På post: Frå venstre: Katrine Solvang Rinden, Synne Østvedt Kjellaug og Tuva Smalås Bergheim. Her skulle dei prøve å tyde kva for dyrespor som var avbilda.

Turlag markerte frivilligåret med familiedag

Sundag inviterte turlaget i Tokke familiar til rebusløp, balansering på line, orientering med kart og kompass, og grilling på badeplassen i båthamna på Dalen.

Over heile landet denne sundagen markerte DNT (Den Norske Turistforening) dagen, for å heidre dei frivillige og for å skape merksemd om organisasjonen. I år det frivilligåret i Noreg, og kvar frivillige organisasjon har fått ein dato tildelt med felles markering over heile landet.

– Ikkje for komplisert

Gry Skålid, ein av vertane på familiedagen, hadde ikkje noko forventingar om kor mange som skulle kome.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har førebels lite midlar i turlaget og er nystarta (blei etablert i november i fjor, red. merk.) og hadde ikkje så store ambisjonar med denne dagen – det er det fyrste arrangementet me har. Dessutan er det viktig for oss å markere den frivillige innsatsen i Noreg. Dei fleste lag og organisasjonar i landet er heilt avhengig av dei frivillige. Viss nokon vil bli med i Tokke turlag er det berre å ta kontakt med oss, sa Skålid.

Engasjerte barn

Barna som var der var ivrige og flinke. Eit døme var ni år gamle Line Lillegård. Ho var raskt igjennom orienteringsløypa og klarte løysingsordet «Turbo». På kvar post var det ein bokstav som ein til slutt skulle sette i saman til eit ord.

– Eg har brukt kart og kompass før og syntest det gjekk greitt. Vanskegraden var passe for meg og eg hugsa litt frå førre gong eg bruka det, sa ein glad Lillegård etter å ha gjennomført ruta.

Premieutdeling: Godteri var dagens premiar i rebusløpet og alle deltakarar fekk. Deltakar Line Lillegård med familie i bakgrunnen følgjer spent med på kva resultatet blir.

Nokre tok ikkje postane i rett rekkjefølgje, og då blei det litt kluss med løysingsordet. Men barna syntest tydelegvis det var moro og kosa seg med foreldre og besteforeldre på orienteringsturen rundt hamneområdet og Tangane.

Fornøgd med oppmøtet

Rebusløpet fenga også og det blei tenkt hardt over spørsmåla ein fekk på postane. Det var mange lag som var med og alle fekk premie. Fyrsteplassen fekk ein liten ekstra heider, det vil seie ein twistpose.

Eitt av laga var Katrine Solvang Rinden og Tuva Smalås Bergheim med på, og dei syntest rebusløpet var enkelt, og best av aktivitetane denne dagen.

– Eg går ein del på ski og mor mi drog meg med hit i dag, så det er litt tilfeldig at eg er her. Men eg likar opplegget her, sa Bergheim under ein av postane.

Vigdis Tøndel var ei av mødrene som hadde møtt opp denne dagen og som ville støtte opp om arbeidet til turlaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var fint å møte opp her og få eit spark bak. Eg kunne tenkt meg å gått litt meir på tur, så kanskje dette kan inspirere meg. Eg er her med dei tre barna mine; Ludvig på seks år, Peder på åtte og Sondre på elleve år, sa Tøndel.

– Eg er fornøgd med oppmøtet og det blei ein fin dag. Me er ikkje så mange medlemmar i turlaget endå og det viktigaste er at me kom i gang med noko. Trass i alt kom det ein del familiar, og det er me fornøgde med, sa Skålid.

Kraftprøve: Her er Ludvig Tøndel Solli på posten mjølkespannhalding på rebusløpet. Han greidde å halde dei oppe i eitt minutt og tjuge sekund.
Matpause: Her får Ylva og Ida Stimson grilla pølser i lompe av vert Inger Synnøve Fles Lie. Det gjekk ned på høgkant saman med kaker til dessert.
Vertar: Tokke turlags vertar. Frå venstre: Hilde Rinden, Elisabet Haagensen, Gry Skålid og Inger Synnøve Fles Lie. Dei er ikkje mange ennå i turlaget, men håpar at denne dagen skaffa dei fleire medlemmar. Håpet er at dei får medlemsinntekter etter kvart til å arrangere større ting i Tokke.
Kart og kompass: Ivrige ungar lærer kart og kompass av instruktør Elisabet Haagensen. Turen var tilrettelagt for barna og nokon tok det raskt. Det var 5 postar dei skulle innom på eit lite område. Ein må byrje i det små.