Takk til Møyfrid prest

Me var samla til fest

på den finaste dagen

Artikkelen held fram under annonsen.

då du laut frå bygda vår dra.

Me hadde vel vona at du kunne bli her

og vere ein del av vårt lag.

Farvel, på vegen frå Kviteseid,

me takkar for alt du oss gav.

– -------

Du kom i frå vest

hit ein blømande sommar

Artikkelen held fram under annonsen.

og kjøpte din særmerkte bil.

På presten sitt tun der du stansa og spurde:

Kan dette ein heim for meg bli?

Du såg, kjæraste Møyfrid,

ei kyrkje med samling og liv.

– -------

Så fyltest gudshuset

med folk og med stemmer

Artikkelen held fram under annonsen.

for me vart i Møyfrid så glad.

På kyrkjekontor og i bygd fekk du vener

og følte at nynorsk var bra.

Du sa, kjæraste Møyfrid,

me skaper det liv me vil ha.

– -------

Me bad deg «velkomen»

i heimen til mange

Artikkelen held fram under annonsen.

når du kom til ulåste dør.

Der song du og delte ein nattverd med alle

som var kje så spreke som før.

Du gav, kjæraste Møyfrid,

ei gåve som mange ei tør.

– -------

Me minnest no Møyfrid

så vél denne dagen

Artikkelen held fram under annonsen.

då alle var pynta til fest.

Me hugsar di omsorg og gav deg ei gåve

og ynskte deg signing i vest.

Vår takk, kjæraste Møyfrid,

du var både solskin og prest.

– -------

Det var stort frammøte med nesten 200 i kyrkja og fullt på Misjonshuset ved avslutningsfesten sundag 7. januar. Mange fine gåver blei gjevne og mange sterke helsingar borne fram med takk til Møyfrid Lunde. M.a. av prost Asgeir Sele, ordførar Tarjei Draugedal, diakon Eilev Erikstein og repr. frå dei ymse forsamlingane i Kviteseid. Soknerådsleiar Marit Sørby leidde festen. (Melodi til songen: ‘Anna Lovinda’)

Olav Mosdøl

Artikkelen held fram under annonsen.