Diktaren: Tarjei Vesaas var godt vaksen då han skreiv sine mest kjente verk.

Tarjei Vesaas 125 år – gjennombrot, krig og modernisering – del 2

Etter gjennombrotet med romanen «Det store spelet» i 1934 byrja Vesaas å utfordre realistisk skrivemåte og fann fram til sitt særeigne og lyriske skrivespråk. Med verk som «Kimen», «Fuglane», «Brannen», «Is-slottet» og «Vindane» er han blant dei viktigaste forfattarane i Norden i åra 1940–1970.

Dette er andre av to delar som utgjer artikkelen om Tarjei Vesaas i høve jubileet. Har du ikkje lest del ein finn du den her. Teksten inneheld sitat frå kåseriet «Om skrivaren» av Tarjei Vesaas frå 1963, intervjuet «Møte med Tarjei Vesaas» publisert av NRK i 1965 og intervju med Guri, Olav og Hilde Vesaas gjort på Midtbø i sommar.

Kjente ein trong til å skrive om garden

Tarjei Vesaas hadde i mange år visst at han skulle skrive om garden, og alt livet der. Livet han sjølv takka nei til.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det måtte skrivast ein gong liksom, av meg, i den noko ugreie situasjonen som hadde laga seg for meg privat, eg som hadde gått ifrå den garden eg skulle teki imot. Skrive av seg eitkvart. Og som ei slags forklaring overfor mitt eige folk heime.» (Vesaas, 1963, «Om skrivaren»)

Romanen «Det store spelet» blei starta på Vesås i 1933, men ikkje fullført før nygifte Tarjei og Halldis var ferdig flytt inn på Midtbø sommaren 1934. Kanskje var det ein slik absolutt farvel til slektsgarden som måtte til. Oppveksten til Per i «Det store spelet» er ikkje ei direkte skildring av Tarjei sin eigen barndom, men det er likevel ifølge han sjølv: «sannare enn den klingande sanninga i eit nogrant referat ville vera» (Vesaas, 1963)

«Det store spelet» blei eit gjennombrot, med kjennelege skildringar av oppvekst og menneska sitt forhold til garden. Den vitalistiske preget kan minne om førebiletet Hamsun sin «Markens Grøde» frå 1917.

– Fleire har peika på «Det store spelet» som ein kommentar til «Markens Grøde», seier Olav. Han fortel at faren, som mange andre, slutte å lese Hamsun då krigen kom.

Held historiene ved like: Tarjei sine etterkommarar Guri, Olav og Hilde er ofte på Midtbø, og har sidan sommaren 2016 opna heimen for alle Vesaas-interesserte. Sundag blei fødselsdagen til Tarjei Vesaas feira her.

Kimen til krigen

Tarjei var 17 år då 1. verdskrig braut ut i 1914, og dei grufulle nyheitene prega han sterkt.

«Tanken på alle dei hundre tusen ungdomar som no om dagen måtte slutte å vera til. Det å få leva var sikkert deira høgste ønske. Og så stod ein sjølv med sine småsuter og jamra seg. Skam.» (Vesaas, 1963)

Angst for den nye storkrigen kom fram alt i Vesaas sitt skodespel «Ultimatum» frå 1934. «Kimen» frå 1940 blir rekna på som eit skilje mellom fyrste og andre delen av forfattarskapet. Skrivemåten er drastisk endra, eit tydeleg steg i moderne og symbolsk retning. Boka skildrar korleis brutalitet og villskap bryt ut blant menneska, men også anger og skuld over det som har skjedd i ettertid.

Under okkupasjonen skreiv diktarparet Tarjei og Halldis i skjul.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vi skreiv båe to. Skreiv og gøymde bort. År etter år.» (Vesaas, 1963)

Romanane «Bleikeplassen» og «Tårnet», som blei til på denne måten, låg gøymt i ei sink-kasse i skogen som berre Halldis og Tarjei visste om. Mot slutten av krigen skreiv Tarjei også «Huset i mørkret», ein allegori på Noreg under okkupasjonen. Den blei ferdig april 1945.

