Trude Lundevall som eig Balanzera, med salongar i Oslo og Kviteseid, er årets nynorskbrukar.
Trude Lundevall som eig Balanzera, med salongar i Oslo og Kviteseid, er årets nynorskbrukar.

Trude frå Kviteseid får pris for å marknadsføre frisørkjeda på nynorsk

Dei to frisørkjedene Floke og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019. Dei får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.

– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i ei pressemelding. 

Kvar av prisvinnarane får 50 000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigar Trude Lundevall i Balanzera vart overraska då ho fekk nyheita.

– Det var utruleg moro å få denne prisen. Sidan eg starta opp Balanzera i 2008 har eg alltid vore bevisst på å bruke nynorsk som hovudmål når eg representerer salongen. Nynorsk er eit finare skriftspråk og det språket som kjennest mest naturleg for meg. Eg har alltid hatt nynorsk som hovudmål, og nytta sjølvsagt høvet til å bevisst kunne skilje meg ut blant dei mange salongane i Oslo, seier Lundevall.

Les også:Trude Lundevall frå Kviteseid har returnert heim. Med seg har ho det populære frisørkonseptet ho har drive i Oslo i ti år – Balanzera.

Bryt med språklege konvensjonar

Floke er den første helse- og miljøvenlege frisørkjeda i Noreg. Kjeden har salongar i Oslo, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Voss og på Åsane. Floke er sertifisert med det nordiske miljømerket «Grön Salong». Balanzera marknadsfører seg òg som miljø- og helsemedvitne, og har to salongar i Oslo og ein på Kviteseid. Begge vinnarane er sertifiserte Miljøfyrtårn og hadde Grøn Frisør-sertifisering frå Fagforbundet då den eksisterte.

Begge frisørgründerane nyttar nynorsk når dei kan i marknadsføring og kundekontakt. Dei er med på å gjere nynorsk synleg i så vel bokmålsdominerte stader som Bergen, Molde, Stavanger og Oslo som i nynorske kjerneområde i Vest-Telemark, Hordaland og Sogn og Fjordane. – Innsatsen desse gjer er viktig for nynorskbrukarane. Det bur nynorskbrukarar i alle kommunane i Noreg, men skriftspråket vårt er ikkje synleg over alt og på alle område. Innsatsen til desse frisørane er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar, seier Lodve Solholm.