Vil ha eit aktivt turlag: Henriette Hack (f.v.) og Guro Skaara er frivilligheitskoordinatorarr i DNT Telemark.

Turlaget slit med rekrutteringa. – Kan du sjå for deg eit Tokke utan turlag?

Tokke turlag vart etablert i 2021. Men dessverre slit turlaget tungt med å få tak i nok frivillige til å arrangere turar og aktivitetar.

Det fortel DNT Telemark i eit presseskriv.

– Turlaget har lagt ned mykje godt arbeid dei siste åra. Nå håpar me dei som bur i Tokke kjem saman, og sørgjer for at turlaget lever vidare, seier Henriette Hack.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hack arbeider med frivilligheita i DNT Telemark. Det gjer også Guro Skaara. Dei to fortel at dei har hatt eit ekstra fokus på Tokke den siste tida.

– Me har følgt opp Tokke turlag litt ekstra i det siste. Dei føler at dei treng nytt blod for at det framleis kan vera eit tilbod for innbyggjarar som ønskjer å bli kjend med og bruka nærnaturen sin meir, fortel Skaara.

Hack og Skaara håpar at dei kan lokke fleire friluftsinteresserte i tida som kjem. I slutten av januar tek dei turen til Tokke.

– Tysdag 30. januar finn du oss på Tokke kulturhus, der me skal fortelja om turperler i Telemark med bilete, video og mange gode tips til turmål, seier dei.

Dei meiner naturen i Tokke og resten av Vest-Telemark er heilt unik, og langt på veg kan måla seg med den berømte naturen på Vestlandet.

– Det bør jo dei som bur der få nyta aller best av. Den er jo faktisk mest tilgjengeleg for dei, meiner Skaara og Hack.

– Det går jo ikkje an at Tokke ikkje skal ha sitt eige turlag? spør dei to.