Løve: I Midtausten vart den majestetiske og virile hannløva tidleg brukt som eit symbol på herskaren. I gamal kristen symbolikk skulle den skremme bort vonde krefter. I stavkyrkjer er løva også eit symbol på Kristus. Hjerleid-elev Amund Flaten Svisdal var ein av fleire som gav jernet for Neslandportalen.

Symbolikk

Det fyrste som møter oss når vi går inn i ei stavkyrkje, er ein portal. Ofte er den reine praktverket. Mange av dei bevarte stavkyrkjene har ein utskoren portal med drakar, slangar og ranker rundt døropninga.

Allereie i norrøn tid (700–1350) vart døra sett på som overgangen frå det vonde til det heilage og gode. Kyrkjeportalane markerer difor skiftet mellom det jordiske og det himmelske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit særtrekk ved Neslandportalen er dei bibelske motiva. Sidan den er så atypisk, kan den vera laga av utlendingar, og mest truleg høyrer den til den romanske stilen, som er ein epoke i europeisk mellomalder (1000–1200). Av dei bevarte portalane laga i tre er Neslandportalen og portalen til Hemsedal stavkyrkje dei einaste med bibelske motiv.

Dei som har gått på søndagskule, kjenner att dei seks motiva på den venstre vangen til Neslandportalen. Sveipt i eit diamantmønster er dei nokså dramatiske. Enkelte viser kor ille det kan gå dersom du blir ståande på utsida av kyrkja.

Høgre vange er dekt av planter (vinranker) som symbol på Guds velsigning og frelse. Men føresetnaden er at du tek steget inn i kyrkja. Difor opnar ein døra på høgre side, og den slår innover.

På kapitela, øvste delen av vangane, har Neslandportalen løver. I Midtausten vart den majestetiske og virile hannløva tidleg brukt som symbol på herskaren. I gamal kristen symbolikk skulle den skremme bort vonde krefter. I stavkyrkjer er løva også eit symbol på Kristus.

Bogen over Botnedalsdøra er gått tapt. Difor har treskjerarane laga ein ny som er inspirert av ei sidedør til Heddal stavkyrkje.

Kjelder:

Anders Kvåle Rue, teiknar og illustratør.

Kristine Ødeby Haugan, master i arkeologi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lisbeth Hag, master i kunsthistorie.

Les også
Neslandportalen: Ein dåm av mellomalder