (1920–2002), som både føddest og døydde i Sykkylven, har lenestolen Siesta som hovudverket sitt? Stolen vart opphavleg produsert av Vestlandske Møbelfabrikk.

Bilde til spørsmål fire i kategorien «Møbelkommunen Sykkylven».

4. Bilete: Kva møbelprodusent står bak sofaen Hal, som har vorte tildelt Hedersprisen av Norsk Designråd?

A: Brunstad B: Formfin C: LK Hjelle

Svar: «Møbelkommunen Sykkylven»

1. Stressless.

2. Sunnmøre.

3. Ingmar Relling.

4. C: LK Hjelle.

HBO-seriar

1. Frå rundt tusenårsskiftet har HBO vorte ein stadig meir verdsett skapar av fjernsynsseriar. Til dømes med «Six Feet Under» (2001–2005). Kva type byrå handlar denne serien om?

2. Kva miniserie frå 2019 har Jared Harris, Stellan Skarsgård og Emily Watson i sentrale roller? Tittelen er identisk med byen der katastrofen skjedde 33 år tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva kjend, mannleg skodespelar (1929–2020) hadde ein birolle som The Three-eyed Raven i «Game of Thrones»?

4. Handlinga i «The Wire» finn stad i Marylands mest folkerike by. Kva by er det?

A: Annapolis B: Baltimore C: Philadelphia

Svar: «HBO-seriar»

1. Gravferdsbyrå.

2. «Chernobyl».

3. Max von Sydow.

4. B: Baltimore.

Irske byar

1. Ein kjend, patriotisk song heiter «It’s a Long Way to …» kva by sentralt i det sørlege Irland?

2. Ligg Cork ved austkysten, sørkysten eller vestkysten?

3. Med forbokstav K: Kva ganske stor, irsk by har gjeve namn til eit øl som skulle vere godt kjent blant nordmenn på pub?

4. Kva elv renn gjennom Dublin?

Artikkelen held fram under annonsen.

A: Barrow B: Liffey C: Shannon

Svar: «Irske byar»

1. Tipperary.

2. Sørkysten.

3. Kilkenny.

4. B: Liffey.

Christopher Hornsrud

1. Kva stort, norsk parti danna tilbake i 1928 si første regjering, med Christopher Hornsrud som statsminister?

2. Nokre tiår tidlegare var Christopher Hornsrud med i Venstre. Då kjempa han for det som menn fekk i 1898 og kvinner i 1913 – altså allmenn …

3. Kva var det Christopher Hornsrud opplevde 15. november 1959?

4. Christopher Hornsruds regjering er med sine 18 dagar den kortast sitjande i norsk historie. Kva årsak vert framheva bak mistillitsforslaget mot regjeringserklæringa?

A: Uvilje til å garantere sikkerheit for bankane B: Ynskje om partimedlemskap i Komintern

C: Ynskje om å gjeninnføre brennevinsforbodet

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar: «Christopher Hornsrud»

1. Arbeidarpartiet.

2. Røysterett.

3. Å fylle 100 år.

4. A: Uvilje til å garantere sikkerheit for bankane (under den økonomiske uroa i kjølvatnet av regjeringsdanninga).

Tocar la guitarra

1. På spansk kan ein seie «TOCAR la guitarra», men «JUGAR al fútbol». På norsk ville me derimot nytta eitt og same verb. Kva verb er det?

2. Kva musikkform med song, dans og akkompagnement av især gitar vert forbunde med sigøynarane i Andalucía? Han vert utøvd etter tur av éin og éin dansar.

3. Den opposisjonelle gitaristen Victor Jara vart arrestert, torturert og drepen like etter militærkuppet i Chile. I kva år var det?

4. Kva gitarvirtuos (1778–1839) lagde òg ein rekke komposisjonar for instrumentet, og var kring dei første til å nytte gitaren i klassisk musikk?

A: Fernando Sor B: Francisco Goya C: Francisco Tárrega

Svar: «Tocar la guitarra»

1. Spele.

2. Flamenco.

3. 1973.

4. A: Fernando Sor.

Poengsamlaren

Sport

4 poeng: I 2001 skulle det internasjonale forbundet kåre hundreårets beste utøvar. På kvinnesida vann cubanske Regla Torres. På herresida vart sigeren delt mellom amerikanske Karch Kiraly og italienske Lorenzo Bernardi.

3 poeng: Denne lagidretten kom på det olympiske programmet i 1964. Her i Noreg heiter det øvste nivået Mizunoligaen. (Båe opplysningane gjeld for båe kjønn.)

2 poeng: Den første delen av namnet på denne ballsporten er eit ord som tyder «slag eller spark på ballen før han kjem nær bakken».

1 poeng: Du får namnet på ein liknande sport ved å setje ordet «sand» framfør.

Svar: «Poengsamlaren»

Volleyball