Kollegaene Tarjei og Halldis

– Ho blei godt tatt imot av bygda, og las dikt på 17. mai berre 14 dagar etter at ho kom til Midtbø, seier Olav og fortel korleis mora raskt fann seg til rette i Vinje.

Det var ei anna tid enn i dag, og nokon tenkte at det var på sin plass at Halldis sin forfattarskap no skulle smelte inn i ektemannen sitt. Slik blei det heldigvis ikkje.

– Halldis var bevisst på sin eigen karriere. Ho var ei kvinnesakskvinne, seier barnebarn Hilde Vesaas.

Likevel var ho glad i rolla som husmor, noko som kjem fram i diktsamlinga «Lykkelege hender» frå 1936.

Sjølv om Halldis og Tarjei hadde same virke, var det ikkje noko samarbeid undervegs i skriveprosessen.

– Dei viste ikkje fram kladdar og slikt, men når noko var ferdig var den andre den fyrste til å lesa. Dei var ærlege og kritiske til kvarandre, noko som nok kunne slå begge vegar, seier Olav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Halldis som hjelpte Tarjei finne fram til den frie diktforma han etter kvart tok i bruk.

«Ho gav meg å lesa eit diktutval av den finlands-svenske ulykkelege og geniale diktaren Edith Södergran. Det kan ikkje på nokon vis forklarast, den underlege verknad lesnaden hadde.» (Vesaas, 1963)

Fann seg til rette: Halldis Moren Vesaas blei godt tatt imot i bygda, her saman med ektemannen iført Vest-Telemark bunad.

Vidfarne foreldre

– Me fekk aldri høyre at me måtte vera stille, eller at me ikkje skulle forstyrre. Så skal det seiast at me forstyrra lite i utgangspunktet, seier Guri om oppveksten med diktarforeldre.

Halldis og Tarjei var mykje ute og reiste. Ungane har gode minne frå tida heime åleine på Midtbø saman med bonusmora Ragnhild.

– Folk spør mykje om det ikkje var fælt når mor og far va så mykje vekk. Sjølv om det var trist når dei reiste, hadde me det moro når Ragnhild var her. Ho var ung og fekk ofte besøk. Grannane kom meir innom for å helse og fortelje, seier Guri.

Likevel var det alltid stas å få foreldra heim att.

– Ein kunne høyre på stiget til far om han skulle gje oss noko godt. Det var liksom lett over golvet, minnast Guri.

Olav og Guri enda begge opp med å skrive sjølv, men det var av naturleg interesse heller enn press heimanfrå. Olav har arbeidd som journalist i NRK og skrive biografiar av begge foreldra. Guri har jobba som redaktør i Det Norske Samlaget, hovudsakleg med borne- og ungdomslitteratur. Ho har arbeida mykje med omsetjing av barnebøker til nynorsk, og dessutan omsetjing av foreldra sine verk til andre språk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arven etter far: Olav og Guri saman med far sin Tarjei Vesaas. Begge engasjerer seg sterkt i å vidareføre arven etter han.

«Den beste romanen som nokon gong er skrive»

«Fuglane» frå 1957 er eit av hovudverka til Vesaas. Forteljinga om den utanforståande karakteren Mattis og korleis han oppfattar verda trefte ein nerve hos lesarane. «Fuglane» får ofte plass i lister over Noregs litterære kanon, og er ifølge forfattar Karl Ove Knausgård «Den beste romanen som noen gang er skrevet». Romanen er omsett til ei rekke språk, og Guri er sentral i det pågåande arbeidet med nyomsetjingar.

Tarjei var lidenskapeleg oppteken av teater. «Fuglane» blei dramatisert fyrste gong i 1997 med Nils Sletta i rolla som Mattis. I høve jubileet kan ein i haust oppleve skodespelar Christian Ruud Kallum i hovudrolla på Det norske teateret i Oslo.

