– Det er nok litt meir folk i Seoul enn i Haukeli, ja, ler Aslaug Stormo (19).
– Det er nok litt meir folk i Seoul enn i Haukeli, ja, ler Aslaug Stormo (19).

Student-destinasjon: Sør-Korea

9. september byrjar ein heilt ny kvardag for Haukelijenta, Aslaug Stormo (19). Då er ho ei av nesten 30 000 studentar som møter opp på Korea University i Seoul. Der skal ho studere koreansk språk.

– Korleis har du det no, berre få dagar før du set deg på flyet?

– Bra!

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret kjem kjapt saman med eit stort smil.

– Og kva seier foreldra dine til du skal reise ...?

– Dei gruar seg, ler ho.

Her, på Korea University i Seoul, skal haukeli-jenta vera elev i lag med 30 000 andre studentar det neste året.
Her, på Korea University i Seoul, skal haukeli-jenta vera elev i lag med 30 000 andre studentar det neste året.

– Men eg lokkar med at dei kan koma på besøk då.

Fargerik verd

Me må gå nokon år tilbake for å finne bakgrunnen for dette litt utradisjonelle studievalet.

– Det heile byrja med at eg i ungdomsskulen blei fasinert av Anime og koreansk musikk, fortel Aslaug.

Anime er ei forkorting for «animation», og er ei nemning på asiatiske teikneseriar, som har ein særeigen og fargerik teiknestil. Dei mest populære seriane blir seld i millionopplag kvar veke.

– Interessa blei forsterka då eg i 2017–2018 gjekk på lina «K-pop» ved Hadeland folkehøgskule. Der lærte eg koreansk, og studerte koreansk drama, dans og musikk, fortel Aslaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

K-pop er ei fellesnemning for koreansk popmusikk. Eit døme som mange kanskje kan kjenne att er landeplaga frå 2012, «Gangnam Style», av den sørkoreanske rapparen PSY.

– Du er ikkje heilt A4?

Ho ler igjen.

– Nei, eg er ikkje det. Eg er ikkje redd for å gå eigne vegar.

I mai søkte ho seg inn på universitetet og i juni fekk ho positivt svar frå storbyen i aust.

– Eg hadde ikkje søkt meg inn på nokon andre studiar, og blei veldig glad då svaret kom.

Ho har alltid sett for seg å studere i utlandet:

– Men det var nok ikkje i Sør-Korea eg trudde eg skulle hamne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor hadde ho ein studietur til Sør-Korea saman med folkehøgskulen.

– Så du er litt kjend der?

– Ja, så kjend ein kan bli med å vera der i seks dagar, ler ho.

Seoul er hovudstaden i Sør-Korea, og har 9,8 millionar innbyggjarar. Sør-Korea har gått frå å vera eit fattig, krigsherja land til i dag å bli rekna som eit høginntektsland.

I Seoul skal Haukelijenta bu i fellesskap med fleire andre studentar. Kva blir så den største overgangen å flytte frå Haukeli til Sør-Korea, trur ho?

– Folkemengda. Og berre det å bu i ein storby.

Ho tenkjer litt og smiler.

– Eg som syns at Notodden er ein passe stor by, liksom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva andre interesser har du?

Ho smiler.

– Ikkje så veldig mange. Eg har liksom funne mi greie. Men eg likar å lære. Det er spennande å lære om andres kultur og andre menneske.

Ho ser for seg å reise litt i Asia når ho fyrst er på dei kantar.

– Eg har ein ven som skal studere i Japan. Han skal eg besøke i løpet av året. Det er faktisk berre to timars flyreise frå Seoul.

– Korleis trur du studentlivet blir?

– Det blir bra, men spennande å sjå korleis studieopplegget er, seier ho.

Fyrste eksamen er alt i november. Null stress, om ein tolkar Aslaug rett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal nok gå fint, det.

Noko for kvar ein sans

Koreanarar er veldig høflege, fortel Aslaug.

– Dei bukkar og helsar, og er svært hjelpsame og serviceinnstilte. Då eg var der i fjor så var eg uheldig og velta noko i ein butikk. Då kom ein av dei tilsette springande og fiksa opp. Eg fekk på ingen måte lov å ordne opp i det sjølv.

– Kva ser du mest fram til dette året?

– Å, det er maten, det.

Stort smil.

– Eg likar å smake nye rettar, men noko kan vera veldig sterkt.

Aslaug sperrar opp augo og dreg pusten for å understreke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om maten i Korea er rimeleg, må ho nok stort sett lage maten sjølv.

– Eg kan nok ikkje leve på restaurantmat, nei.

Ein annan ting ho også ser fram til er å gå på konsertar.

Yndlingsbandet er koreanske A.C.E., og dei har Aslaug sett live både i England og Stockholm. Det er sjeldan koreanske band opptrer i Noreg, men det var eit unntak no i juni, då fleire koreanske idol kom til Oslo og hadde gratiskonsert.

– Og yndlingsbandet spela?

– Å ja, utbryt ho med stjerner i blikket.

Langstidsopphald

Korea har fire årstider, med iskalde vintrar og svært varme somrar der regntida dominerer frå juni til august. Aslaug ser ut vindauget, og med væta som har vore her heime i det siste kan me vel seie at ho reiser frå ei regntid til ei anna …

Den komande Korea-studenten ser for seg at ho blir i Aust-Asia i tre-fire år framover.

– Og det har du fortalt til familien din, eller?

– Å jadå, ler ho.

I tillegg til sommararbeid hjå Spar Haukeli og i helsevesenet i kommunen, har ho bruka den siste tida på å førebu flyttinga med naudsynte papir og vaksinar.

Open for alt

Ho kjenner fleire som studerer rundt om i verda.

– Kva reaksjonar fekk du frå vener og kjende om valet ditt?

– At dei er glade på mine vegne, men eg kjem nok til å sakne familien min.

– Kva driv du med om 10 år?

– Nei, det veit eg ikkje, men eg har kanskje funne meg ein jobb då.

Og der ser ho ingen avgrensingar, heile verda kan vera ein aktuell arbeidsplass.

– Du er uredd?

– Ja, det er eg.

Ho smiler.

– Eg er open for alt, og tek det som det kjem.

redaksjon@vtb.no