annonse

Synne Seltveit frå Rauland med premiere på «Fuglane» på Vinjehuset

Premiereklar mor og dotter
Premiereklar mor og dotter: – Det har vore stor stas å få lage filmen her, og det hadde ikkje vore mogleg utan all den hjelpa me har fått lokalt, sa Synne Seltveit og takka i tillegg mor Berit Hansen Seltveit som ein av dei viktigaste støttespelarane. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem)
Takksemd
Takksemd: I samtale etter filmen blei det uttrykt stor takksemd for hjelpa gjengen bak filmen «Fuglane» hadde fått av lokalt. F.v Signe Marie Kittelsaa, Synne Seltveit, Christian F. Schüssler, fotograf Rune Kongsro og Anders T. Andersen. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem)
Spent før framsyning:
Spent før framsyning: Synne Seltveit frå Rauland eig produksjonsselskapet Viper Film saman med Christian F. Schüssler, og står bak filmatiseringa «Fuglane». Saman med kultursjef i Vinje, Signe Marie Kittelsaa, venta dei i spenning på korleis filmen ville bli mottatt. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem)
Stolt mor:
Stolt mor: Berit Hansen Seltveit var spent på visninga og stolt av produsentdottera si, Synne Seltveit, medan Synne var takknemleg for alt mora hadde gjort for å hjelpe til. – Ein sterk film. Mattis i Anders T. Andresen sin skapnad rører noko ved ein. Han spela veldig godt. Og filmen kunne ikkje vore i fargar, det ville øydelagt alt saman, sa mor Seltveit. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem)
Rart og kjekt å sjå:
Rart og kjekt å sjå: Mari Kostveit (12) kom til førpremieren saman med bestefaren Halvor O. Kostveit. Dei var båe med som statistar, Mari som ei lita jente som mobbar Mattis, Halvor som det han sjølv kallar Mannen med ljåen. – Det var bra! Eg skjønte poenget på slutten. Det var litt vanskeleg i byrjinga, men etter kvart som han viste meir kjensler og frustrasjon, skjønte eg meir av korleis han hadde det. Og så var det moro å sjå seg sjølv som lita. Eg var berre åtte år då det blei filma, sa Mari. – Veldig bra, seier bestefar Halvor etter visninga. – Og det kunne ikkje vore i noko anna enn svart-kvitt. Eg hadde også Vesaas-foredraget frå i går i bakhovudet. Til saman blei det ei stor oppleving. Og skodespelarane, hovudrolleinnehavarane var så gode! Det er tydeleg at dette er folk som veit kva dei held på med. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem )
Vesaas-etterkommarane:
Vesaas-etterkommarane: – Dei bruka dramatikken i naturen veldig medvite. Åsane og vatnet, og fuglescenene. Til dømes slagsmålet mellom tranene, blei ein parallell til det Mattis slost med. Me såg ein uklipt versjon for halvanna år sidan. No var det blitt mykje strammare, sa Olav Vesaas, som såg si tredje «Fuglane»-framsyning i år. Han hadde fått med seg både Riksteateret og Nordland teater sine versjonar av romanen. – Anders viser veldig respekt for boka, meiner Olav Vesaas. Guri Vesaas meinte inntrykket var for ferskt til at ho ville meine noko. Og det er kanskje ikkje så rart. Dei to kjenner forfattarskapen og romanen tettare enn nokon andre. (Foto: Elisabeth Hagen Kvalem)
Om att og om att:
Om att og om att: Svein Kostveit var ein av slåttekarane i filmen «Fuglane» og fortel at det var moro å vere med. – Me var på eit jorde og sette opp hesje og tok ho ned att, sette ho opp og tok ho ned att, fortalde han. – Eg spela ikkje nokon sympatisk person, akkurat, eg spela ein av dei som mobba Mattis.

+ – Me hadde aldri fått til dette, om det ikkje var for den positive haldninga og all hjelpa me fekk får folk her i Vinje, sa produsent Synne Seltveit og Anders T. Andersen, regissør og Mattis-tolkar, under førpremieren på «Fuglane» av Tarjei Vesaas.

  • Elisabeth Hagen Kvalem


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse