Tysdagsavisa kjem på onsdag

Utfordringar med transporten gjer at papiravisa til Vest-Telemark blad ikkje kjem i postkassene i dag, tysdag. Men ho kjem onsdag.

Amedia Distribusjon AS som fraktar avisa frå trykkeriet i Larvik til postterminalen i Stokke melder at avisene ikkje har kome fram og at dette skuldast «problem med transport». Dei varslar at avisene blir levert i morgon, onsdag.

Det betyr at du må vente endå ein dag på sommaravisa til VTB. Det beklagar me. Avisa er på 64 sider med mykje godt lesestoff og mange annonsar. Avisa er tilgjengeleg som e-avis. Den finn du her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles minner me om at avisa frå og med neste veke og gjennom heile juli kjem éin dag i veka – i ei stor og fyldig torsdagsavis.