Seks år etter «Fuglane» kom romanen «Is-slottet» i 1963, som handlar om dei elleve år gamle jentene Unn og Siss. Teksten vekslar mellom det symbolske og realistiske på ein ubegripeleg men samstundes medrivande måte, og førte til at Vesaas i 1964 blei den fyrste norske forfattaren som fekk tildelt Nordisk råds litteraturpris. «Is-slottet» er også filmatisert og dramatisert.

Bøker av Vesaas har blitt bruka i mykje i skulen, noko som har resultert i eit uttal oppgåver frå vidaregåande og opp til doktorgradsnivå. På spørsmål om kva han synest om å lese slike oppgåver var svaret slik:

«Det kan vera både moro og det motsette. Det er artig å sjå så mangt dei kan finne ut av det, ting ein ikkje visste om sjølv og som ein ikkje er sikker på at er der heller. Men det fer ein vel la skure.» (Tarjei til NRK 1965)

Tusten: Christian Ruud Kallum i rolla som den folkekjære karakteren Mattis på Det Norske Teatret.

Nei til Grotten og St. Olavs Orden

Vesaas var oppteken av å hjelpe unge kunstnarar opp og fram og gav sjølv avkall på Statens æresløn, kommandørkorset av St. Olavs Orden og på Statens æresbustad, Grotten.

– Han syntest slike ting skulle gå til unge og framstormande kunstnarar som trong det. Når det gjaldt bustaden Grotten sa han at dei burde spørje nokon yngre. Han føreslo komponisten Arne Nordheim, og slik blei det, seier Olav.

Med midlane frå Nordisk Råds Litteraturpris oppretta han Tarjei Vesaas’ debutantpris, som blir delt ut til årets beste unge norske skjønnlitterære debutant. Legatet blei styrka med midlar frå Halldis, og blir administrert av Den norske Forfatterforeining. Eksempel på tidlegare vinnarar er Jan Erik Vold (1965), Lars Saabye Christensen (1976), Roy Jacobsen (1982), Carl Frode Tiller (2001), Helga Flatland (2010) og Zeshan Shakar (2017).

Artikkelen held fram under annonsen.

Mennesket har naud til å vera stae optimistar

Vesaas var for ein open haldning til resten av verda. Han var positiv til utforsking og utvikling, som til dømes når det gjaldt utbygging av Tokkeanlegget.

«Det har letta livsvilkår for ein mengde menneske, betre kår og betre husvære. I det heile letta arbeidet. Det synest eg blir tenkt reint for lite på dei som klagar over slik utbygging.» (Tarjei til NRK 1965)

Spesielt i kunsten synest han eksperimentering var viktig, og meinte at sjølv ting som verkar tullete og uforståeleg vil skilje ut noko med verdi og nytte.

Det siste verket til Vesaas var diktsamlinga «Liv ved straumen» som han sjølv ikkje rakk å sjå publisert i 1970. No over 50 år seinare er bøkene hans minst like populære og aktuelle som før.

Sjølv om han tok for seg dystre tema som krig, angst, depresjon og utanforskap, var Vesaas på mange måtar ein framtidsretta optimist.

«Det er så mykje trass i mennesket, og så mykje vilje og vit når det kniper. Om katten har ni liv, så trur eg menneskeslekti hev 18. Folk planlegger for lange framtider, heldigvis så gjer dei det. Mennesket har naud til å vera stae optimistar» (Tarjei til NRK 1965)

Kjelder:

«Om skrivaren», kåseri av Vesaas frå 1963 lest frå bind 1 av Tarjei Vesaas skrifter i samling.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Møte med Tarjei Vesaas», intervju med NRK journalist Mette Janson publisert i 1965.

Norsk Biografisk Leksikon Tarjei Vesaas

Tusen takk til Guri, Olav og Hilde Vesaas