Talent: Symre Taugbøl Bang (17) og Sonja Bakken Braun (20) har båe deltatt i kvar einaste UKM sidan dei var ti.

Symre og Sonja er UKM-veteranar

Både Symre Taugbøl Bang (17) og Sonja Bakken Braun (19) har vore med i UKM sidan dei var 10 år.

Det er den nedre aldersgrensa for å vera med i UKM (tidlegare kjent som Ungdomens kulturmønstring, nå Ung Kultur Møtest). No blir Sonja 20 og dermed har ho nådd den øvre aldersgrensa. Teiknaren frå Kviteseid fekk blomar som takk for UKM-innsatsen då lokalmønstringa for Seljord og Kviteseid blei arrangert onsdag.

– Teikning er ikkje ein del av diverse talentshow, men i UKM får eg moglegheit til å vise fram arbeida mine. Det har vore midt i blinken for meg, seier den talentfulle kviteseidjenta som for tida tar eit årsstudium i teikning og bilde på Universitetet i Sør-Aust Noreg på Notodden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skriv eigne låtar

– Eg må prøve å nå ti år i UKM eg også, smiler Symre Taugbøl Bang som i år deltok for åttande gong.

Morgedølen som fyller 18 i år går andre året på musikklina i Skien. Ho er alt er ein erfaren musikar, og dei frammøtte på Granvin fekk mellom anna høyre hennar eigenskrivne songar.

– Dette er ein trygg arena å teste ut nytt material, seier Symre, som framførte tre songar onsdag. Mellom låtane nytta ho høvet til å skryte av UKM som arena for unge.

Nyleg stod ho på scena under fylkesamanslåingsfesten for Vestfold og Telemark, mellom anna saman med ein annan solist frå Vest-Telemark, nemleg Ingebjørg Bratland. Nyleg kom ho på andreplass i Imagine – ein nasjonal konkurranse for unge musikkutøvarar i alderen 17-21 år.

Vidare

Både Symre (med songen «Et sted en liten stund») og Sonja (tre teikningar) gjekk vidare frå lokalmønstringa.

Vidare gjekk også Sindre Groven, og Seljord-banda Toxic Thorns (Bård Valhovd, 15 år, gitar/vokal, Eskil Skindalen, 16 år, gitar, Johannes Rønjom-Rue, 16 år, trommer, Viljar Våge Lia, 15 år, bass), The Earthapples og The EarthAndroids (båe med Bjørn Halvor Bjørge, 17 år, el-gitar, Eivind Skoland Rue, 16 år, trommer, Herman Hogstad Sveinsson, 16 år, piano, Selma Nenseter Jensen, 16 år, vokal/bass, Tarjei Sivertsen, 17 år, bass).

Fylkesfinalen i Telemark er på Ælvespeilet i Porsgrunn 17. til 19. april.

Les også
Sjå bilde og video frå UKM Seljord og Kviteseid